Vassverket

Bokn vassverk 13.11.17 - Klikk for stort bilete Kjell Arne Valentinsen  Her er siste nytt frå Bokn vassverk. 

Publisert av Jardar Havikbotn. Sist endra 14.11.2017

Elementa begynner å komma på plass på Bokn vassverk. - Klikk for stort bileteElementa begynner å komma på plass på Bokn vassverk. Kjell Arne Valentinsen

Av Kjell Arne Valentinsen


Me har brukt mykje tid og energi med å få løyve frå Statens vegvesen til å køyra kranbil og element opp til Vaulen. Etter mykje fram og tilbake fekk me dispensasjon. Dessverre blei leverandøren nødt til å dela opp lasta. Dette gjaldt også arbeidet på Grieg Seafood. Det ser ut til at me får sett opp elementa i løpet av dagen i dag (minus to takelement).

Framdriftsplan

Taktekkar skal starta arbeidet i morgen, 15. nov. - vérforbehold. I løpet av neste veke vil ein forsøka å få ferdigstilt golvet.

Når golvet er støypt og herda, skal tankane, som står lagra på p-plass v/kyrkja, hentast. Dei blir då heiste på plass Det same blir dei to siste takelementa.

Etter at bygget er tett, vil ein begynna å mala/støvbinda betongveggar og golv.

Arbeidet inne i bygget kjem eg tilbake til.

Kjell Arne Valentinsen
Drift- og eiendomssjef
Login for redigering