Bokn G-14 fotball til topps i kamp om Norway Cup 2017 sitt miljøstipend.

1. premie Norwaycup Bokn G. 14 (Tormod Våga) - Klikk for stort bilete I konkurranse med lag frå heile Norge gjekk Bokn IL sine fotballguttar 14 år til topps og vann 1. premie - miljøstipend på kr 30.000,- som blei utdelt av Norway Cup organisasjonen for dei laga som hadde rydda ei strand i sitt nærområde (strandrydding).

Publisert av Gro Sørensen. Sist endra 30.07.2017

Sundag 30. juli 2017 blei vinnerane av miljøstipendet frå Norway Cup annonsert og 4 lag var med i sluttspurten på konkurransen der lag frå heila landet var nominert. 

Hurra - fotballlaget G 14 frå Bokn IL gjekk av med 1. premien og måtte opp på scenen sundag formiddag under Norway Cup for å motta heder og stipend for rydding av strand i sitt nærområdet.

Gratulerer til laget og støtteapparat for ein super innsats og med miljøstipendet på kr 30.000,-. (Dei 3 andre laga vann kr 10.000 kvar.)

Bokn kommune ynskjer dei ein strålande deltakelse videre i Norway Cup.

Login for redigering