Anette Våga fekk Ildsjelprisen

Anette Våge fekk Ildsjelprisen. - Klikk for stort bilete Kyrre Lindanger

Anette Våga fekk overrekt Sparebankstiftelsens Ildsjelpris i samband med ein seremoni som blei gjennomført i SR Bank sine lokaler i Aksdal den 30. november. Sparebankstiftelsen SR-Bank hadde invitert lag- og organisasjonar frå heile Haugalandet for å dele ut gåvene i samband med utlysinga hausten 2017.

Publisert av Jardar Havikbotn. Sist endra 01.12.2017
Av Kyrre Lindanger


Sparebankstiftelsen SR-Bank delar ut prisen kvart år til ildsjeler i Rogaland, Hordaland og Agder i samarbeid med dei lokale kunderåda i SpareBank 1 SR-Bank ASA. Ildsjelprisen skal synliggjere innsatsen og entusiasmen som enkeltpersonar har gjort for lag og foreiningar i lokalsamfunnet. Ildsjelprisen kan vere knytt til eit breidt spekter innan frivillegheitsfeltet knytt til formåla i stiftinga sin gåvepolitikk, slik som kultur, idrett, samfunnssikkerheit, oppvekstmiljø og friluftsliv.

Ildsjelprisen består av eit synleg bevis til ildsjelen og ei gåve til laget eller organisasjonen personen er engasjert i. I dette tilfellet fekk Bokn idrettslag 25.000 kroner.

Det blei elles tildelt tilsaman 30 millioner kroner til 172 lag og foreiningar i Rogaland, Hordaland og Agder. Av dette gjekk 3.4 millionar kroner til lag- og organisasjonar på Haugalandet. Midlene går til prosjekt for barn og unge primært innan friluftsliv, samfunnssikkerheit og oppvekstmiljø.

Grunngjevinga til Sparebankstiftelsen:

Anette har gjennom fleire år vore pådrivar for auka aktivitet og trivsel for innbyggarane i Bokn. Ho har vore, og er framleis, ein særs positiv, initiativrik og drivande kraft i det friviljuge lags- og organisasjonslivet i bygda.

Med stor arbeidskapasitet og entusiasme har ho organisert og stilt opp på utallige dugnadar. For Anette er dugnad ein sjølvfølge, og dette engasjementet har langt på veg revitalisert dugnadsånda i heile kommunen. Dømesvis la ho og ektemannen Erik ned mange dugnadstimar då dei tok initiativ til, og organiserte, arbeidet då Bokn idrettslag fekk ny kunstgrasbane i 2014/15.

Anette Våga får prisen av banksjef Inger Rossebø. - Klikk for stort bileteAnette Våga får prisen av banksjef Inger Rossebø. May Jorunn Vatnaland

Som småbarnsmor har ho arrangert skidag, quizkveldar, foredrag, oktoberfest, haustfestar og dugnadsfestar. I tillegg har ho som tidlegare styremedlem i Bokn idrettslag tatt initiativ til, og organisert, både stilettløp og utkledningsstafett m.v., og var initiativtakar og pådrivar for at det blei bygd squashhall i tilknytting til Bokn Arena.

Anette stiller som trenar i barneidretten og fotball på fritida, og bidrar elles til helsefremjande tiltak for boknarar i alle aldrar gjennom dei ulike verva ho har hatt i lags- og organisasjonslivet i bygda.

Ho er ein god ambassadør for Bokn og ei positiv dame som bidrar til auka trivsel og aktivitet i kommunen – ho er Bokns ildsjel og fortenar Ildsjelprisen for 2016!

Login for redigering