1.000 likes

1.000 likerklikk - Klikk for stort bilete Bokn kommune si facebookside har nå 1.000 likerklikk. Me har trekt ut ein blant dei tusen, som får ein premie - verdi kr. 1.000. 

Publisert av Jardar Havikbotn. Sist endra 10.10.2017

Vinnaren blei likerklikk-trykkar nr. 165, May Jorunn Vatnaland. Ho vil få Kultursoga 1 & 2, verdi kr. 1.000,- Me gratulerer! Trekninga har blitt utført av Stein Magnar Gjerde og underteikna. 

I samband med lanseringa av nye kommunale nettsider våren 2013, fekk også Bokn kommune eiga facebookside. Der har det sidan 11. april det året blitt lagt ut nyhende og anna informasjon.

Boknarar og andre lesarar har ved ulike høve gitt uttrykk for at dei set pris på Bokn kommune si facebookside, som er den største og raskaste informasjons- og kommunikasjonskanalen til kommunen. 

Login for redigering