Optimistisk butikksjef

- Målet er sjølvsagt å få oppgradert den viktige nærbutikken i Føresvik , smiler butikksjef Lars Hetland. 

Sist endra 15.12.2015

Då ville forretningen blitt større og kundane ville fått fleire varer å velja mellom. Coop-kjeden har som kjent fleire butikktypar og Coop Marknad Bokn har i dag varesortimentet sitt fordelt på 250 m2. Med framtidig befolkningsauke i Bokn er det ikkje urealistisk å tenka at gamle Bokn Handelslag skal få den nødvendige auken.

- Coop Sørvest har sagt at dei vil satsa på butikken. Dei vil at han skal vera oppe og gå og driva han godt, fortel 40-åringen frå Skjoldastraumen, busett på Karmøy.

Mat, leiing og folk

Lars Hetland, som snart har vore leiar av Coop Marked Bokn i fem månader, er både pølsemakar, butikkslaktar og kokk. Ein del av yrkeserfaringa si har han frå Slakter Haaland i Haugesund, kor han også overtok drifta etter dødsfallet til innehavaren. I seks år dreiv han den kjende forretningen i Haraldsgata. Han har også vore med og drive ICA Maxi i sildabyen. Kokkekunst har han fått praktisert offshore og på Kårstø. Stikkorda er mat, leiing og folk.

Spør - ikkje irriter deg

Butikksjefen trivst godt med folk og set pris på alle dei kjekke kundane og kollegaene på Bokn. Han blir ekstra glad viss folk kjem til han eller andre i personalet og spør om t.d. ein vare dei ikkje finn.

- Dersom det er tomt for enkelte varer skal det finnast eit alternativ - opptil fleire like produkt. Det kan også vera at varen er på lager her, så ein bør spørja personalet, seier han. Dette er nemleg ofte såkalla tørrvarer som dei nå, pga. logistikkomlegging i Coop Sørvest SA, får ein gong i veka, mot tidlegare to gonger i veka. Det kan vera ei utfordring å få varene tidsnok ut i hyllene.

- Me bestiller sjølvsagt viss kundane ikkje finn varen. Spør - ikkje irriter deg, det er ikkje bra for verken deg eller meg, meiner skjoldabuen, som registrerer at kundemassen har gått litt ned.

20. desember har butikken sundagsope kl. 14 - 18. Butikksjefen lovar overraskingar.

I desemberutgåva av Bokn Bygdablad kan du m.a. lesa meir om påstått styrt avvikling av butikken, prisar, drivstoff og lojale kunder.