Kommunalt vatn

Vasskrane - Klikk for stort bilete Informasjon til dei som mottar kommunalt vatn. 

Publisert av Jardar Havikbotn. Sist endra 02.11.2017
Av Kjell Arne Valentinsen 


Fleire bebuarar i Bokn kommune har i det siste opplevd farge på det kommunale vatnet.

Dette har to årsaker:

  1. Det er den tida på året då råvatnet begynner å få omveltning, dvs. at vasslaga flyttar på seg.Dette fører til at det blir meir grums i råvatnet.
  2. Filtera blir tetta raskare. Eit tett filter hindrar ikkje vatnet å strøyma gjennom, men det som skjer er at vatnet drar meir grums/humus-stoff med seg ut på nettet.

Vatnet er rensa og UV-behandla, dvs. at det er like trygt å drikka som før. Bakdelen er at det ikkje ser særleg innbydande ut.

Tiltak

  • Me har bestilt ny filtermasse og vil skifta ut denne i løpet av neste veke.
  • Me har planar om å køyra pluggar gjennom vassleidningane våre, for å fjerna smuss som har lagt seg i røyra.

Vatnet vil då bli borte i korte periodar. Det blir lagt ut informasjon når tidspunktet for rensing blir klart.

Spørsmål, kontakt underteikna.

Mvh.

Kjell Arne Valentinsen
Drifts- og Eiendomssjef
Login for redigering