Driftsendring ved Bokn Bufellesskap
Av Reidar Alvestad, 11.04.07
Uttale frå Bokn formannskap.
Bokn formannskap vedtok på møte den 10. april samrøystes å oversenda fylgjande uttale til styret for stiftelsen Bokn Bufellesskap vedr. endring av drifta:
”Bokn formannskap tar orienteringa frå Bokn Bufellesskap til etterretning.
Bokn Bufellesskap har over fleire år hatt drift på Bokn og vore ein del av lokalsamfunnet her. Det tette forholdet mellom bygda, kommunen og då spesielt skulen og bufellesskapa har vore bra for utviklinga av barna i bufellesskapa.
Til tider har belastninga på bygda og skulen vore stor og Bokn Formannskap er uroa over kva endra drift ved bufellesskapa kan medføre for lokalsamfunnet på Bokn.
Bokn Formannskap vil derfor frarå at bufellesskapa endrar drifta ved å ta inn endå meir belasta ungdom enn kva tilfelle er nå. Formannskapet vil samtidig signalisera at ein ser det som viktig at Bokn Bufellesskap fortsetter som ein lokal stiftelse.
Bokn formannskap stiller også spørsmål ved om den endra drifta er i samsvar med føremålet til bustaden i Fyrvegen.”
Bufetat region Vest har avslutta første fase av prosjekt Utvikling og Omstilling av tiltaksapparatet innafor det statlege barnevernet i regionen.
Dette vil medføra at det på sikt vil bli ei endring av drifta slik at institusjonen Bokn Bufellesskap må ta inn unge som har større atferdsproblematikk enn tidlegare.
Konsekvenser for lokalmiljøet
Bokn Bufellesskap innkalla til eit ope møte om desse endringane den 27.mars. Godt over 30 møtte, mest foreldre. Dei var interesserte i å vita meir om kva omlegginga ville kunna få å seia for lokalmiljøet.
Både leiar i styret for Bufellesskapet, Svein Ivar Langhelle, og leiar for Bufellesskapet, Ove Alvestad, orienterte om omlegginga. Slik ein oppfatta dette, vil Bokn Bufellesskap koma med i ei samarbeidskjede med Ginatunet i Haugesund og Hetlandstunet i Tysvær med felles fokus på ungdom i definerte målgrupper. Samarbeidskjeda skal handtera ungdom med atferdsproblem i området.

Dagleg leiar Ove Alvestad orienterer om Bokn Bufellesskap som vil få endringar og omstilling. T.h. for han sit styreleiar Svein Ivar Langhelle.
Dialog
Fleire foreldre var urolege for at det nye opplegget ville føra til at i ein liten stad som Bokn ville nærmiljøet få større påkjenningar enn tidlegare ved at utagerande unge i Bufellesskapet kunne skapa frykt hos foreldra for at eigne barn og unge kunne bli skadelidande.
Bokn skule meinte at dei hadde lang erfaring med å ta imot barn frå Bufellesskapet, og at dei etter kvart hadde gode fagfolk til å arbeida i dette feltet.
Bufellesskapet hadde forståing for at folk var urolege, og at dei sjølv stilte seg dei same spørsmåla. Dei meinte imidlertid at omlegginga ville ta tid, og at det ville skje skrittvis. Dei har også ein dialog med BUF-etat når det gjeld nye unge som skal plasserast, og kan til ein viss grad påverka. Ved Bufellesskapet vil omlegginga føra til at dei vil få ungdommar i 13—15 års alder. Dei meinte likevel at dei i ei god tid framover også ville ha ei gruppe med yngre barn.
Meir kontakt
Både frå Bufellesskapet og frå foreldre vart det framheva at erfaringane fram til nå i lokalmiljøet har vore gode. Det betyr ikkje at alt har gått smertefritt. Barn og unge frå Bufellesskapet har blitt ein del av lokalmiljøet og skulen i Bokn. Det kom fram at både folk i nærmiljøet og Bufellesskapet ynskjer meir informasjon og dialog enn det som har vore til nå.
« Tilbake























