Kulturprisen 2015

På Luciafesten 13. desember fekk Janne Elin Vatnaland Bokn kommune sin kulturpris 2015. 

Her er formannskapet si grunngjeving:

Bokn kommune sin kulturpris 2015 går til Janne Elin Vatnaland. Ho får prisen for å vera eit forbilde for boknarar og andre innan fysisk aktivitet, med fokus på idrett og løping -  ein ispirator i folkehelsearbeid. Prisvinnaren var med og grunnla løpet Bokn OppNed i 2011 og har vore med på fellestreningar om somrane for boknarar som ynskjer å prøva løping.

Janne Elin Vatnaland har hatt ei drivande utvikling gjennom seks år og er blant dei beste i Noreg i si idrettsgrein. Langdistanseløparen er eit svært godt døme på at ein kan nå langt med å driva på hobbybasis, og at allsidigheit er eit av suksesskriteriane for å halda seg skadefri og oppleva idrettsglede, men å samtidig prestera på eit høgt nivå.

I tillegg til alltid å vera ein smilande deltakar og god ambassadør for idrett og Bokn, er ho også som engasjert tilskodar ein motivator for andre deltakarar.

Etsning

Prisen er bildet «Fjord» av kunstnaren Kristian Finborud, født i Porsgrunn, busett på Voss. Han har hatt ei lang rekke utstillingar over heile landet sidan 1988. Motiva til kunstnaren beveger seg frå høgfjellet til strandsonen. I det store spennet mellom himmel og hav plasserer han figurane sine og så ser han kva som skjer.

Teknikken heiter etsning, som iflg. kunstnaren er originalgrafikk. Motivet blir etsa ned i ei metallplate og fargen blir gnidd inn i plata og trykka under stort press over på eit fuktig papir. For kvart eksemplar blir fargen sett inn på nytt. Framstillinga av plata og kvart enkelt trykk er ein tidkrevande prosess. Det blir ikkje brukt datautstyr i framstillinga og det blir ikkje trykt meir enn 55 eksemplar av kvart motiv.

Bygdabladet gratulerer med kulturprisen og ynskjer lykke til vidare!