Kunngjering

Kommunevåpen, Bokn kommune og Karmøy kommune - Klikk for stort bilete

Handsamingsavtale på bygge-, delings- og plansaker mellom Bokn kommune og Karmøy kommune.

Publisert av Jardar Havikbotn. Sist endra 23.11.2017

Bokn kommune har med verknad frå 1. september 2017 gjort avtale om at Karmøy kommune tek over all handsaming av nye bygge-, delings- og plansaker. Saker og andre dokument, knytt til desse, skal sendast til Karmøy.

Spørsmål skal stillast til servicetorget eller til aktuell sakshandsamar i Karmøy. Utlevering av kart, nabolister og anna blir og gjort frå Karmøy.

 
Besøksadresse: Servicetorget
  Rådhuset i Kopervik
  Statsråd Vinjesgate 25
   
Postadresse:  Karmøy kommune
  Postboks 167
  4291 Kopervik 
   
E-post:   boknmottak@bokn.kommune.no
   
Telefon: Sentralbord:    52857500
  Servicetorg:    52857510

          

Kåre Bua
teknisk sjef

Bokn_Karmøy.jpg

Karmøy kommune har laga ei startside for deg/dykk som skal sende byggesøknadar. Her finn ein rettleiingar, skjema og informasjon ein treng innan ein eventuelt tek kontakt med sørvistorget i Karmøy. Sida finn ein her

Login for redigering