Kjekt på peparkake-Bokn!

Så er tida inne for kjekt på pepparkakeBokn-konkurransen igjen! Vil du vera med, så blir du med! Alle som vil kan sjølvsagt vera med!

 

Du kan delta som:

· Enkeltperson (sjølv om det er kjekkare med fleire)
· Par (foreldrepar, kjærestepar, venner eller søsken)· Familiar
· Grupper (skuleklassar, strikkeklubb, sykkelklubb etc)

Dei fine tinga de lagar skal stillast ut i servicetorget

Lag det du vil:

Ditt hus, andres hus, fantasihus, bruer, Boknafjellet, båtar, gardar, skulen, kyrkja, fyrlykt, ferjå, naust, butikken, slottet, kommunehuset… bare fantasien set grenser!

Me utfordrar alle til å vera med og laga julestemning i servicetorget! Og det er premiar til vinnarane av alle fire gruppene, dersom det er deltakarar i alle. Bli med og la den gode pepparkakelukta breie seg ut over Bokn!

Kunstverka som de lagar kan leverast inn an torsdag 10. desember. Ein vinnar vil bli kåra ut i frå det vi meinar er mest kreativt og best baka!

Alle 4 vinnarane blir kåra 13. desember på luciafesten på Bokn skule.

Viss de vil ha bakverka dykkar må de komma og henta dei seinast 18. desember, ellers et me dei opp.  Viss de ikkje hentar dei blir dei med på pepparkakehusknusedagen som er den 21. desember i år.

Så nå må alle pepparkakehusbakarar på Bokn finne fram bakebolla og baka!

Håpar du vil baka!

Helsing

Pepparkakevokterane i servicetroget