Hopp til innhold
  •    
  • RSS
  • Skriv ut denne sida
  • Kontakt oss
  • Nettstadkart
  • Kringle
  •    
  • A
    A
    A
  • English infopage Deutsch Infos
Jomfrutur i liten storm

Av Kyrre Lindanger

Den fyrste ordinære avgangen med den nye superferja ”Boknafjord” gjekk frå Mortavika tysdag kl. 1200.

I liten storm gjekk verdas største gassferje over til Arsvågen med dei første passasjerane. Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa var invitert med på overfarten og fekk omvisning på brua saman med ordførarane i Bokn og Rennesøy og eit stort pressekorps.

 

 

Ordførar Dagny Sunnanå Hausken (t.v.), statsråd Magnhild Meltveit Kleppa og ordførar Kyrre Lindanger fekk omvisning på brua. 


Statsråden fekk også ynskt dei fyrste passasjerane velkomen over høgtalaranlegget, og gratulerte administrerande direktør i Fjord1 med nybygget.
På rundturen Mortavika-Arsvågen blei det servert svele og kaffi, samstundes som det blei overrekt våpenskjold frå Bokn og Rennesøy av ordførarane til skipets kaptein.

 

Ordførar Kyrre Lindanger overrekte Bokn kommunes våpenskjold til kaptein Egil Larsen på turen over til Arsvågen.

 

Hyppigare avgangar og løysing på C-ferjeproblematikken
Statens vegvesen, som er Fjord1 sin kontraktspart på sambandet, bestilte den nye gassferja på grunn av stor trafikkauke i området. Den nye ferja vil sikre auka kapasitet på sambandet Arsvågen-Mortavika, og vidare bidra til at ferjene på Halhjem – Sandvikvåg får avløysing ved behov. Dermed vil ei sjette gassferje i området også sikre at det blir slutt på at C-ferja vert kansellert på Halhjem-Sandvikvåg-sambandet. C-ferje merkinga går dermed ut av rutetabellen frå årsskiftet.

Skipet er utrusta med fire Azimuth-thrustere. Gassmotorane vil gje ein servicefart på over 20 knop. I fylgje styrmann Håvard Hetland var M/F Boknafjord oppe i ein fart på heile 24 knop i samband med innkjøringa.


MF Boknafjord
Den nye gassdrivne ferja er designa av Multi Maritime AS i Førde og har ei total lengde på 129,9 m, ei største breidde på 19,2 m og ein kapasitet på 242 personbilar eller 22 vogntog i kombinasjon med personbilar. Ferja har plass til 600 passasjerar inklusiv mannskap. Ferja er bygd i henhold til Det Norske Veritas klasse, har ei dødvekt på vel 1350 tonn og er på vel 7500 bruttotonn.

Vidare er skipet utrusta med fire Azimuth-thrustere som vert drivne av eit gass-elektrisk anlegg beståande av tre store LNG-gass-motorar og vekselstrømgeneratorar. Gassmotorane vil gje ein servicefart på over 20 knop, men ferja kan ved behov faktisk gå raskare enn ferjene i sambandet Halhjem-Sandvikvåg.


Alle foto: Kjetil Hamre

 

 

 

 


(03. Jan 2012)

| Share

 
Forrige mån
mai 2013
Neste månad
ma ti on to fr
     1 2 4 5
7 8 9 10 11
13 14 16 18 19
20 21 23 24 25
27 28 29 30    
Skal du nytte deg av nattbusstilbodet til Bokn?
Ja
Nei
Veit ikkje
Antall svar hittil: 66
Ja: 36.36%
Nei: 50.00%
Veit ikkje: 13.64%

PDF
Gratulerer!
bygdekinoen
Møteplanar
Med ord i bilder
Lenker
Turbonett
Friskis & Svettis
Bilder
Telefonkatalogen
Vervarsel
Heimdal
altibox
Boknatun, 5561 Bokn – Tlf 52 75 25 00 – Fax 52 75 25 15 – E-post Bokn kommune: post@bokn.kommune.no – E-post Bokn Bygdablad: post@bygdabladet.no