Informasjonsmøte

Illustrasjon, utfylling i Arsvågen. - Klikk for stort bilete

Statens vegvesen og Bokn kommune inviterer til informasjonsmøte om Rogfast i Bokn Arena onsdag 17. jan. kl. 19.00.

Publisert av Jardar Havikbotn. Sist endra 17.01.2018

Representantar frå Statens vegvesen og entreprenøren vil informera om framdrifta for Rogfast på Bokn. Etter planen vil den første salva gå av i Arsvågen i januar. Deretter går det slag i slag fram til opninga i 2026.

Det vil bli anledning å stilla spørsmål til både vegvesenet og entreprenøren som har fått den første kontrakten, som er to adkomsttunellar i Arsvågen.

Statens vegvesen og Bokn kommune ønsker alle velkommen.

Oversiktsteikning, Rogfast. - Klikk for stort bileteOversiktsteikning, Rogfast. Statens vegvesen

Login for redigering