Bokns fortid – ei gåve for framtida

Omslagsbilde, kultursoga, band 1. Ida Kristin Vollum - Vestfoto

Endeleg er ho her – 900 sider boknahistorie! Diverre vinn me ikkje å binda bøkene inn før jul, men det blir laga gåvekort slik at de kan kjøpa boka forskotsvis. 

FORSATS KULTURSOGA, BAND 1: Bryllaupsfylgje i 1928 i Føresvik til Anna og Kristoffer Håland.

AV BIRGER LINDANGER

For 13-14 år sidan kom dei to fyrste banda av historia om Bokn. I dei møter du einskildmenneske, einskildfamiliar og einskildgardar, men anar samstundes konturane av heile bygdesamfunnet. I desse to siste banda samlar me trådane og fangar opp summen av handlingar i bygda og fylgjer utviklingslinene frå dei eldste tidene fram til de eiga stove.

For om lag 10.000 år sidan låg ein av dei eldste buplassane i landet på Ogn, korfor det? For  tusen år sidan fekk Erling Skjalgsson kløyvd skallen sin ved Are – koss var det på Bokn då? Koss var det å vera boknar i mellomalderen – og kva gjorde Svartedauden med bygda?  På 1600-talet blei to kvinner frå Bokn brende som hekser – korfor det? Koss gjekk det til då Bokn blei eigen kommune og korfor greidde både kommunen og boknarane seg så mykje betre gjennom krisetida i 1920- og -30-åra enn andre haugalandskommunar? Så kom krigen og festninga i Klepp – kva gjorde dette med Bokn? Og kva var det å leva av då silda forsvann sist i 1950-åra? Politikken var prega av ein evinneleg krangel om kvar vegar, brygger, skular, kombibygg og fleirbrukshall skulle leggjast – korfor det?

Uendeleg mange bitar laut vevast saman for å danna eit bilete. Frå fyrst av trudde me boknasoga kunne rommast innan to på permar og kring 450 sider – me enda opp med det doble! Me hadde håpa å få gitt ut boka i 2013, det blei i 2015! To band kostar dobbelt så mykje arbeid som ei. I utgangspunktet hadde me tenkte oss at det  heldt med eit par årsverk – det blei meir!

For at du lettare skal finna fram, har me laga register, tabellar, kart og grafiske framstillingar. Og eit halvt tusen bilete er på sitt vis vindauge mot fortida. God tur inn i vår felles fortid. 

Gled dei du er glad i med eit gåvekort på bygdeboka. For 1000 kroner får du kring 900 sider spennande lesestoff – bare drygt ei krone sida! Dette er ei gåve både til å få vit av!