Hopp til innhold
  •    
  • RSS
  • Skriv ut denne sida
  • Kontakt oss
  • Nettstadkart
  • Kringle
  •    
  • A
    A
    A
  • English infopage Deutsch Infos

Kulturmidlar 2007


Av Jardar Havikbotn
,  03.05.07


Søknadsskjema, bruksanvisning og retningslinjer er sendt ut, men søkjarar kan også lasta dei ned her. Frist 21. mai.

Personar, organisasjonar, foreningar, lag og institusjonar som driv eller vil starta kulturverksemd i Bokn kommune kan etter søknad få stønad frå
kommunen.

Dei som søkjer for første gong kan få opp-startingsstønad. Stor-leiken på denne stønaden er avgrensa oppover til kr. 2.000,-

Søkjarar må leggja ved avskrift av rekneskap for 2006 og budsjett for 2007 i tillegg til å fylla ut søknadsskjemaet på ein tilfredsstillande måte.

Kulturmidlane det blir søkt om bør vera bakte inn i budsjettet for 2007, og det skal gå fram av søknaden korleis søkjaren tenkjer å bruka pengane.

Desse krava må oppfyllast for å få stønad.

Kr. 10.000,- går til eit spesielt tiltak. Midlane går til den søkjaren som Formannskapet meiner har den beste søknaden. Dette gjeld ikkje vanleg drift, men større arrangement som kulturkveldar, konsertar og utstillingar, osv., eller større investeringar.

Søknader som ikkje fyller krava som er gitt, eller kjem inn etter søknadsfristen, får ikkje stønad.

Årets pott er på kr. 120.000 og kulturmidlane for 2007 blir fordelte i formannskapsmøte 5. juni.

Last ned søknadsskjema med bruksanvisning her.

Last ned retningslinjer her.

Søknadsfrist 21. mai.




« Tilbake
 
Forrige mån
mai 2013
Neste månad
ma ti on to fr
     1 2 4 5
7 8 9 10 11
13 14 16 18 19
20 21 23 24 25
27 28 29 30    
Skal du nytte deg av nattbusstilbodet til Bokn?
Ja
Nei
Veit ikkje
Antall svar hittil: 66
Ja: 36.36%
Nei: 50.00%
Veit ikkje: 13.64%

PDF
Gratulerer!
bygdekinoen
Møteplanar
Med ord i bilder
Lenker
Turbonett
Friskis & Svettis
Bilder
Telefonkatalogen
Vervarsel
Heimdal
altibox
Boknatun, 5561 Bokn – Tlf 52 75 25 00 – Fax 52 75 25 15 – E-post Bokn kommune: post@bokn.kommune.no – E-post Bokn Bygdablad: post@bygdabladet.no