Lev no!

Lattermilde deltakarar frå Bokn samt hovudpersonen sjølv - Ingvard Wilhelmsen. - Klikk for stort bilete

Fagforbundet Rogaland inviterte i haust til foredrag med Ingvard Wilhelmsen der tittelen på foredraget var intet mindre enn ei konstatering av at «Livet er eit usikkert prosjekt». 

Bilde: Lattermilde deltakarar frå Bokn samt hovudpersonen sjølv - Ingvard Wilhelmsen.

Publisert av Jardar Havikbotn. Sist endra 08.11.2017

Av Anne E. Askeland

I samarbeid med Bokn kommune vart alle ansatte i kommunen inviterte til å delta. I samla flokk reiste 30 ansatte sørover med buss for å la seg inspirere til aktivt å ikkje lenger ta sorgene på forskudd og til ikkje å bruke tid på det ein likevel ikkje kan gjere noko med. Ein fullsatt sal var enige med Wilhelmsem i at det ikkje finst ein einaste god grunn til å ta sorger på forskudd. Så var det berre det å leve etter dette prinsippet då…. Vi får øve på å starte med oss sjølve.

Ein fullsatt sal i Folkets Hus, Stavanger lo så stolane rista, sjølv når temaet angst og død vart bragt på bane. Wilhelmsen si evne til å ta tak i alvorlege tema på ein svært humoristisk måte som gjev ettertanke, er unik. I oktober 2018 kjem han til Bokn; gled dykk!

Ingvard Wilhelmsen er ein norsk lege og professor med hypokondri som spesialfelt. Wilhelmsen tok medisinsk embetseksamen ved Universitetet i Bergen i 1976. Han er spesialist i indremedisin, fordøyelsessjukdommar og psykiatri. Han har arbeidd som overlege ved konsulttjenesten Psykiatrisk Klinikk, Haukeland Sykehus. Han har sidan 1995 drive Noregs einaste klinikk for hypokondarar. Klinikken er ein liten seksjon av Medisinsk Poliklinikk ved Haraldsplass Diakonale Sykehus i Bergen. Wilhelmsen har i fleire periodar vore med i styret i Norsk Forening for Kognitiv Terapi og er medlem av Academy of Cognitive Therapy. Han er mykje brukt som foredragshaldar i faglege og andre fora.

Frå 2005 har han blant arbeida med å finne ut kvifor norske arbeidstakarar har så stort sjukefråvær. Han har også skrive fleire bøker:

· 2011: Det er ikke mer synd på deg enn andre
· 2006: Kongen anbefaler – holdninger for folket
· 2004: Sjef i eget liv – en bok om kognitiv terapi
· 2000: Livet er et usikkert prosjekt
· 1997: Hypokondri og kognitiv terapi

Login for redigering