Jakten på det digge livet

Godt over 200 menneske var samla i Bokn Arena. - Klikk for stort bilete Kurt Misje

Jakten på det digge livet, ein inspirasjonsdag i digitaliseringa si ånd, vart halde måndag 8. januar 2018 i Bokn Arena.

Publisert av Jardar Havikbotn. Sist endra 09.01.2018
Av Anne E. Askeland


Knut Lystad. - Klikk for stort bileteKnut Lystad. Kurt Misje Godt over 200 menneske var samla i fleire timar, drøsen og aktiviteten var av det lattermilde, hektiske slaget heile dagen. 

Det store trekkplasteret, Knut Lystad, tok forsamlinga gjennom Mysteriet om den hemmelige Digitale Jakten på KLM`s teknologiske Utvikling. Langs benkeradene og rundt borda høyrde vi humring og latter heile foredraget gjennom. For mange var det spesielt å få verta noko betre kjend med ein av barndommen sine store heltar. 

Inspirerande føredrag

Mange interessante føredrag. - Klikk for stort bileteMange interessante føredrag. Kurt Misje

Frå dei tilsaman tre scenane som vart brukte i Bokn Arena denne dagen, kunne ein også få vita meir om kva det vert forventa at ein har av kunnskap når det gjeld bruk av digitale verktøy.

 

Vi fekk læra meir om temaet velferdsteknologi, vi fekk verta kjend med kven digitale nomadar er og korleis dei arbeider og sist, men ikkje minst: Førebyggjande gruppe frå POLITIET v/Malvin Kvamme minna oss alle på betydning av å visa respekt for kvarandre også som digitale medborgarar. Det kviler eit stort ansvar på den enkelte av oss når det gjeld sunn og fornuftig bruk av sosiale medier i så måte.

 

Takk til alle som møtte fram; vi håpar de fann inspirasjon til å ta nye digitale steg. 

 

Utstillarar

Interessante stands. - Klikk for stort bileteInteressante stands. Kurt Misje

Vi vil også benytta anledning til å takka alle utstillarane som raust dela av kunnskapen sin med dei frammøtte. Vi vil spesielt nemna #mentorane; damene som våren 2017 har hjulpe sambygdingar på Bokn til å verta tryggare brukarar av nettbrett og smart- telefonar. 

 

Samarbeidspartnarar

Vi vil også retta ei stor takk til samarbeidspartnarane Naturbakst, Galaged Kitchen v/ Jareya Våga, Diggin Foodtruck, Scandic Maritim Hotell, Nils Wathne Auto og 4sound for å ha bidratt til at inspirasjonsdagen lot seg gjennomføra.  Vi lyt nemna både Radio102 og TV Haugaland for ubetaleleg hjelp i markedsføringa av arrangementet. Takk! 

 

Godt over 200 menneske var samla i Bokn Arena. - Klikk for stort bileteGodt over 200 menneske var samla i Bokn Arena. Kurt Misje

Sist, men ikkje minst: Vi takkar 9. klasse ved Bokn skule for hjelp til rigging og rydding før og etter arrangementet.  

 

 

 

 

 

 

 

 

#mentorane: Fv. Helga Alvestad, Svanhild Alvestad og Gunn Grønnestad. - Klikk for stort bilete#mentorane: Fv. Helga Alvestad, Svanhild Alvestad og Gunn Grønnestad. Kurt Misje

Login for redigering