Juleglede!

Samarbeidet mellom Boknakoret og tysværkoret Aksang har bore frukter. Det var god julestemning og smittande formidlingsglede på Bokn skule då Boknakoret, Aksang og kulturskuleelevar frå Tysvær og Bokn inviterte til juleførestilling 2. sundag i advent. 

Det var Inger Tønnesen frå Tysvær kulturskule som hadde laga forteljinga, som var bygd opp rundt juleevangeliet, juleglede, å vera snill og grei og å ha det godt saman. Ho og kollega Christina Sørensen hadde instruert ein gjeng unge raud– og blånissar frå dramagruppa i Tysvær kulturskule. Dei hadde ein dyktig songsolist i Victoria Vindenes Revheim som song «Vi Tenner Våre Lykter» I tillegg hadde Bokn med to flinke songsolistar på fleire songar i Synne Jøsang og Marielle Alvestad.

Variert

Utan daudpunkt veksla førestillinga mellom ungane på scenen og det 34 stk. store koret nede i salen. Fin solistprestasjon frå Gunnar Solberg i «Long December Night».

Musikarane hadde også tatt plass framfor scenen, likevel var det plass til 205 betalande tilhøyrarar. Bak i salen satt Odd Arild Larsen bak mixebordet. Mannen som har laga godlyd i Radio102 i ei årrekke, gjorde det også i gymsalen denne adventskvelden - fantastisk var det!

Og når alle koristane hadde kvar sin mikrofon og våga å synga ut, blei resultatet bra. Spesielt «En Stjerne Skinner I Natt» og Negro spiritual/gospellåtane «Go, Tell It On The Mountain» og «Get Together» var glimrande. Sistnemnde blei også framført som ekstranummer.

Fruktbart samarbeid

Samarbeidet mellom Aksang og Boknakoret i haust har bore frukter. Klangen og balansen mellom dei ulike stemmene var svært bra. God artikulasjon og presisjon var også absolutt til stades, spesielt då samtlege koristar berre konsentrerte seg om å følga bevegelsane og mimikken (les utstrålinga) til dirigent Anne Tove Øvrebø - og ingen av dei som hadde noter/tekst gløtta ned i desse. Her lå nemleg mykje av løyndomen bak kvaliteten på dei ulike musikkstykkene. Anne Tove utstrålte musikkglede og energi. Dette smitta over på koret, som igjen smitta over på publikum.

Underlag og krydder

Og så må me ikkje gløyma dei eminente og rutinerte musikarane. Her hadde dei plukka frå øvste hylle. Lars J. Liknes (tangentar), Jostein Hustveit (trommer) og Frode Hammersland (bass) både akkompagnerte aktørane og krydra musikken på ein delikat måte, med fokus på kommunikasjon og støtte til det som skjedde rundt dei. Den fine dynamikken i «Mary’s Boy Child» var eit godt døme på dette.                                     

Solistar

gjer seg alltid på konsert. Vår eigen Gunnar Solberg stod for ein fin prestasjon då han song solo på «Long December Night». Det håpar me han gjer fleire gonger.               

Lokal versjon av souldronninga Aretha Franklin: Ine Kleiveland. Ine Kleiveland var innleigd til dette prosjektet. Ivrige Idol-sjåarar har kanskje sett henne på TV, der ho har vore med to gonger. Dama med soul-stemma var naturleg nok solist på nemnde  «Go, Tell It On The Mountain» og «Get Together». Ho hadde ikkje sunge mange taktane før underteikna fekk assosiasjonar til soul-dronninga Aretha Franklin. Den  mangeårige songlæraren hennar, Aksang-dirigent Frode Lindanger (som på konserten sat bak med lysmixaren),  er svært einig i desse assosiasjonane. Frode er også arrangøren bak «Oh Holy Night», også med Kleiveland som solist. Den artige vrien på den tradisjonelle songen klang godt i underteikna sine øyrer. Ine Kleiveland har, forutan den spesielle stemma,  svært god timing og innleving. Songteknisk er ho også kome eit godt stykke og ho hadde fleire «wow-augneblink» i framføringane sine.  Ho heldt likevel litt igjen og har meir å gå på. Me håpar å få oppleva henne fleire gonger.

Flinke barn

Ungane på scenen levde seg godt inn i rollene, og fekk besøk av både nissen og ein ekte politimann med politibamsen Eddy. Tilhøyrarane lo og koste seg skikkeleg i ein utvida versjon av klassikaren «På Låven Sitter Nissen».

Fortent ros til dirigent Anne Tove Øvrebø, for ei glimrande og energisk korleiing. Den hyggelege førjulstimen gjekk veldig fort. Med det varierte og fine familieprogrammet hadde me glatt tatt i mot ein halv time til.

Begge kordirigentane seier dei set stor pris på samarbeidet - at dei med å vera fleire får betre kontinuitet, har fleire mulegheiter og får ting lettare til. Det hjelper også godt på at både Anne Tove Øvrebø og Frode Lindanger har arbeidsplassane sine på Bokn skule. Det er ikkje overraskande at det allereie går rykter om nytt prosjekt til våren. Gled dykk!