Om oss

Bygdabladhistorie - Klikk for stort bilete Bygdabladhistorie Jardar Havikbotn

Bokn Bygdablad er eit partipolitisk nøytralt bygdeblad. Det er eit kontakt- og informasjonsorgan mellom kommunen, bygdefolket og utflytta boknarar, der det er plass for meiningsytringar og fri drøfting.

Publisert av Jardar Havikbotn. Sist endra 05.06.2015

Bladet blir utgitt av Bokn kommune, og har som mål å verna og styrka samhaldet, identiteten og den lokale kulturarven samt at det med sakleg og allsidig informasjon er eit vindu ut frå kommunen. 

Bokn Bygdablad kjem ut 10 gonger i året og har for tida eit opplag på 570. Bladet er inne i sin 28. årgang, og blir laga på kulturkontoret.

Med små ressurser er me avhengige av frivillige medarbeidarar ute på bygda for å få eit variert og interessant blad.

Redaktøransvar
Bygdabladet er redigert på uavhengig grunnlag, etter prinsippa som er nedfelte i Redaktørplakaten , og på norske mediers etiske normer slik dei er uttrykte i Vær Varsom-plakaten , og Tekstreklameplakaten .

Ansvarleg redaktør står etisk og rettsleg ansvarleg for det redigerte innhaldet, overfor medienes selvjustis (Pressens Faglige Utvalg) og overfor lov og domstol. Dersom nokon reagerer på innhaldet blir dei oppfordra til å ta kontakt med ansvarleg redaktør.

Bygdabladnemnd
Nemnda er ei fagnemnd som skal trekka opp dei redaksjonelle linjene i bladet saman med redaktøren og eventuelle medarbeidarar. Nemnda har møte med redaktøren etter behov, og diskuterer innhaldet og hjelper redaktøren med stoff og tips. Dei tre medlemmene blir valde av kommunestyret og fylgjer valperioden på fire år.

Nemnda består av Elisabet Taraldlien, Hanne Marte Vatnaland og Kjetil Hamre.