Ordføraren har ordet
|
Ordførar Kyrre Lindanger |
|
Juli 2012 Kjære sambygding Den 30. juni vakna boknarane opp til den triste meldinga om at me hadde mista ein av ungdommane våre under Skudefestivalen i Skudeneshavn. Det var vanskeleg å ta innover seg at ein av våre ungdommar, som stod på trappa til vaksenlivet, på tragisk vis blei riven bort. Tommy Øvrebø var umisteleg for sine kjære, men også for venner og kollegaer og eit heilt samfunn. Han var ein sjeldan miljøskapar, og han let etter seg eit tomrom. I ei lita bygd blir me alle råka når slikt skjer. I 1996 blei boknasamfunnet ramma av ei hending der ein ungdom omkom i samband med ei tragisk ulukke i Oslo, samstundes som to born blei tatt av ein bråttsjø då dei gjekk tur på svaberga i Loden. Dei vonde kjenslene frå desse to hendingane kom tilbake for mange nå i sommar. Men den gang som nå viste boknarane samhald og varme for kvarandre. Dører blei opna i ungdommelege rammer på idrettshuset, kyrkja og i mange boknaheimar. Boknarane stod opp for kvarandre og var der for ein heil generasjon av ungdommar som var direkte råka av hendinga. Sorga for pårørande og venner går ikkje over sjølv om livet går vidare. Ein lærar seg sakte å leva med det som har skjedd, men det er ei lang reise. Å kome seg vidare er ikkje alltid lett når livet tar ei vond vending. Det er viktig å akseptera at sorg tar tid. I vår tid og i vår kultur er det ofte når alle rituala kring dødsfallet og gravferda er over, at sorga tyngjer mest. Då står ein der med i ei kjensle av å vera åleine i saknet. Difor er det ikkje minst då at den vesle merksemda kan vera så viktig for dei som er i djup sorg. Ein klem, eit klapp på kinnet, eller orda: «Tenker på deg.» skrive på eit fint kort, har stor betydning når kvardagen set inn. Tommy blir ikkje gløymd. Minna om han lever vidare. Han hadde ein stor vennekrets og mange har opplevd det musikalske talentet hans og utstrålinga frå scenekanten då han spelte og song i bandet «The Kvednabekkjers». Ein flott ungdom kjem ikkje til å få utfolda seg slik han skulle gjort. Han er borte, men songane og tekstane hans vil leva vidare. Eg vil takka alle som på ein eller annan måte har bidrege i sorgarbeidet og som har gitt ei skulder å gråte på, og som gjennom ord eller handlingar har vist medkjensle i ei tung tid for ungdommane i Bokn. Vit at heile bygda er med dykk! Ordføraren |
|
Mai/Juni 2012 Kjære sambygding Vegnamn Som i andre kommunar handlar stadnamn om engasjement og sterke meiningar. Vegnamn er sterkt knytt opp mot tilhøyre og identitet. I tillegg er vegskilting ein viktig måte å halda i hevd gamle stadnamn som elles ville ha gått ut av daglegtalen. Med vedtaket som formannskapet gjorde i vår, håpar eg dei siste brikkene har falt på plass i forhold til dette temaet. Vegnamna skal endeleg godkjennast av kommunestyret og nye husnummer må tildelast aktuelle husstandar. Det er uvisst når dette kan skje, men skilta med dei nye namna ligg klar og kan monterast opp på kort tid. Deretter vil det vera ein overgangsperiode på omlag to år der dei nye namna blir fasa inn i ulike kartdatabasar. Hålandssjøen Kommunestyret løyvde i møte den 17. april midlar til å planlegga og gjera ferdig moloen og landområdet ved molofestet. Planen skal visa bruken av båthamna på sjø og land og legga til rette for parkering og fellesnaust med boder. Anbudet på arbeidet med å ferdigstilla moloen blir sendt ut i løpet av sommaren. Sjølve arbeidet bør kunne setjast i gang i løpet av hausten. I tråd med kommunestyrevedtaket blir det i desse dagar laga til forslag til avtale med Bokn Båtforening om langtidsleiga der båtforeninga skal administrera vidare utleige. Det er sett som ein føresetnad at innskot og leige frå brukarane skal bera kostnadane som båtforeininga har på ein relativ andel av kommunen si investering i området. Brannsamarbeid Tysvær kommune vil etter den nye samarbeidsavtalen ta over brannsjefoppgåvene for Bokn. Dette inneber at Tysvær kommune skal utføra ein del av dei oppgåvene Bokn kommune er pålagde etter Brann- og eksplosjonsvernlova. Dette inneber også at Bokn brannvesen blir innlemma i etablert brannbefalsordning i Tysvær kommune. Denne avtalen er eit nødvendig steg i retning av eit tettare interkommunalt samarbeid mellom brannetatane på Haugalandet. Ei stadig innskjerping av krav til kompetanse hjå brannmannskapa gjer det naudsynt å søke saman mot eit tettare samarbeid på tvers av kommunegrensene. Det har tidlegare blitt forsøkt å etablera eit interkommunalt brannvesen i vår region etter modell frå Sør-Rogaland, men utan at ein til nå har lukkast. Spesielt med tanke på nye samferdsleprosjekt som vil kome dei neste åra, med lange undersjøiske tunnelar i T-sambandet og Rogfast, trur eg tida er moden for kommunane på Haugalandet å søke saman i eit interkommunalt brannvesen. Bokn blir vertskommune for tunnelinnslaget til Rogfast i nord og får ansvaret for brann- og redning i sin del av den undersjøiske tunnelen. Dette er oppgåver som ville vore utfordrande sjølv for større kommunar, men kan også opna dører for nye aktivitetar i Bokn, slik som til dømes etablering av eit beredskapssenter i Arsvågen der naudetatane kan samlokaliserast. Det er i gang tverretatlege samtaler om dette emnet der Bokn kommune sjølvsagt er representert. Eg håpar planlegginga rundt Rogfast-prosjektet kan vera brekkstanga som vippar på plass den mest framtidsretta organiseringa av brannberedskapen i regionen: Haugaland Interkommunale Brannvesen. Ordføraren |
|
April 2012 Kjære sambygding Kommuneplanarbeidet I løpet av mai skal ein avgjera kva innspel som skal til høyring og forhåpentlegvis blir ein del av den nye kommuneplanen. Samstundes ferdigstillar administrasjonen samfunnsdelen (tekstdelen). I løpet av sommaren blir planen lagt ut på høyring. Eventuelle innvendingar frå Fylkesmannen vil bli handtert tidleg på hausten. Det kan då vera aktuelt med synfaringar, møter og eventuelt mekling for å avklara usemje mellom kommune og stat. Arbeidet med kommuneplanen har tatt tid, og det kjem det også å gjera i framtida, men eg meinar det har vore ein god og konstruktiv prosess undervegs. Både politisk og administrativt har det vore brei deltaking og dei nye politikarane har fått medverka og satt sitt preg på arbeidet og med det har ein sikra ei naudsynt forankring til kommunen sin mest sentrale plan dei komande åra. Produksjon av Bokn Bygdablad Å produsera bygdabladet er ressurskrevjande og er heller ikkje ei lovpålagd oppgåve for kommunen. Ein har likevel, gjennom 27 år, sett verdien av å ha ei eiga ”lokalavis” som i tillegg til å vera informativ, bygger boknaidentiteten og aukar kjensla av samhald og fellesskap gjennom ulike artiklar om stort og smått frå livet i Bokn. Ut i frå tilbakemeldingane blir Bokn Bygdablad satt pris på – både i og utføre Bokn. Men Bokn Bygdablad er ikkje ei dagsavis som omtalar nyhendebiletet siste døgnet. Bladet kjem ut med 10 utgåver i året og artiklane kan vanskeleg vera dagsaktuelle i forhold til papirutgåva. Bokn Bygdablad er eit kommunalt informasjonsorgan der ein nyttar høvet til å dokumentera alle sider av bygdalivet i ord og bilete, til glede for nåverande og komande generasjonar. Sett utifrå storleiken på kommunen vår, er det imponerande at ein i det heile tatt maktar å produsera eit eige bygdablad. Det er ikkje vanskeleg å forstå at med knappe ressursar er redaksjonen heilt avhengig av å få tilsendt stoff som er produsert av boknarane sjølv. Eg vil oppmoda boknarar og det frivillige lags- og organisasjonslivet i Bokn til å bidra i produksjonen og vera med å gjera dette til eit endå betre blad. Har du noko på hjarta eller er det hendingar du meinar burde vore omtala i Bokn Bygdablad, har ein her eit framifrå talerøyr som når ut til dei fleste sambygdingane. Er det hendingar eller arrangement i Bokn som burde vore skrive om og som redaksjonen sjølv ikkje får fylgd opp, kan ein knipsa eit bilete sjølv og skriva nokre ord. Ein kan også få hjelp til å forma ut ein artikkel i etterkant ved å venda seg til redaktøren. På denne måten vil ein bidra til at Bokn også i framtida skal ha eit mangfaldig og variert bygdablad som gjer dette produktet til noko meir enn eit reint kommunalt informasjonsskriv. Det trur eg alle er tent med. Ordføraren |
|
Mars 2012 Kjære sambygding Rogfast I det administrative forslaget til NTP blei Rogfast-prosjektet meir nedprioritert enn ynskjeleg. Ei årsak er at Statens vegvesen justerte opp kostnadane med to milliardar kroner. Men det er ikkje funne plass til pengane før i siste del av 10-års-perioden som NTP-en skal gjelda for. Samstundes er det ein føresetnad at løyvingane til samferdsel skal justerast opp med 45 % i forhold til i dag. Eit anna krav er at det blir semje i forhold til eit opplegg for delvis bompengefinansiering av Boknafjord-kryssinga. Her kan nemnast at fylkestinget i Rogaland den 6. mars sa ja til førehandsinnkrevjing av bompengar i Boknafjordsambandet. Lyspunktet i forslaget er likevel at Rogfast er blitt framskunda i tid. Vegstyresmaktene reknar nå med ein oppstart i 2015 og sju års anleggstid. I tillegg vil staten auka den statlege delen frå 500 millionar til eìn milliard. Prislappen for prosjektet er nå på åtte milliardar kroner. Signala frå det politiske miljøet i Rogaland er likevel positive. Det er ei klar oppfatting at Rogfast er eit prosjekt som kan byggast uavhengig av statlege løyvingar då ein meinar trafikkgrunnlaget og inntektene frå bompengar er så pass stort, og at prosjektet tvingar seg fram i kraft av storleik og samfunnsmessige nytte. For Bokn kommune sin del går reguleringsplanarbeidet uansett vidare. Dette er også tilbakemeldingane frå prosjektleiinga i Statens vegvesen. Det blir gjennomført jamlege administrative møte mellom dei tre vertskommunane Bokn, Kvitsøy, Randaberg og Statens vegvesen og regionale mynde. I tillegg blei Irene Risheim Kristiansen på nyåret tilsett som plankoordinator for dei tre vertskommunane for Rogfast. Ho jobbar på Boknatun eìn dag i veka og er sentral i forhold til det planmessige arbeidet som nå blir utført i Bokn kommune. I samband med oppstart av reguleringsplanarbeidet for Rogfast har Fylkesmannen i Rogaland kome med tydelege innspel til massedisponeringa, og ber om at det blir laga ein samla massedisponeringsplan for utbygginga. I desse dagar blir det sett på moglege deponeringsområde for tunnelmassar frå Rogfast i området sør for Knarholmen. Elles er det frå politisk hald i Rogaland positive tilbakemeldingar på forslaget til ny NTP, mellom anna fordi det er sett av store midlar til vedlikehald i fylket. Dette viser at det er gjort mykje godt arbeid lokalt inn mot sentrale styresmakter. Ordføraren |
|
Februar 2012 Kjære sambygding Fleirbrukshall Kommunestyret har bedt administrasjonen om å setja i verk nødvendig planarbeid og konsekvensutgreiing, og det vil bli oppretta eit planutval for bygging, drift og finansiering av anlegget. For å løysa plassproblematikken i dagens skulebygg, har kommunestyret også bedt formannskapet om å oppretta ei sak om ombygging/utbygging av Bokn skule. I tillegg er det vedteke å førebu ei sak om utbygging av ei ny avdeling i Bokn barnehage for å løysa dei kortsiktige arealproblema. Med desse vedtaka er det tatt eit viktig steg vidare for å få realisert ein fleirbrukshall i bygda. Men det er framleis mykje arbeid som skal gjerast før bygget står klart. Ein vil nå frå administrasjonen si side intensivera arbeidet og kjøre fleire planmessige løp for at ein kan få spaden i jorda så raskt som mogleg. Det er vanskeleg å seia noko nå om kor tid ein fleirbrukshall kan stå ferdig, men politisk og administrativt skal ein i tida framover jobba intensivt med denne viktige saka. Brufast? Bakgrunnen er at fagmiljøet nå ser at det er i ferd med å bli teknisk mogleg å kryssa slike krevjande fjordar med ei bruløysing. Undersjøiske tunnelar er også svært dyre i drift, og bru kan vera eit billegare alternativ på lang sikt. Utgreiinga blir, i fylgje prosjektleiar Olav Ellevset, satt i gang nå slik at Statens vegvesen slepp å kome tilbake til dette spørsmålet når ein i 2015 startar utbygginga av Rogfast basert på ei tunnelløysing. Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa har lagt inn ein klar premiss om at skisseprosjektet ikkje skal forseinka framdrifta av Rogfast. Eg forventar at den vendinga planlegginga nå har tatt, ikkje på nokon måte forseinkar Rogfast-prosjektet. Det har vore krevjande nok å få sentrale mynde til å opna opp for ein tunnel til 8 milliardar kroner om ein ikkje nå også skal kjempa fram aksept for eit bruprosjekt til 20 milliardar kroner. Eg oppfattar dette skisseprosjektet som eit byråkratisk pliktløp som ein bør setja strek over så snart som råd. Alt anna vil kunne stela fokus frå det viktigaste samferdsleprosjektet på Vestlandet nokon sinne. Møte med ny fylkesordførar Det var viktig å streka under at Bokn kommune treng støtte frå Rogaland fylkeskommune i samband med planarbeidet for å få gjennomslag for utbyggingar og prosjekt som er viktige for bygda framover, slik som til dømes bustadbygging og næringsutvikling og bruk av tunnelmassar frå Rogfast. I slike samanhengar er fylkeskommunen spesielt viktig for småkommunar som Bokn, som er avhengig av regional drahjelp for å utvikla lokalsamfunnet. Fylkeskommunen si oppgåve er å vera forvaltar, tenesteprodusent og regionalutviklar. Me veit at storbyane utfordrar fylkeskommunane på desse oppgåvene, særleg innan eigne bygrenser, men også for småkommunane som ligg rundt. Fylkeskommunen er ein viktig ombudsinstitusjon for kommunen, også i forhold til å gi råd og rettleiing. Difor er det viktig for meg som ordførar å ha ein fortløpande og tett dialog med fylkesordføraren. Møtet i Bokn var nyttig. Fylkeskommunen fekk viktig kunnskap om pågåande planarbeid, og me fekk mange positive signaler i forhold til dei sakene me er opptekne av. Fylkesordføraren meinte i det heile at Bokn går ei spennande tid i møte i forhold til det som skal skje innan samferdslesektoren dei neste åra. Ordføraren |
|
Desember 2011 Kjære sambygding Budsjett 2012 I driftsbudsjettet er det lagt opp til ei rekkje mindre tiltak, mellom anna montering av teleslynge i auditoriet på skulen, servicetorget og allrommet. Vidare er det satt av midlar til utskifting av stolane i auditoriet ved Bokn skule og innkjøp av diverse utstyr til seksjon teknisk, mellom anna blåsemaskin, kompressor og reserve kloakkpumpe. Kommunestyret har også prioritert ei framleis auke i opningstida ved biblioteket og har løyvd midlar som opprettheld aktiviteten ved musikkskulen. Ein har i tillegg prioritert ei 15 % auke i drifta ved fysioterapiavdelinga på Boknatun. Når det gjeld avgifts- og betalingsregulativ for neste år, held me oss på eit moderat nivå. I hovudsak blir satsane auka med mellom 1-5 %. Abonnement på Bokn Bygdablad og annonsar aukar ein med ti prosent. Det blei samstundes bestemt at auken i abonnementet for Bokn Bygdablad skal nyttast til å gje ut bladet i fargar. Energi- og klimaplan Gjennom ein slik temaplan ynskjer kommunen å etablera eit felles energi- og miljømål for å sikra ei berekraftig utvikling, samstundes som ein lokalt får ein reiskap til å sikra heilskapsomsyn i alle saker knytt til energi- og miljø i kommunen. I løpet av 2012 vil det bli laga ei utgreiing som viser kostnadane for gjennomføring av dei ulike tiltaka basert på ei kost/nytte-vurdering. Planen vil deretter bli tatt opp til ny handsaming i kommunestyret slik at kostnadane kan implementerast i planen. Tradisjonsrikt julemøte Eg set stor pris på denne over tjue år gamle tradisjonen der formålet fyrst og fremst er å pleia godt naboskap. Forma på desse møta er hyggeleg og uformell. Politikarkollegaer i dei to kommunane kjem saman utan noko spesielt ærend eller sakskart. Det viktige er rett og slett å bli betre kjende med kvarandre mellom anna ved å drøsa om laust og fast. Eit slikt samvær er med på å skapa tillit på tvers av kommunegrensene. På mange område er nok våre to kommunar konkurrentar, men likevel er det slik at i dei fleste samanhengar står me saman med Tysvær i spørsmål som handlar om å posisjonera regionen, på tilrettelegging og planlegging med spesielt fokus på å skapa vekst og aktivitet til glede for fellesskapet i ein heil region. Tysvær er på mange område den viktigaste samarbeidskommunen vår, og dei to administrasjonane har gjennom åra signert ei rekke viktige samarbeidsavtalar. Politikarane i dei to kommunane jobbar utifrå tanken om at det som er bra for Tysvær, er bra for Bokn, og omvendt. Dette kjem tydeleg til uttrykk på dei etterkvart mangfaldige interkommunale møteplassane me treffest. Samarbeidet er viktig og ofte avgjerande for kommunen vår. Difor tek eg sikte på å pleia den gode naboskapen også i dei kommande åra. Eg vil til slutt nytta høvet til å ynskja alle leserane av Bokn Bygdablad ei fredeleg julehelg og eit godt og fargerikt nytt år. Ordføraren |
|
November 2011 Fram for eit raust Bokn Kjære sambygding Bokn kommune er ein liten og sårbar organisasjon der kvar medarbeidar tel. Når me i nasjonale undersøkingar stadig blir rangert mellom dei beste kommunane, er ikkje det minst eit resultat av at me i alle ledd har framifrå dugelege, entusiastiske, idealistiske, lojale og sjølvgåande medarbeidarar. Dei har difor den fleksibiliteten som trengst for å yta innbyggarane eit dagleg tenestetilbod på høgd med det beste i landet. For overtida får dei likevel sjølvsagt ei betaling i samsvar med gjeldande lønnsavtalar. Også leiargruppa gjer ein innsats det er å ta av seg hatten for. Men i motsetnad til andre tilsette, får dei ikkje overtidsbetaling eller anna form for kompensasjon. Det gjeld uansett kor lenge arbeidet strekkjer seg ut over normalarbeidstida. Såleis kan dei vederlagslaust sitja på møte til langt på natt. I kommunar flest er det stor gjennomtrekk av rådmenn. Kvar veke les me stillingsannonsar frå kommunar i desperat jakt etter gode rådmenn. I kontrast til dette har me neste år her i Bokn vore så heldige å ha hatt Jan Erik Nygaard som kommunens øvste administrative leiar i ein mannsalder. Faktisk er han den rådmannen med lengst fartstid i heile Rogaland. I løpet av desse åra har fleire generasjonar med boknpolitikarar fått gleda av å samarbeida med han. Og truleg kan dei alle skriva under på at han har vore ein lojal, samvitsfull og særs hardtarbeidande administrasjonssjef som alltid søkjer dei gode løysingane på ein smidig, profesjonell og diplomatisk måte. I det heile er det ei stor utfordring å skaffa nøkkelpersonell til dei kommunale administrasjonane kring om. I dette må Bokn konkurrera med mykje større og meir sentrale kommunar. Dette er dess meir utfordrande sidan me nett nå er inne i eit omfattande generasjonsskifte av nøkkelpersonell. Når Bokn likevel er blitt attraktiv, heng det truleg mellom anna saman med at det også for kommunalt tilsette er blitt kjekt å vera her. Gradvis har inntrykket bygd seg opp at Bokn er ein velstyrt og velfungerande kommune der det rår ein inspirerande, inkluderande, raus og motiverande atmosfære og ein romsleg personalpolitikk. Skal Bokn kommune vera liv laga, er det viktig å ta vare på denne profilen. Fleire nøkkelpersonar har slutta dei siste åra eller er på veg ut av kommunen. Dette gjeld og seksjonssjefar. Mange og viktige saker har blitt liggande. Rådmannen har i denne situasjonen delvis gått inn i den formelle rolla som seksjonssjef med ei stor auke i arbeidsoppgåver utan å krevja noka form for honorering. Bokn kommune har spart pengar utan at drifta blei forstyrra. I det heile har det vore ei vesentleg auke i arbeidsmengda for rådmannen. Dette var utgangspunktet då formannskapet i møte den 14. juni i år diskuterte kompensasjon til rådmannen. Resten av historia har blitt grundig referert i dagspressa. Det som skulle vera ein hyggeleg gest og klapp på skuldra til rådmannen vår for lang og tru teneste, blei ei trist sak som gjennom negativ vinkling av ei konspiratorisk presse skada omdømmet til Bokn kommune. Sjølvsagt nytta dei også høvet til å stilla spørsmålsteikn ved om små kommunar har livets rett. Nå gjeld det å leggja denne saka bak oss. Me må sjølvsagt læra av det som har skjedd, men løfta hovudet og sjå framover og konsentrera oss om dei viktige sakene for boknarane. Me skal ikkje la oppslaga i pressa få øydeleggja den positive stemninga som har rådd i bygda i dei seinare åra. Ein skal lyfta blikket og visa boknarane som rause, inkluderande og positive. Det biletet av boknarane er det me skal visa verda! Ordføraren |
|
Oktober 2011 Kjære sambygding Takk for tilliten Eg er viss på at samarbeidet i kommunestyret blir godt og positivt i komande periode. Det betyr ikkje at me skal vera einige i alle spørsmål, men at me er i stand til å samla fokus og krefter når det er naudsynt til fellesskapets beste. Eg vil at me saman skal finne fram til dei gode løysingane. I denne prosessen skal me utløyse kreativitet, inspirera og motivera kvarandre og frigjera nye, positive krefter. Slik eg kjenner alle våre kommunalt folkevalde, er eg trygg på eit konstruktivt og ektefølt engasjement som tek vare på dei forventningane boknarane har til oss. Ipad til folkevalde Kommunar over heile landet arbeidar for å fjerna dei store papirbunkane. Mange har innført, eller vurderar innført, dei såkalla nettbretta. Saman med Sola og Hjelmeland er Bokn blant dei fyrste kommunane som tek i bruk iPad i Rogaland. Også Stortinget har levert lesebrett i form av iPad til alle stortingsrepresentantane. Me har nådd ei tid med omfattande elektronisk informasjonsflyt. Difor er dette eit verktøy som både politikarar og tilsette vil ha stor nytte av. Papirmengda har etter kvart blitt for stor. Dette tiltaket er miljøvennleg og eit nettbrett er enklare enn ein PC. I det heile tatt er nettbrettet eit flott og framtidsretta reiskap. Eg håpar overgangen frå papir til Ipad skal gjera lokalpolitikk både enklare og kanskje litt kjekkare, samstundes som kommunen kan spara fleire hundre tusen kroner på reduserte kopi- og portoutgifter, i tillegg til innspara arbeidstid for dei tilsette ved servicetorget. Statsbudsjettet Regjeringa har ei ramme på statsbudsjettet på 1.006 milliardar kroner for 2012. I fylgje finansminister Sigbjørn Johnsen er budsjettet tilpassa ein økonomisk situasjon med stor internasjonal uro, og er spesielt innretta for å trygga arbeidsplassar, verdiskaping og velferd framover. For kommunesektoren inneber likevel forslaget til statsbudsjett at kommunane får ei reell inntektsauke på fem milliardar kroner neste år. Om lag 3,75 milliardar av denne auken kjem som frie inntekter. På toppen av inntektsauken på fem milliardar, som svarar til ein reell auke i overføringane på 1,4 prosent, vil kommunesektoren få ein milliard meir i skatteinntekter i 2011, ifylgje nye overslag som regjeringa har gjort. I Rogaland blei faktisk Bokn ein av budsjettvinnarane med ei auke i dei frie inntektene frå 2011 til 2012 på 5,5 prosent. I same periode er anslått landsgjennomsnittleg vekst på 4,7 prosent, og for Rogaland 4,9 prosent. Til samanlikning fekk Utsira og Kvitsøy høvesvis 3,4 og 3,3 prosents auke. Auken i dei frie inntektene skuldast i all hovudsak den flotte auken i folketalet det siste året. Per 1. juli var det folkeregistrert 854 innbyggarar i Bokn – ein auke på 17 personar sidan 2010. Ordføraren |
|
September 2011 Kjære sambygding Kommune- og fylkestingsvalet 2011 Som i alle andre kommunar var det også i Bokn hektisk aktivitet og samtalar mellom ulike parti i dagane etter valet. Etterkvart falt brikkene på plass. Posisjonar blei fordelte, mange blei fornøyde, andre blei skuffa. Uansett håpar, og trur eg, at ein samlar den politiske viljen og energien etter konstitueringa i oktober og ser framover. Det nye kommunestyret er samansett av vel kvalifiserte og engasjerte politikarar innstilte på krafttak for boknafelleskapet. Kommunale avgifter Rekninga som blei sendt ut i august var for 1. termin 2011. Rekninga for 2.termin 2011 kjem i november. Økonomiavdelinga reknar med at dei ordinære forfallsdatoane (30.04. og 31.10.) vil bli haldne når problema med ekstern leverandør er løyste. TV-aksjonen 2011 Kvar dag blir uskuldige menneske drepne og lemlesta av attliggjande miner og klasebomber. Norsk folkehjelp skal bruka pengane frå TV-aksjonen i sju land med mineproblem i Asia, Afrika og Europa. I alle landa skal dei innsamla midla bli brukte til konkrete mineryddingsprosjekt. Norsk folkehjelp har gitt TV-aksjonen 2011 slagordet ”Fra frykt til trygghet”. Det er kringkastingssjefen som formelt tildelar TV-aksjonen etter tilråding frå NRK sitt innsamlingsråd. I alt 10 organisasjonar søkte om å få tildelt TV-aksjonen for 2011. Norsk Folkehjelp har fått TV-aksjonen to gonger tidligare, i 1983 og 1994. Bokn formannskap ynskjer å bidra og har løyvd kr. 22 per innbyggar, noko som utgjer totalt 18788 kroner til årets TV-aksjon. Eg vil oppmoda alle boknarar om å ta godt i mot bøssebærarane den 23. oktober og bidra med pengar til ei særs viktig sak. Ordføraren |
|
August 2011 Kjære sambygding Stem mot terroren! Ut av det vonde har det grodd fram noko godt. Fellesskapet og samhaldet i landet blei styrka over natta. Ingen ropa på hemn. ”Vårt svar er meir demokrati” sa statsminister Jens Stoltenberg i Oslo Domkirke. Det norske folket møtte hatet med kjærleik og menneskeleg varme. Me har stadfesta for kvarandre at me høyrar saman, og me har stadfesta viktige sider med det som me oppfattar som vår nasjonale identitet. Idèen om at mennesket er ei øy som klarar seg åleine, mista fotfeste dagane etter den 22. juli. Då fellesskapet blei truga av ein ytre fiende, søkte me saman og stadfesta at me høyrer saman som menneske. All form for fundamentalisme er farleg, same om han spring ut frå høgre- eller venstresida. Det er nå viktig å henta inn kunnskap om høgreradikale miljø. Og skremmande nok, tankegodset hans når fram til små grupper. Dette veit ein gjennom meiningsytringar frå ytterleggåande politikarar, grupperingar og bloggarar som har sympatiar med massemordaren sit forskrudde syn på samfunnet. Det er særs viktig at denne type ytringar blir møtt med argumentasjon– ikkje teia i hel. For å kunne forstå handlinga, må ein forstå den ideologiske samanhengen. Samfunnet må ta eit oppgjer med denne ideologien, på same måte som me har gjort med islamistisk ekstremisme. Den regjeringsnedsette 22. juli-kommisjonen har eit svært omfattande, tungt og viktig arbeid framføre seg, og det er store forventningar til den endelege rapporten. Det er nå viktig å snu kvar stein i denne saka og bruke det som trengst av ressursar for å finne flest mogleg svar og få mest mogleg lærdom. Deltakinga ved kommune- og fylkestingsvala har tradisjonelt vore låg. Berre 59 prosent brukte stemmeretten ved kommunevalet i 2003. Den beste måten å svara på terroren som råka Noreg den 22. juli er å bruke stemmeretten ved årets val. På den måten styrkar me demokratiet og hegnar om verdiane våre. Gjennom demokratiet endrar og utviklar me samfunnet vårt og ikkje gjennom frykt og vald. Godt val! Ordføraren |
|
Juni 2011 Kjære sambygding Drosje i Bokn Bokn er på fleire måtar eit samferdslemessig knutepunkt med anløp av både snøggbåtar, ferjer og buss og behovet for drosjetransport til og frå anløpsstadene er tilstades. Også boknarar og lokale verksemder har sakna eit slikt tilbod etter at den siste stasjonerte Bokn-drosjen la opp i 2003. Særleg har dette vore ei utfordring for eldre utan bil eller førarkort. Fleire bevegelseshemma og andre funksjonshemma har såkalla TT-transportkort der ein får rabatt med drosje, men som ikkje har fått brukt desse korta på skikkeleg måte på grunn av mangel av drosjetilbod i kommunen. Eg håpar Dagsland lukkast med denne satsinga og at boknarane støttar opp om tilbodet og blir flinke til å bruke drosjen. På sikt håpar eg også at Bokn-drosjen får etablert avtalar om fast kjøring for ulike føretak og verksemder i nærområda slik at eigarane får eit best mogleg grunnlag for drift i bygda. Namn på ny gassferje Som ordførar i vertskommunen for dei nordre anløpa, Arsvågen, har eg eit ynskje om at namnet på den nye ferja kan ha ei tilknytting til det geografiske området ferja skal operera i. Difor har eg sendt brev til leiinga i rederiet der eg føreslår at ferja får eit namn som har Bokn i seg, dømesvis ”Bokn” eller ”Boknafjorden”. Dette blei også gjort i 1996 av dåverande ordførar, Svein Ove Alvestad, i samband med bygging av dei nåverande ferjene som seinare fekk namna ”Stavangerfjord” og ”Mastrafjord”. Lærlingar i Bokn Eg trur det er viktig å legga til rette for våre eigne ungdommar då me veit at kommunen vil ha stor bruk for slike fagpersonar i framtida. Ved å tilby lærlingeplassar i heimkommunen vil ein motivera ungdommane til å satse på å heve kompetansen sin, samstundes som ein også ynskjer å behalda ungdommen i kommunen. Kommunal minibuss Minibussen er av merket Mercedes Sprinter og har 17 sitjeplassar inkludert sjåfør og har montert rullestolheis. Minibussen er stasjonert ved Boknatun. Dei fyrste bestillingane på lån av bussen kom leveringsdagen frå mellom anna skulen og dagsenteret. Administrasjonen ferdigstillar utlånsreglement og vilkår for bruk av minibussen i desse dagar og vil bli publisert på www.bokn.no. Eg vil spesielt oppmoda lag og organisasjonar i Bokn til å nyttiggjera seg av dette tilbodet og bruke minibussen til turar og utflukter og andre aktivitetar som utløyser transportbehov. Det er hyggeleg, sosialt og miljøvennleg å gjennomføra transportetappar i lag og under same tak. Og det ligg ein aldri så liten folkehelsegevinst i det å sitja saman, trygt og komfortabelt, på veg ut i verda. God tur! Ordføraren |
|
Mai 2011 Kjære sambygding Kommuneøkonomi I revidert nasjonalbudsjett får kommunane om lag 1,3 milliardar meir i skatteinntekter enn det regjeringa la til grunn då statsbudsjettet blei lagt fram. Det er usikkert kva dette vil utgjera for Bokn kommune då Bokn har hatt ein skattevekst under landsgjennomsnittet dei to siste åra. Auken i skatteinntektene må ein sjå i samanheng med lønnsoppgjeret som ser ut til å gje ein del meirutgifter for Bokn kommune på årsbasis. I tillegg vil endringar i kommunen sine pliktige pensjonavsettingar auke ein del per år. Også dei varsla renteaukene vil innebere ein vekst i utgiftene for Bokn kommune. I forhold til samhandlingsreforma er det berekna at Bokn kommune sin part av midla til denne reforma vil utgjera 882.000 kroner, i tillegg til 200.000 kroner til utgiftsutjamning. Midla utgjer kommunen si medfinansiering av spesialisthelsetenesta og utskrivingsklare pasientar neste år. I samband med reforma får kommunane nye oppgåver og eit økonomisk ansvar for pasientar som er klar for utskriving frå sjukehusa. Totalt sett ligg Bokn kommune an til å få ein tilsvarande økonomisk situasjon som i 2010. Men framleis veit ingen sikkert kva kostnad som fylgjer med dei nye oppgåvene i samband med Samhandlingsreforma. Ho trer i kraft frå 2012. Fattigdom i Bokn Oversikten har overraska fleire enn meg, spesielt når me veit at Bokn har svært låge sosiale utgifter og få personar utan arbeid, men det er grunn til å ta dette på alvor. Fattigdom i Noreg handlar meir om sosial utestenging enn om svolt. Men me må ha eit arbeidsliv som gir plass til alle som vil og kan delta. I tillegg har skulen og heile samfunnslivet eit ansvar for å fanga opp fråfall frå skule og finne gode vegar inn i eit godt I saman med NAV og helsesjefen prøver me å få ein oversikt over kva som ligg bak tala. Det er nok samansette grunnar til at me har 40 personar under fattigdomsgrensa i Bokn, men biletet kan nok nyanserast ein del. Me veit til dømes at fleire husstandar i kommunen har ei inntekt, der typisk den eine er i arbeid mens ektefellen ikkje er i jobb eller jobbar i ei deltidsstilling, og dermed tener mindre enn det som er definert som fattigdomsgrensa. Likevel kan husstanden samla ha ei god inntekt. Men viss det bak tala skjular seg reell fattigdom, vil me bruke analysen som grunnlag for å setja i verk tiltak som kan avhjelpe på situasjonen. Kommunebarometeret Bokn kom svært godt ut i Kommunebarometeret, og enda på ein sterk 11. plass av 430 kommunar, med det beste kommune i Rogaland. Bokn scorar spesielt høgt på områda pleie- og omsorg, kultur og innan sosial-tenesta. Her ligg Bokn inne blant Dette er sjølvsagt både gledeleg og motiverande. Bokn kommune har flinke, lojale og fleksible med-arbeidarar som gjennom sitt daglege virke syt for at Bokn kommune leverar blant landets beste kommunale tenestar. Det er framleis slik at ein kan bli betre på fleire område, men Kommunebarometeret fortel oss likevel at kommunen har rett retning. Plasseringa er ein stor inspirasjon, både for tilsette i administrasjonen og oss politikarar, og vil vera ein viktig motivasjonsfaktor for at kommunen også framover skal levera dei beste tenestene til boknarane. Miljøstasjonen i Føresvik Miljøstasjonane var opphavleg tenkt som returpunkt for papiravfall og glas- og metallemballasje og som ordning for enkelte hytteabonnentar og mindre mengder restavfall frå privatpersonar. I lengre tid har desse miljøstasjonane vore utsette for eit omfattande misbruk. Miljøstasjonen i Føresvik har stort sett framstått som ryddig, men tidvis kan ein sjå at det er for mykje avfall som hamnar utføre containerane. I tillegg blir det plassert avfall som ikkje er meint for denne miljøstasjonen på utsida av containerane, til dømes vaskemaskinar, bildekk, bilbatteri osb. Eg vil minna om at ei slik framferd er brot på mottaksreglementet og vil kunne innebere at HIM avviklar også denne miljøstasjonen. Brukarane av miljøstasjonen må retta seg etter dei reglane som gjeld, og rydda etter seg og ikkje setja frå seg avfall som er i strid med reglementet. Eg trur svært mange set pris på å ha ein slik miljøstasjon i bygda. Difor vil eg oppmoda alle brukarane om å ta eit ansvar for at ein i Bokn også i framtida skal kunne ha ein miljøstasjon. Ordføraren |
|
April 2011 Kjære sambygding E39 Rogfast og nytt kryss på Austre Bokn Spørsmålet om nytt kryss på Austre Bokn har i etterkant vore drøfta med Statens vegvesen ved fleire høve. Bokn kommune har vore tydelege på at ein er oppteken av trafikksikring og miljø på E39, ikkje berre for boknarane men for alle andre som ferdast gjennom kommunen. Statens vegvesen har i løpet av 2010 utarbeida ei vurdering av E39 Arsvågen-Mjåsund med ei totalvurdering av behov for tiltak på denne strekninga med basis i trafikkmengd, ulukkesanalysar, støyanalysar og ROS-analyse. Strekningsanalysen visar eit stort behov for tiltak allereie med dagens trafikkmengd og vegstandard. Dette er også vurdert i Statens vegvesens stamnettutgreiing for riksvegnettet som blei offentleggjort i april 2011. Her kjem det fram at at det er eit stort behov for kryssutbetringar og gang- og sykkelvegtiltak. På bakgrunn av dette er det difor gledeleg å kunne melda at Statens vegvesen gjennom nemnde drøftingar har kome Bokn kommune i møte og aksepterar dei vilkåra som Bokn kommune har satt i sitt kommunestyrevedtak. Dette inneber at det blir bygd nytt kryss på Austre Bokn. I samband med varsel om oppstart av reguleringsplan for E39 Rogfast i Bokn kommune, vil ein dermed også varsla oppstart av reguleringsplan av kryss på Austre Bokn. Ein reknar med at dette vil skje i løpet av sommaren 2011. Kostnadane med eit nytt, planfritt kryss på Austre Bokn kjem på om lag 22 millionar kroner og vil primært bli finansiert ved bruk av ordinære midler over statsbudsjettet, alternativt som del av Rogfast-prosjektet. MC-kriminalitet Bakgrunnen for vedtaket er mellom anna ein dialog som har pågått det siste året med Haugaland og Sunnhordland politidistrikt og kommunane i regionen, der politiet viser til mistanke om at personar i lokalmiljøet har konkrete planar om å etablera lokal avdeling av ein kriminell 1% MC-klubb. Medlemmene i 1%-klubbane definerar seg seg som den eine prosenten av befolkninga som har meldt seg ut av samfunnet og fylgjer ikkje dei lovane og reglane som gjeld. Klubbmedlemmene skal fyrst og fremst visa total lojalitet til normer og reglar i den enkelte klubb. KS har den siste tida advart kommunane mot å overlata kampen mot klubbane til politiet åleine. Organisert kriminalitet er i dag ein betydeleg trussel mot samfunnet. Fleire norske kommunar arbeidar aktivt for å hindra at slike miljø blir etablerte. Haugesund kommune har mellom anna gjort vedtak om at 1% MC-klubbar ikkje er ynskja i kommunen, og Haugaland og Sunnhordland politidistrikt har engasjert seg sterkt i å hindra etablering i distriktet. Med den korte vegen det er til Haugesund, og etterkvart Stavanger, meiner eg at det er viktig at også Bokn kommune arbeidar aktivt for å hindra at kriminelle miljø får etablera seg i kommunen. Ordføraren |
|
Mars 2011 Kjære sambygding Rekruttering til lokale lister Dei politiske partia utgjer grunnsteinane i det representative demo-kratiet både nasjonalt og lokalt og er sentrale arenaer for politisk deltaking. Vegen inn i politikken, lokalt, regionalt og nasjonalt, går for det meste gjennom dei politiske partia. Kommunepartia er ein av grunnpilarane i demo-kratiet. Aktive kommuneparti er ein føresetnad for eit velfungerande demokrati, også i kommunen vår. Over heile landet har ein dei siste åra slite med å rekruttera listekandidatar og medlemer og dei aktive vert stadig færre. I Bokn har partia jobba fram listeforslag som er godt balanserte både når det gjeld alder, kjønn, profesjon og sosial bakgrunn. I tillegg er dei fleste delane av Bokn dekka opp med kandidatar. Den sosiale bakgrunnen til dei folkevalde er viktig fordi det seier noko om korleis det representative demokratiet fungerar. Dersom det er ønskjeleg å sikra at erfaringane frå ulike grupper vert lagt vekt på i den politiske debatten, vil det bli vesentleg å få folk frå desse gruppene inn i folkevalde organ. Utfordringa i Bokn og andre kommunar, er å få innvandrarar med ikkje-vestleg bakgrunn med på listene og i det heile å få dei til å bruka røyste-retten. Dei same undersøkingane viser også at i dei kommunane der ikkje-vestlege innvandrarar er med i kommunestyra eller står på vallistene, er valdeltakinga for denne veljar-kategorien høgare enn i andre kommunar. Partia har dei komande åra ei utfordring med å få også desse gruppene representerte i lokalpolitikken. Mykje tydar på at fleire innvandrarar på listene stimulerar til høgare valdeltaking. Det flotte med å bu i ein liten kommune, er at kvar einskild i større grad enn i større kommunar har høve til å påverka lokalmiljøet sitt. Kvar einskild tel med på ein annan måte enn der ein forsvinn i massane. Ved å ta aktivt del i bygdepolitikken, kan du gje deg og dine eit betre nærsamfunn. Dette er ein rett og ein spesiell mulighet i den vesle kommunen vår – bruk han! Strandsoneforvaltning Regjeringa vedtok fredag 25. mars statlege planretningslinjer for strandsona langs sjøen. Hensikten er å sikra at lokal praksis blir i samsvar med nasjonale mål for strandsona. I denne samanhengen ble Regjeringa sin konklusjon når det gjeld ny lov for 100-meters beltet, ei oppmjuking i forhold til forslaget for mellom anna Bokn kommune og ni andre kommunar i fylket. Det nye er at landet blir delt inn i tre ulike kategoriar, der kategori eìn er den strengaste, mens kategori tre omfattar område med mindre press på areala, og der ein lettare kan gje unntak frå byggeforbodet og det vil bli gitt større rom for å vurdera utbygging gjennom kommunale planar. Det var gledeleg, og viktig, at Bokn kommune blei plassert i kategori tre, som ein av to kommunar på Hauga-landet. Det er stor forskjell på tilhøva rundt Oslofjorden og i kyststroka i Rogaland, men med dei nye retnings-linjene blir kommunane gitt større fridom og meir sjølvstyre i utviklinga av strandsona, og dermed sikrar ein mulighetene for utvikling i distrikta. Framleis er det slik at byggeforbodet i 100-metersonen skal gjelda over heile landet, men det skal altså praktiserast med større lokal tilpasning enn i dag. Det gjenstår å sjå kva dette i praksis inneber for kommunen vår, men eg vil tru me har eit godt utgangspunkt i forhold til nabokommunane våre og eg håpar at dei nye retningslinjene blir eit føremonn for Bokn i arealplanlegginga framover. Ordføraren |
|
Februar 2011 Kjære sambygding Trafikksikringsmidler For 2011 fekk Bokn kommune løyvd til saman 150.000 kroner delt på tre trafikksikringstiltak i trafikksikringsplanen vår. Det gjeld mellom anna fleire veglys langs Føresvikvegen og langs gang- og sykkelveg frå Alvestadkroken og til busshytte ved E39 og fortau langs delar av Boknatunvegen. Den kom-munale eigendelen blir på 52 000 kroner. Tiltaka skal startast opp og gjennomførast i løpet av 2011. Formannskapet i Bokn er trafikksikringsutval og den reviderte Trafikksikringsplanen for 2011-2014 er det viktigaste styringsverktøyet. Planen gir oss mål for arbeid og blinkar ut dei prioriterte områda og tiltaka. Alle tiltak som var planlagde på fylkesvegar og kommunale vegar i den førre planen, blei elles gjennomførte. TS-midlene kjem godt med i strevet med å forbetra lokalvegnettet og sikra skulevegane i bygda. Framleis har me vegstrekk på skulevegane i dei sen-trale stroka av Bokn som manglar veglys og fortau. Men med gjennom-føringa av desse tiltaka kjem me eit godt stykke vidare med å trygga vegane for dei mjuke trafikantane. Slik lever me til trafikksikringutvalets i Bokn sitt eige motto: ” Det skal ikkje vera hardt å vera mjuk”. Lokomotiv i tunellen! Fram til Bokn fekk fastlandssamband i 1991 var Stavanger ”Byen” for boknarane. Boknarane heia på Viking, mange las Aftenbladet, tok utdanning og fann seg ektefelle i sør. Med bruene endra situasjonen seg. Raskt blei Haugesund byen for boknarane, men banda til Stavanger er framleis sterke. Framleis søker boknarane og Bokn kommune mot Stavanger og Nord-Jæren i eit mangfald av samanhengar. Ikkje minst skapar dei mange fylkesinstitusjonar tette band mellom heile Haugalandet og resten av fylket. I Stavangerområdet finn me også kompetanse og kapital og eit dynamisk næringsliv heilt i tetsjiktet i nasjonal samanheng. I byområdet på Nord-Jæren bur det snart ein kvart million menneske, nokre fleire enn i Sunnhordland. Dei byggbare områda på Nord-Jæren er avgrensa i utstrekning og regionen er i ferd med å sleppa opp for ledige bu- og næringsareal. Dette vil i aukande grad tvinga siddisane til å retta blikket nordover, ikkje minst mot Bokn og Gismarvik-området. For meg kjennest det kunstig og framandt å forholda seg til Stord og Jondal. Nord-Jæren er den raskast veksande storbyregionen i landet. Held utviklinga fram, vil han om ikkje lenge passera Bergen. Sjølv med eit ferjefritt Vestland i framtida, vil Bergen difor vanskeleg bli det som Stavanger er for oss i dag. Stavangerregionen er ein motor i forhold til utvikling og aktivitet i landsdelen. Ved at me som region knyter oss til dette nasjonale lokomotivet, vil me oppleva gode synergiar med auka verdiskaping også hjå oss. Eit tett samarbeid med Nord-Jæren vil vera eit viktig supplement for mange av Haugalandets samfunnsinstitusjonar. Eit samarbeid mellom Høgskulen Stord/Haugesund og Universitetet i Stavanger vil til dømes kunne dra kompetanse hit på område der me manglar ein slik. Der det er naturleg bør ein også kunne samarbeida med Sunnhordland – slik som i dag. Mykje av samfunnsutviklinga vil likevel gå i eigne retningar, styrt av marknadskrefter på tvers av kommune- og regionsgrenser. Men så lenge me er ein del av Rogaland fylke er det naturleg å samhandla med fylkeshovudstaden. Slik som Sunnhordland truleg kjem til å samhandla endå meir med Bergen når Hordfast er etablert. Mekanismane er slik at Stord alltid vil vera på vakt mot ”Haugesundsk imperialisme”, slik Haugesund er på vakt mot storebror Stavanger. Til tross for gode samarbeidsavtalar og intensjonar er det slik at kommunane er seg sjølv nærast når dei politiske slaga blir utkjempa. Ordføraren |
|
Desember 2010 Kjære sambygding Budsjett 2011 Elles blir det investert nær 5,3 millionar kroner mellom anna i overrislingsanlegg på sjukeheimen, utbygging av bustadfeltet i Fyrvegen og oppgradering av Føresvik indre hamn. I dei komande åra vil me også gjera store investeringar i vassforsyninga. Det inneber at offentlege gebyr og avgifter må aukast noko. I Kommuneproposisjonen og Statsbudsjettet for 2011 har Stortinget lagt grunnlaget for den kommunale aktiviteten. Det viser ein grei vekst for kommunesektoren på landsbasis sjølv om media teiknar eit negativt økonomisk bilete. Kommunar over heile landet rapporterar om innsparingar og budsjettkutt. I forhold til 2010-budsjettet er Bokn sin del er veksten i frie inntekter kalkulert til omlag 1,3 millionar kroner, eller 2,8 %. Likevel inneber ikkje dette nokon realvekst i budsjettet for neste år. Ei hovudårsak er endringane i småkommunetilskottet. Her har fleire kommunar fått ein reduksjon på omlag ein million kroner. Særleg har dette slått negativt ut for dei minste kommunane, ikkje minst Bokn. Sidan 2005 har Bokn hatt ein eventyrleg inntektsauke. Men etter sju gode år fylgjer ofte sju magre år. Det ser ut for at me må stramma noko inn i tida framover. Bokn får dårlegare tal i 2011 enn for 2010. I forhold til den daglege drifta skal det gå greitt, men det vil skapa utfordringar når me skal til med større investeringar. Satsing på barn og unge Bokn kommune legg også vekt på eit godt tverrfaglege samarbeid mellom helsestasjonen, skulen og barnehagen. Spesielt helsestasjonen har ei sentral rolle i kommunens folkehelsearbeid. Gjennom helsefremjande og førebyggande arbeid, i tett samarbeid med skulen, barnehagen og, etterkvart, folkehelsekoordinatoren, vil me ha fokus på både psykisk og fysisk helse og sosiale forhold. I tillegg er gode møteplassar, slike som biblioteket, bygdakinoen og fritidsklubben Petra, viktige for å sikra eit best mogleg oppvekstmiljø i Bokn. Gjennom målretta arbeid og satsing vil Bokn kommune ivareta og fremja bygda og ungdommen sine interesser. Ved at boknaungdommen vender tilbake til heimbygda etter enda utdanning vil kommunens næringsgrunnlag, omdømme og busetnad styrkast. Satsing på barn og unge er ein langsiktig og viktig strategi for eit lite samfunn som Bokn. Dette er også viktig for motvirka marginalisering og utstøyting ved å fremja brei deltaking, også frå dei svakaste stilte av barn og unge. Lukkast me i dette, blir bygda meir attraktiv for utflytta boknaungdommar. Medlemskap i Nordsjøvegen Selskapet fremjar reiselivsnæringa i området gjennom felles marknadsføring, produktutvikling og andre fellesoppgåver. Sjølv om Bokn er ein liten kommune i reiselivssamanheng, er staden likevel eit viktig knutepunkt for reisande i regionen. Kommunen vil difor styrka denne posisjonen, spesielt når T-sambandet og Rogfast er realisert. Det er naturleg at Bokn blir medlem i familien av Nordsjøveg-kommunar. Der vil Bokn kommune bli marknadsført i mykje større grad enn i dag. Gjennom annonser på fleire språk, stands og brosjyren ”Nordsjøvegen” vil me marknadsførast både innanlands og utanlands. Boknakalenderen 2011 Eg vil ynskja alle lesarane av Bokn Bygdablad ei fredeleg julehelg og eit godt nytt år. Ordføraren |
|
November 2010 Kjære sambygding Perspektivstudie Studien viser at Bokn etter Rogfast truleg aukar potensialet sitt som attraktiv bustadkommune. Den viser såleis til erfaringar frå andre kommunar der folketalsauke har virka attraktivt på næringsetableringar. Utsiktene til vekst i Bokn avhenger av etterspurnaden etter tilgjengelege areal både til bustader og industri og korleis nærliggande stader utviklar seg. Mellom anna kan Slåttevik bli ein konkurrent til Bokn. Fordelane til Bokn er likevel at ein har eit komplett kommunesenter i Føresvik med alle viktige funksjonar på same staden. Bokn er den næraste kommunen til Nord-Jæren nord for Boknafjorden. Med eit arealtilbod større enn etterspurnaden, vil dette kunne trekka til seg både menneske og næringsliv frå Nord-Jæren. Utfordringa ligg i å etablera tenestetilbod og funksjonar som stør opp om Føresvik som kommunesenter og som ein stad for lokal tenesteyting, samstundes som ein legg til rette for å dra nytte av den aukande gjennomgangstrafikken på E39. Moglegheitsstudien konkluderar med at det er god grunn til å å rekna med at Rogfast vil vera positivt for Bokn. Den held likevel fram at det er uvisst koss og i kva grad Rogfast vil verka inn på Bokn kommune, og kva verknader det vil bli for arealbruk og senterstruktur i kommunen. Rogfast gjer det lettare å reisa til Bokn, men også lettare å kjøre forbi. Uansett vil Bokn kommune møta dei same utfordringane som dei fleste mindre kommunane; Koss kan ein gje innbyggarane eit godt tenestetilbod, gode oppvekstvilkår og ei sunn demografisk utvikling, på same tid som ein sikrar at kommunen har ein arealbruk og senterstruktur som gagnar innbyggarane? I moglegheitsstudien til Norconsult lanserar ein omgrepet ”Haugalandsporten”, eit omgrep som knyt seg til områda ved Knarholmen. Her ser ein for seg etablering av maritime verksemder ved sjøen og knoppskyting i områda tett opp til E39 med etablering av bensin- og servicestasjon, kro, overnatting og butikk. Føremålet med ”Haugalandsporten” er at han skal vera lett tilgjengeleg for dei reisande og ha attraktive og naudsynte tenesteytingsfunksjonar som reisande vil etterspørja. Dette vil også vera viktige tilbod for nye verksemder i området og for boknarane generelt. Med denne studien har me fått stadfesta gjennom ord og tal mykje av dei spennande framtidsprognosane Bokn blei førespegla tidlegare i vinter. Moglegheitsstudien vil vera eit nyttig og viktig politisk styringsverktøy dei komande åra, og vil også vera eit viktig supplement til regional plan for Haugalandet. Studien avdekkar mange spennande moglegheiter for Bokn kommune, og eg trur ein vekst i folketalet er ein god start og eit godt utgangspunkt for næringsutvkling, vekst og aktivitet i kommunen vår i tida framover. Ordføraren |
|
Oktober 2010 Kjære sambygding Minibuss Behov og bruksområde for ein minibuss i Bokn er kartlagt og danna grunnlaget for den politiske saka. Lag, organisasjonar og kommunal verksemd blei kontakta for å danna eit bilete av moglege bruksområde. Utifrå tilbakemeldingane kunne ein kon-kludera med at det var eit breidt spekter av bruksområde ein såg for seg i høve ein minibuss. Mellom anna ser ein for seg at ein minibuss vil vera eit flott tilskott til aktiviteten ved sjukestova ved at ein kan ta ibuarane med på utflukter. Også Dagsenteret og Psykisk helseteneste vil kunne nyttiggjera seg av ein minibuss i forhold til utflukter og transport frå og til Boknatun. Fritidsklubben ”Petra” vil kunne ha stor glede av fellestransport i samband med kulturarrangement, kurs, friluftsturar, skiturar, kino, bowling, konsertar og klubbkveldar der arrangementet er i annan kommune. Til-svarande bruksområde gjeld også for organisasjonar som Bokn idrettslag, Bokn sanitetsforening, Bokn pensjonistforening og Bokn Røde Kors, for å nemne nokon. Administrasjonen vil førebu innkjøp av minibus, som skal vera tilrettelagt for rullestolbrukarar, og utarbeida eit reglement i forhold til bruk og ansvar. Ein vil også vurdera om ein etter vedtekne kriteriar skal kunne opna for å leiga ut minibussen til private føremål. Minibuss som blir stilt til disposisjon for lag og organisasjonar og kommunal verksemd, er blitt eit vanleg kommunalt tilbod i stadig fleire kommunar landet rundt. Utifrå tilbakemeldingane i Bokn, trur eg ein minibuss vil vera eit kjærkome tilbod også her, med mange bruksområde. I tillegg har det ein eigenverdi for boknaungdommen å kome til fotballcup i ”eigen buss”. Eg håpar dette tilbodet blir godt tatt imot, og at flest mogleg lag og organisasjonar ser seg tent med å bruke minibussen. Barnevernssamarbeid Styret i BAS har dei siste åra brukt lang tid og store ressursar på prosessen for å kunne legga fram eit felles forslag om etablering av eit fullintegrert barnevernssamarbeid for BAS-kommunane. Bokn kommune har vore ein av pådrivarane for eit samarbeid, som ville kunne ha utvikla seg til ei robust og stabil barnevernsteneste med stor fagleg utvikling hjå medarbeidarane og god kvalitet på barnevernsarbeidet. Med eit slikt samarbeid ville ein stå godt rusta til å møte stadig nye krav og arbeidsoppgåver frå statleg mynde, innføre eit fagområde som er tungt å driva for dei fleste kommunane. Dessverre klarte ein ikkje å kome fram til eit forslag om etablering av eit felles barnevern for BAS-kommunane, mellom anna fordi ein møtte sterk fagleg motstand i ei av deltakarkommunane. Eg trur barnevernet og kommunane hadde alt å vinna på eit interkommunalt samarbeid, mellom anna fordi ein då kunne ha sikra eit kvalitativt godt og stabilt barnevern med høve til å auka kapasiteten på ressurssida. I tillegg kunne ein arbeida for å lettare kunne behalda og rekruttera fagfolk og auka kompetansen gjennom planmessig opplæring og utviklingsarbeid. Barnevernet er eit såpass ressurskrevjande tenesteområde, at nesten ingen av Haugalandskommunane framover vil makta å drifte dette åleine. Det gledelege er at Tysvær kommune, i kjølvatnet av BAS, har opna for å inngå eit barnevernssamarbeid med Bokn, Sveio og Utsira. Ein opnar også for eit samarbeid når det gjeld PPT-tenesta. Bokn kommune har per i dag avtale med Tysvær kommune om kjøp av barnevernstenester. Dette er eit samarbeid som fungerar godt. Det er også dialog med sistnemnde for å få avtalefesta samarbeid når det gjeld PPT-tenester. Eg trur det nå er viktig å jobba for å inngå i eit robust samarbeid, framføre ei utbygging av eit eige barnevern. Spesielt med tanke på posisjonering i høve til den framtidige samhandlingsreforma. Ordføraren |
|
September 2010 Kjære sambygding Gamle skule, kva nå? Bygningen blei teken i bruk i 1951 og er nå prega av alder og aktivitet. Difor melder behovet for rehabilitering seg med aukande styrke. Det blei i 2009 løyvd pengar til vøling av underetasjen etter fuktskader. Ungdommane i Petra fritidsklubb gjorde då ein flott dugnadsinnsats med å rydde ut av underetasjen. Bokn kommune tok kostnadane med å skifte ut innvendig røyropplegg. Formannskapet hadde i vår synfaring. Spørsmålet melde seg då om kva ein vil med bygningen. Kostnadene ved ei totalrenovering kan bli høge. Spørsmålet er om Bokn kommune skal investera store beløp i bygningen, eller om ein må sjå på andre løysningar. Bør ein til dømes legga bygget ut for sal? I møte den 14.09.10 kom formannskapet fram til at drifta av kulturhuset inntil vidare skal halda fram og Petra ungdomsklubb kan bruka to av etasjane slik som dei vil. Dreneringa rundt huset skal ordnast, og lokala skal haldast i stand. Haugaland Vekst I desse dagar er det samtalar med kommunane Karmøy, Vindafjord, Sveio og Etne for at også desse kommunane skal bli medeigarar i selskapet. Ein bakgrunn for desse samtalane er vedtaket som blei gjort den 17. juni i Haugalandsrådet om å leggja ned rådet i den forma det har nå. Dei fire kommunane som i dag vurderar medlemsskap, ser at det trengst eit slikt regionalt selskap. Ikkje minst er det behov for eit organ som kan ta vare på kommunane sine behov for samhandling i regionale saker innan næringsutvikling og andre aktuelle samfunnsspørsmål. Slik sett er Haugaland Vekst eit alternativ til felles regional satsing på Haugalandet. Haugaland Vekst organiserar allereie i dag ein del aktivitetar der alle haugalandskommunane er med. Døme på dette er skule/næringsliv og regional plankoordinering. Desse drøftingane for å få utvida Haugaland Vekst er svært viktige for heile regionen. Haugalandsrådet var ein viktig møteplass for ordførarar og rådmenn, men er altså ikkje meir. Det inneber at viktige strategidrøftingar må inn i nye rammer. Det me treng, er eit tungt, handlekraftig og operativt selskap som samlar alle haugalandskommunane. Gjennom Haugaland Vekst kan me etablera den drivkrafta, kontinuitet og framdrifta som trengst for å møta ein aukande konkurransen frå sterke regionar både i nord og sør. Med alle kommunane samla i Haugaland Vekst vil Haugalandet få ein tydelegare profil og ein sterkare stemme. Ikkje minst kan Haugaland Vekst bli ein avgjerande faktor for å posisjonera regionen vår i samband med dei nye samferdsletiltaka som kjem. Ordføraren |
|
August 2010 Kjære sambygding Omdømmebygging I samband med Stortingsmeldinga om lokal vekstkraft og framtidstru, er det peika på kor viktig det er å få til ei heilskapleg og god lokal samfunnsutvikling. Det å bygga eit godt omdømme betyr mykje for kommunen sitt arbeid med lokal samfunnsutvikling og i arbeid med å fremja bulyst. Eg trur det er viktig for Bokn kommune å jobba systematisk med profilering og omdømmeprosessar for å få til auka tilflytting. Å bygga omdømme handlar om å bygga verdi. Det handlar om å ta tak i moglegheitene for å vera ein stad der folk vil bu, som folk snakkar positivt om og som er i stadig utvikling. Omdømmebygging startar med jakta på det unike i eigen kommune, og at me stillar oss sjølve spørsmåla: Korleis ynskjer me å framstå? Kva slags attraksjonar har me? Kva er me gode på? Kva er det unike hjå oss? Korleis kommuniserar me det? Og korleis gjer me alle innbyggarane klar over at dei har ei veldig viktig rolle i dette arbeidet? Historien om eit lokalsamfunn kan forteljast på mange måter, men å få eksponert det beste Bokn har å by på av kystkultur- og natur på riksdekkande fjernsyn, er ein unik måte å bygga omdømme på. Meir enn 200 stader langs heile norskekysten hadde bedt om å få bli med i programserien, men berre helvta nådde opp. Og boknarane kjente besøkstida si godt, mobiliserte og viste eit flott engasjement slik at NRK fekk nett dei bileta me alle håpa på. Difor vil eg retta ein stor takk til alle som på ein eller annan måte stilte opp på denne viktige dugnaden og bidro til omdømmebygging av Bokn på riksdekkande fjernsyn i beste sendetid. Noregscup i Trial Slike arrangement krev stort og breidt engasjement og mange timars dugnadsinnsats ligg bak før dei fyrste trialkjørarane kan kjøra fram til startstreken på Torland. Men eg er sikker på at verdien er stor av å vera vertsskap for slike arrangement; ein opparbeidar seg kunnskap og erfaring rundt meisterskapsavvikling, utøvararne våre får røyna seg mot dei beste kjørarane i landet og det kjem alltid nokre kroner inn i klubbkassa til slutt. Eg ser fram til mange spennande løp med utøvarar som vil gje publikum ei flott og spennande oppvisning på Torland i september. Spesielt kjekt blir det å fylgja våre lokale utøvarar gjennom dei ulike seksjonane. Eg vil ynskja Pluggen lukke til med eit arrangement som set Bokn på kartet og håpar flest mogleg legg turen til Torland denne dagen for å få med seg flotte oppvisingar av både tilreisande og lokale trialutøvarar. Ordføraren |
|
Juni 2010 Kjære sambygding Ambulanse I brev frå Helse- og omsorgsdepartementet fekk Bokn kommune opplyst at departementet arbeidar med ei ordning for båretransport av pasientar der ein differensierar mellom ambulansane og stiller ulike krav til kompetanse hjå ambulansepersonellet. Helsedirektoratet har i tildelingsbrevet for 2010 fått i oppdrag å foreslå nasjonale krav til ulike typar ambulansebilar og vurdera behov for endringar i regelverket. Dette gjer ein for å legga til rette for at frivillege organisasjonar, og dømesvis Bokn kommune, skal kunne spela ei rolle i den akuttmedisinske kjeda. I møtet med stortingsrepresentantane ba eg om at ein frå sentralt hald også tek omsyn til Bokn kommune sin modell for drift av ambulanseteneste og at ein i samband med gjennomgang av dei nasjonale krava til ambulansebilar også legg til rette for at ein i Bokn skal kunne gjera om dagens ”First responder” til ein ordinær ambulanse ved å tildela same status som ambulansane til dei frivillege organisasjonane i Noreg. Eg håpar sentrale mynde nå prioriterar arbeidet med å legga til rette for alternative ambulansar som er ein viktig, og sannsynlegvis, avgjerande ressurs i den akuttmedisinske beredskapen i vårt desentraliserte land. Føresvikvegen Føresvik hamn Planforslaget inneber at eksisterande fylling blir av slutta med ein steinmur som skal utgjera bryggefronten. Den opne strandsona mot Føresvikvegen blir oppretthalde og blir tilrettelagt som ein badeplass med betre tilkomst via steintrapper og terrasserte steinmurar. I tillegg vil det bli satt opp lys og benkar. Prosjektet har ei kostnads-ramme på 500.000 kroner. Hålandssjøen God sommar Eg vil ynskja alle lesarane av Bokn bygdablad ein god og nordavindsfri sommar. Ordføraren |
|
Mai 2010 Kjære sambygding Vårstemning Sommarhalvåret både kjem og forsvinn brått på våre breiddegrader. Allereie ved St. Hans snik det seg fram ei kjensle av at sommaren er på hell. Årets lengste dag representerar for meg også ei mental markering, slik som det også gjer i motsatt ende når sola ”snur” den 22. desember; dagane blir gradvis kortare og det går sakte men sikkert mot jul og mørkare tider. Av denne grunn prøver eg etter beste evne å nyte desse mai og juni-dagane som flyr avgarde fram til skuleferien startar. Etter mi meining er det årets beste periode me er inne i nett nå; lange lyse kveldar, fjåge boknarar som stellar i hagane sine og båtliv i Boknasundet. Dette er også tida for å ta i bruk den flotte boknanaturen som byr på det meste av både fjord og fjell, skog og strand, lyng og hei. Prøv ein sundagstur til Bokn sin utpost i nord, Boknahåve. Kjekt på Bokn-gruppa ”Ta naturen i bruk”, har gjort ein solid jobb med å merka stier, skilta og setja ut benker langs trasèen. Både Bokna-fjellet, Vardafjellet og villmarka nord i Bokn er vel verdt eit besøk i denne flotte årstida. Regjeringa legg også fram eit forslag til nytt inntektssystem for kommunane. Regjeringa peikar på at dei objektive kriteria som seier noko om kor dyr ein kommune er å drive samanlikna med andre kommunar, ikkje har blitt oppdatert på om lag 15 år. På grunnlag av nye statistiske analysar blir desse såkalla kostnadsnøklane endra slik at kommunane får inntekter etter dei utfordringane dei faktisk har i dag. Dette betyr ein systemteknisk om-veltning med omsyn til berekning av kommunen sine inntekter og utgiftsbehov. Sentrale stikkord er innlemming av barnhagetilskotet i kostnadsnøkkelen, forslag til nye kostnadsnøkler og skatteandelen av samla inntekter blir reduserert fra 45 % til 40 %. Så langt rådmannen kan sjå vil dette bety ei tilnærma uendra økonomisk situasjon for Bokn kommune sett i forhold til regjeringa sine føresetnader. Kommuneproposisjonen legg opp til ein effekt på -106 kroner per inn-byggar, omlag 86 000 kroner, som fylgje av systemendringane, mens fyrste års virkning blir + 254 kr per innbyggar i Bokn, omlag 206 000 kr. Dei siste åra har regjeringa auka småkommunetilskotet, noko som har har vore positivt for Bokn kommune. Sjølv om effekten er liten for neste år med nemnde systemendringar, likar eg ikkje at ein nå gjer endringar med eit tilskott som er såpass viktig for Bokn og andre småkommunar. Men med den auken i folketalet ein har opplevd til nå i år og med positive folketals-framskrivingar for kommunen dei neste åra, trur eg likevel systemendringane på sikt vil kunne slå positivt ut for Bokn kommune. Ordføraren |
|
April 2010 Kjære sambygding Investeringsplan Bokn kommune står framfor fleire store investeringar, mellom anna innan samferdsel, vassforsyning, utbygging av nytt bustadfelt og ferdigstilling av molo i Hålandssjøen. Sjølv om Bokn kommune har forholdsvis høg lånegjeld i høve til andre Rogalands-kommunar, har ein også hatt ei god inntektsutvikling frå 2002 til 2010. Den økonomiske handleevna er styrka både som fylgje av sterkt redusert lånegjeld og ei styrking av disponibelt fond. I høve til ny fleirbrukshall vedtok kommunestyret i nemnde møte også å utreda moglegheita for å kombinera ein ny fleirbrukshall med ny skule. Bakgrunnen for dette vedtaket heng også saman med den forventa folketalsauken i Bokn kommune dei neste 20 åra. Slår prognosane til vil ein merke presset tidleg i høve til skulen. Allereie i dag har ein utfordringar i høve til areal ved Bokn skule. Politisk ynskjer ein difor å avdekka kva som er mest lønnsamt; å bygga ut nåverande skulebygg eller bygga heilt nytt. Arbeidsgruppa som har jobba med å utreda ny fleirbrukshall det siste året har lagt eit godt grunnlag for kommunen. Dette er ei stor, viktig og spennande sak for kommunen vår. Samstundes har føresetnadane endra seg ein del undervegs. Det er difor viktig for kommunestyret å bruka den tida som er naudsynt for å treffa mest mogleg gode og framtidsretta vedtak. Dette gjeld mellom anna i høve til plassering, drift og romprogram. Kommunestyret vil ta stilling til korvidt ein også skal prosjektera ny skule inn i ein fleirbrukshall innan sommarferien. Til den tid skal administrasjonen ha gått gjennom og kvalitetsikra dei økonomiske sidene ved eit slik prosjekt, basert på ein allereie utført moglegheitsstudie frå eit uavhengig konsulentfirma. I dette arbeidet skal ein også sjå på kva tilskott ein kan løysa ut frå det offentlege. Kultursoge Ei bygdesoge vil så og seia starta i år 0 og vil skildra alle sider ved bokna-samfunnet fram til forfattaren avsluttar arbeidet sitt om to år. Det historiske materialet for Bokn er omfattande og vil bli ei viktig kulturhistorisk skildring og dokumentasjon for komande generasjonar. Bygdesoga vil naturleg innehalda informasjon om mellom anna naturgjevne tilhøve, steinalderen, mellomalderen, gjenreisinga, ut-vandringa på 1800-talet, verdskrigane, busetnadsutviklinga, jordbruk og fiske, handel og samferdsel, kyrkje og kristenliv, skulestell, kommunepolitikk og mykje meir. Birger vil gå i gang og førebu dette arbeidet allereie i mai, og går arbeidet etter planen vil kultursoga for Bokn kunne ligga under juletreet i 2011. Ordføraren |
|
Mars 2010 Kjære sambygding Ambulanse Som fylgje av nye forskrifter har Helse Fonna kome med utspel om at ambulansen på Bokn må leggast ned frå 01.04.10. Dette fordi ambulanse-personalet på Bokn-ambulansen frå denne datoen ikkje oppfyller dei lovpålagte kompetansekrava. Ordninga med ambulanse stasjonert i Bokn har fungert godt for inn-byggarane i Bokn, og har samstundes vore eit viktig supplement til den akuttmedisinske beredskapen på E39 i både Bokn og delar av Tysvær kommune. Bokn kommune ser nå på moglege løysingar for å kunne ivareta den akuttmedisinske beredskapen i kommunen. I tillegg har eg teke opp saka med Helse- og omsorgsdepartementet for å avdekka moglege opningar som gjer at det går an å vidareføra ambulansedrifta i Bokn i sin nåverande form. Bokn kommune vurderar også ei løysing med ein såkalla ”First res-ponder”-bil. Dette vil vera ein kommunal akuttmedisinsk beredskapsbil som vil vera knytt opp mot AMK-sentralen i Haugesund. Ein slik beredskapsbil vil vera eit utrykningskjøretøy som i hovudsak vil ha same bemanning som dagens ambulanse, men som ikkje vil kunne transportera pasientar til sjukehus. Beredskapsbilen vil likevel ha same responstid som dagens ambulanse og skal vera stasjonert i Føresvik. Saka blei handsama politisk i formannskapet den 23. mars. Mot eì stemme blei det vedteke å omgjera ambu-lansen til ein kommunal redningsbil, ”First responder”, dersom Helse Fonna seier opp gjeldande avtale om ambulansedrift i Bokn kommune. Ordninga med ein kommunal redningsbil blir ei prøveordning ut året. Tenesta vil bli evaluert i samband med budsjetthandsaminga for 2011. Planlegging Med realiseringa av Rogfast som bakteppe, har ein politisk for alvor starta opp prosessen med å planlegga framtida i Bokn. Formannskapet jobbar nå med ein overordna investeringsplan for kommunen der ein forsøker å ta høgde for dei framtidsutsiktene me er blitt presenterte for. Det er ein spennande, men krevjande prosess for politikarane i Bokn å planlegga for framtida. Utgangspunktet for rullering av kommuneplanen har endra seg radikalt sidan den eksisterande planen blei jobba fram. Sentrale og viktige spørsmål dukkar opp: Kor mange innbyggarar skal ein planlegga for? Kvar skal dei bu? Korleis skal utviklinga skje? Korleis skal ein styra utviklinga? Kva næringsutvikling ynskjer ein og kvar skal utviklinga skje? Skal det byggast opp nye sentrumsfunkjonar utanom Føresvik? Politikarane i Bokn har i løpet av vinteren blitt eksponert for heilt nye krav til det politiske handtverket i den komande kommuneplanen. Kravet til presisjonsnivå i høve til dei strategiske tankane, krev innleving, engasjement og nytenking hjå dei folkevalde og administrasjonen. Det er viktig å treffe godt på den strategiske planlegginga om me i Bokn skal klare å ta vare på dei moglegheitene me ser vil koma i kjølvatnet av Rogfast. Me har fått god hjelp av våre naboar i Rennesøy kommune – kanskje den einaste kommunen i Noreg som har opplevd ei utvikling som det Bokn er blitt forespegla. Den 17. mars gjennomførte Bokn næringsforum tema kveld der Rogfast var hovud-tema. Ordførar på Rennesøy, Ommund Vareberg, var invitert til å fortella om dei erfaringane Rennesøy hadde gjort seg i åra etter Rennfast. Tilhøyrarane fekk mange nyttige innspel og råd i høve til korleis me i Bokn skal kunne handtera ei ekspansiv utvikling. Dette er nyttig kunnskap i den vidare planlegginga. Bokn kommune har også fått løyvd midler frå Rogaland fylkeskommune til ein mulighetsstudie rundt Rogfast-prosjektet. Ein systematisk og ana-lytisk studie av alle sider med Rogfast vil vera eit viktig dokument og eit godt beslutningsgrunnlag for lokalpolitikarane når vedtak skal fattast. Dette dokumentet vil også vera eit viktig supplement til regional plan for Haugalandet, næringsplanen for Bokn og andre planverk som blir førande for bygda i åra framover. Eg trur at ei positiv folketalsutvikling er ein føresetnad for næringsutvikling, vekst og utvikling i Bokn kommune. Vekst i folketalet både trur, og håpar eg, vil kome allereie om eit par år når T-sambandet står klart og bu- og arbeidsmarknaden på Haugalandet blir knytt endå tettare saman. Det er difor viktig at ein politisk visar at me trur på framskrivingane, og brukar framskrivingane til å skapa aktivitet. Dette blir viktig all den tid me veit at aktivitet genererar meir aktivitet. Ordføraren |
|
Februar 2010 Kjære sambygding Bygdabladet 25 år Fleire kommunar i distriktet begynte å gje ut bygdeblad i denne perioden. Også i Bokn fann ein ut at dette ville vera ein god måte å ivareta kommunen si informasjonsplikt på. Å gje ut ei avis er imidlertid ressurskrevjande og administrasjonen i Bokn kommune var nok den gangen i minste laget til å kunne setta av ressursar på å gje ut eit slikt produkt, som heller ikkje er lovpålagt. Det meste av det redaksjonelle arbeidet blei difor utført på fritida og med små ressursar av Reidar Alvestad, som var redaktør frå 1985 til 1997. Bygdabladet blei i denne perioden kopiert opp på kopimaskin, bretta og stifta saman for hand. Men interessa for Bygdabladet var stor, både blant fastbuande og utflytta boknarar. Bladet har i desse åra hatt på trykk artiklar om små og store hendingar frå boknaren sin kvardag. Frå 1997 endra bladet utsjånad og blei trykt på trykkeri. Dette medførte at bladet kunne setja på trykk bileter med forholdsvis høg kvalitet. I dag sit Bokn kommune på eit rikhaldig biletgalleri på fleire tusen bileter. Bilet-arkivet utgjer saman med utallige artiklar ein svært viktig og verdifull kulturell arv for våre etterkommarar, og dokumenterar kvardagen i Bokn. Ein må heile tida tilpassa bladet i høve til den tida ein lever i, og 1. april 2003 nådde Bygdabladet ein ny milepæl då bladet fekk si eiga nettside, og etterkvart fekk abonnentane også fekk høve til å lasta ned bladet i pdf-format. Dette medførte at andre medium lettare kunne fanga opp saker frå Bokn kommune. Det er fleire døme på saker som har blitt fulgt opp av andre medier med utgangspunkt i Bygdabladet, og sistnemnde har også levert bilete i samband med større hendingar til andre aviser. I tillegg til å vera Bokn kommune sin viktigaste informasjonskanal, trur eg Bygdabladet også er ein særs viktig identitetsbyggar for boknarane. I tillegg er bladet med å tena og stimulera demokratiet, kulturen, organisasjonane og næringslivet i Bokn. Eg vil nytta høvet til å gratulera Bygdabladet med sine fyrste 25 år, og takka alle som gjennom desse åra har bidratt til eit godt og nyttig blad. Felles formannskapsmøte i Bokn Dette var eit viktig møte og blei gjennomført på eit gunstig tidspunkt. Symbolverdien av at sentrale politikarar på Haugalandet samla seg på denne måten på Bokn var stor, spesielt etter at byrådsleiaren i Bergen og ordføraren i Stavanger i januar møttest i vår eigen bakgård for å markera starten på eit tettare samarbeid mellom dei to storbyane. Fleire meiner at Haugalandet har hamna på sidelinja i prosessen med å samla politiske krefter i nord-sør aksen på Vestlandet. Det nyttar ikkje for Haugalandspolitikarane å sutre over det som skjer. Ein må tvert i mot forholda oss til det faktum at Rogfast nærmar seg ein realitet og førebu oss på dei utfordringane som kjem i kjølvatnet av fastlandssambandet med nord-jæren. For Bokn vil det utvilsamt vera ein stor fordel å få bu- og arbeidsmarknaden på nord-jæren 20 minuttar unna oss. Det som er positivt for oss, er også positivt for Haugalandet. Og omvendt. Lukkast det for Bokn å ta vare på og utnytte dei moglegheitene som Rogfast gjev oss, vil det i fylgje det norske konsulentselskapet Econ Pöyry gje kommunen vår store, positive ringverknadar. Mellom anna vil det kunne gje positive utslag for folketalet. Haugalandet må nå legga til sida frykta for Stavangerregionen og heller jobba saman for å styrka regionen vår. Me må samla kraft og fokus for å styrka og vidareutvikla Haugesund lufthavn, Karmøy, Høgskulen Stord/Haugesund, sjukehuset, handelsstanden og andre sentrale samfunnsinstitusjonar på Haugalandet. Me bur i den mest ressursterke regionen i Noreg. Med gode strategiar og godt samarbeid skal me klare å ta den posisjonen eg meinar Haugalandet har føresetnad for, og på den måten unngå at Haugalandet blir ein sovande forstad til Stavanger etter at Rogfast er opna for trafikk. Ordføraren |
|
Desember 2009 Kjære sambygding Budsjettet Kommunestyret vedtok i møte 15.12.09 budsjettet for 2010, og var eit fellesforslag frå dei fire partia som er representert i kommunestyret. Sjølv om Bokn kommune har eit akseptabelt overskot på drifta, har me framleis høg lånegjeld. Det vedtekne budsjettet for neste år er stramt, men politikarane har prioritert å oppretthalda og vidareføra det gode tenestetilbodet Bokn kommune har hatt i 2009. Det er mellom anna lagt inn i budsjettet ei auke på 25% stilling til styrking av musikk- og kulturskulen. I tillegg er det løyvd midler til eit prøveprosjekt i 2010 med ei auke i opningstida for biblioteket på kveldstid. Vidare er det løyvd midler til Petra fritidsklubb for oppgradering av interiør og anna utstyr som er relevant i forhold til drifta på Kyrkjebygd kulturhus, og det er satt av 200.000 kroner til oppretting av folkehelsekoordinator i samband med partnarskapsavtalen for folkehelse som Bokn kommune inngjekk med Rogaland fylkeskommune i haust. Rogaland fylkeskommune skal etter planen gå inn med tilsvarande beløp. Bokn kommune står framfor store utfordringar når det gjeld investeringar. For å posisjonera kommunen i forhold til dette, har ein styrka disposisjonsfonda med 1 million kroner til utbetring av Føresvikvegen og 1 million kroner til bygging av fleirbrukshall. I tillegg vedtok kommunestyret ei investering på 300.000 kroner til opparbeiding av indre hamn i Føresvik. Av det budsjetterte overskotet på nær 5,6 millionar kroner, er det satt av 650.000 kroner til vidareføring av ”Kjekt på Bokn”. Kulturprisen 2009 Kulturprisen blei fyrste gang delt ut i 1993 og siste gangen i 2005. I 2007 blei han av ulike grunnar ikkje delt ut. Ein såg det då som naturleg at 2009 blei året for neste tildeling. Kulturprisen blir delt ut til personar som har utført eit særleg verdfullt arbeid på kulturområdet eller i nærmiljøet i Bokn kommune. Boknarane har gjennom Bygdabladet blitt oppmoda om å kome med forslag på kandidatar. Årets kulturprisvinnar blei vedteke av eit samrøystes formannskap den 08.12.09. God jul Sjølv om verdensøkonomien ser ut til å ha stabilisert seg, vil konkurranseutsatt sektor framleis ha nokre tøffe år framføre seg. Høg rente og høgt kostnadsnivå i oljenæringa vil også påvirke aktivitetsnivået i mange Rogalandsbedrifter i tida framover. Det har heldigvis vist seg at Haugalandet, og områdene frå Stavanger til Bergen, har vore så ressurssterk som eg har trudd og håpet på. Bedriftene har hatt evna til å halde hovudet kaldt. Dei har mellom anna skjerma lærlingmiljøa og har tenkt langsiktig, spesielt med hensyn til opplæring og kompetanse. Ordføraren |
|
November 2009 Kjære sambygding Kalender Eg meiner årets kalender har teke steget opp eit nivå takka vera dyktige hobbyfotografar som har sendt inn sine bidrag til redaksjonen. Bileta i kalenderen held eit høgt teknisk nivå, samstundes som fotografane har hatt evna til å fanga motiva på ein slik måte at dei skapar undring og begeistring. Mange vil nok spørje seg om bileta verkeleg er tekne på Bokn. Temaet for Boknakalenderen 2010 er natur og dyreliv gjennom årstidene. Kvar måned har i tillegg fått fylgje av ein matoppskrift med lokal tilknytning. Utforminga er noko endra i høve til 2009. Sjølve kalendariet er tona ein del ned, mens bileta i større grad er framheva. Eg håpar kalenderen fell i smak og eg vil samstundes oppmoda lesarane om å bidra med sine blinkskot frå Bokn til 2011-kalenderen. Rogfast Bokn har fått aksept for sine krav hjå vegmyndene om eit eige kryss på Are og oppgradering av krysset i Knar-holmen til planfritt kryss. Samstundes pågår det ein dialog mellom fylket og Statens vegvesen og Bokn kommune om punktet som omhandlar risiko- og sårbarleiksanalyse på den framtidige E39-trasèen over Bokn. Den framtidige trafikkauken vil representera ein heil del ulemper og utfordringar for boknasamfunnet, slik som til dømes eit meir samansett ulukkesbilete og støy-problem. Bokn kommune meinar det er vesentleg at kostnadar knytt til utbetrings-tiltak på strekninga Arsvågen-Mjåsund blir kjent for politikarane før finansi-eringa av prosjektet er på plass. Desse kostnadane bør kome inn i Rogfastbudsjettet, og ikkje i samband med reguleringsplanarbeidet – noko som erfaringsmessig vil vera mindre Aktuelle utbetringstiltak er til dømes midtrekkverk, breiare vegbane, støyskjerming, veglys, kryssutbetring på Austre Bokn og Ognøy. Dette er viktige trafikksikringsmoment, ikkje berre for boknarane, men for alle som kjører på E39 gjennom Bokn. Eg er innstilt på å finne ei minneleg løysing på desse spørsmåla saman med Svineinfluensa Sjølve gjennomføringa av dei organiserte vaksinasjonsdagane har gått bra. Boknarane har vore flinke til å møte opp når dei skulle, samstundes som få personar har blitt avvist på grunn av mangel på vaksinar eller kapasitet. Stemninga har vore god på vente-rommet, der det blei servert kaffi og ein fekk høve til å slå av ein prat med naboen. Det er i skrivande stund uklart når Bokn får tilsendt nye forsyningar med vaksine frå sentral helsemynde, men ein reknar med å motta 500 nye dosar før jul. Gå inn på www.bokn.no for oppdatert informasjon om vaksinasjon. Ordføraren |
|
Oktober 2009 Kjære sambygding Statsbudsjettet Av dette er 230 millionar kroner øyremerka samhandlingsreforma, mens eìn milliard går til samferdsle. Men i framlegget var det heller ingen bidrag til å betre kommunesektorens økonomiske balanse, som i utgangspunktet er for svak. Sjølv om den økonomiske situasjonen i Bokn er tilfredsstillande, slit heile kommune-noreg med låge netto driftsresultat og ei sterk auke i gjelda. Framlegget til statsbudsjett viser at det er små direkte konsekvenser for 2010-budsjettet i Bokn. Det ligg inne ei lita auke i rammetilskottet på om lag 5,5 % og dette tilseier at driftsnivået frå 2009 vil kunne vidareførast i 2010. Rammetilskott og skatt er berekna å utgjera om lag 44 millionar kroner for 2010 mot kroner 41,4 millionar i 2009. Det er nå heldigvis klare teikn på at den økonomiske aktiviteten er på veg oppover igjen, etter ei særs svak utvikling mot slutten av 2008 og inn i 2009. For 2010 legg ein til grunn ein vekst i BNP for Fastlands-Noreg på vel 2 prosent, etter ein nedgang på 1 prosent i år. Den anslåtte veksten i 2010 er lågare enn trendveksten i økonomien, men ein ventar at arbeidsløysa vil auka noko også frå i år til neste år. Folkehelsekoordinator Bokn kommune er godt i gang med rullering av kommuneplanen, og med nemnde vedtak har politikarane i Bokn støtta opp under eit av dei viktigaste satsingsområda, som er folkehelse. For å kunne gjera gode prioriteringar når kommuneplanen skal utarbeidast, er det viktig at kommunen sit på god kunnskap om helsetilstanden i kommunen og dei faktorar som er med å påverka helsa. Ved å inngå partnarskapsavtale kan Bokn kommune få tilskott til å bygga opp ein infrastruktur for folkehelsearbeidet og styrka koordineringsfunksjonen. Dette kan m.a. innebera at ein brukar dei tildelte midlene til å tilsetja ein folkehelsekoordinator i Bokn. Gjennom ”Kjekt på Bokn” har ein etablert eit godt fundament for det vidare folkehelse-arbeidet. Tanken er at ein gjennom partnarskapet med fylkeskommunen kan styrka, utvida og vidareutvikla dette arbeidet. Gründerånd i Bokn Den siste tida har eg registrert at det er stor etablerarvilje i kommunen. Til nå i år er det innvilga midler frå næringsfondet til heile seks søkjarar. Desse etablerarane representerar ulike næringar, dømesvis innan fiske, båttransport, fritidsbåtsegmentet og grønn omsorg. Eìn av desse søkjarane var Roy Olsen. Han fekk innvilga midler frå næringsfondet til å utvikla vidare forretningsidèen sin. Prosjektet hans oppfylte også kriteria for å bli teke opp i Haugaland Vekst sitt inkubatorsystem. Ein inkubator bidreg til å utvikla innovasjonsbedrifter i ein tidleg fase ved bruk av kompetanse og nettverk som inkubatoren har. Inkubatoren kan bistå med administrative tenester og kontorleige. Inkubatoren sit også på eit kompetansenettverk som syt for at gründeren får det optimale utgangs-punktet for utvikling forretningsidéen. Eg vil ynskja Roy lukke til med prosjektet og eg håpar at innsatsen hans på sikt kan skaffe fleire arbeidsplassar til bygda, samstundes som etablerarviljen hans kan vera til inspirasjon for andre gründarar i Bokn. Ordføraren |
|
September 2009 Kjære sambygding TV-aksjonen 2009 NRK har plukka ut ein verdig organisasjon til årets TV-aksjon. Er du fødd som jente i eit fattig land, har du alle odds mot deg. Det er mellom anna mindre sjanse for at du går på skule og at du får tilgang til helsetenestar når du treng det. CARE fokuserar på kvinner og jenter, og syt med det for at stemma deira blir høyrt. Den 18.oktober kan du vera med å gje verdas fattigaste kvinner og familiane deira eit betre og meir verdig liv. I fjor satte me innsamlingsrekord i Bokn. Eg vil oppmoda boknarane til å ta vel i mot årets bøssebærarar og gje slik at me slår fjorårets innsamlingsresultat. Formannskapet har allereie lagt grunnlaget for eit godt resultat då dei i formannskapsmøte 30. september løyvde kr. 20 per innbyggjar til denne viktige saka. Trafikkultur Dagleg har me tusenvis av gjester som er innom kommunen vår. Som vertskap for E39 forventar eg at gjestane våre oppførar seg fint den stunda dei er her – om det så berre er for 20 minuttar. Eg trur dei fleste er enig med meg i at me bør kunne forventa at gjestene våre held lovar og reglar når dei gjestar kommunen vår. Me forventar at dei har ei framferd som ikkje set eigne eller andre sine liv i fare. Likevel er eg nesten dagleg vitne til forbikjøringar som kvalifiserar til førarkortbeslag og fartsbrot som ville medført fengsel utan vilkår. Og det på ein europaveg som i røynda held same standarden som ein forstadsveg med 60-sone og gangfelt. Grunnane er mange og gode for at Bokn kommune nå har kontakta naboen i aust, Tysvær kommune, og ein kommunikasjonsrådgjevar for å sjå om det er grep me kan gjera saman for å justera trafikkulturen på E39, før det går nye liv tapt. Me ynskjer å trekka inn fleire aktørar i dette samarbeidet, slik som til dømes vegmynde, politiet, andre kommunar, lokalt næringsliv, Fjord1 med vidare. Sveio kommune, Haugaland og Sunnhordland politidistrikt og Utrykkingspolitiet har til nå gjeve uttrykk for at dei ynskjer å delta i ein ”trafikksikringsdugnad” saman med Bokn kommune. Det offentlege, både politiet og vegmynde, har opp gjennom åra kjørt mange ulike trafikksikringskampanjer med vekslande hell. Det me snakkar om i vår kommune er førebels ein ”småskalakampanje” der ein med små midler heller må vektlegga det kreative og vera nytenkande. Kanskje det er i den subtile bodskapen nøkkelen ligg til å endra folks kjøreadferd – i alle fall så lenge dei er i vår kommune? Inntil me får svaret på dette spørsmålet: Kjør forsiktig. Ordføraren |
|
August 2009 Kjære sambygding Svineinfluensa Mange meinar det har vore svært mykje oppstyr rundt denne pandemien, men det er viktig for offentlege mynde og kommunane å ha gode planar og strategiar for å kunne handtera eit verstefallsscenario. Bokn kommune sitt fokus er å kunne halda hjula i gang og kunne få drifta tilbake til ein normalsituasjon så raskt som råd, uansett kva prognoser som måtte slå til. Prognosene viser at pandemien vil nå ein topp i midten av september. I dei verste vekene av epidemien reknar Folkehelseinstituttet med at det totale sjukefråveret maksimalt kan koma opp i 25 %. Tida vil vise om desse prognosane slår til, men inntil vidare bør alle fylgja dei råda som er gjeve om hygiene i samband med svineinfluensaen. 10. klasse ved Bokn skule skal på studietur til Polen i september med Aktive Fredsreiser, og i den samanhengen blei klassen invitert til å dekorera ein av desse dominosteinane. Som den einaste skulen i Rogaland skal elevane frå Bokn dekorera eit bodskap om historikken til muren og murens fall på steinen. Meir enn 1000 steinar skal dekorerast, og det vil bli brei omtale av prosjektet i media. Dekorasjonane vil i tillegg bli foreviga i boka ”Buch der Steine”, som kjem ut på 20-års dagen. Det er veldig hyggeleg at Bokn skule er eìn av 12 skular i Noreg som blei trekt ut til å delta i ei viktig historisk markering. Dette blir utvilsamt ei spesiell oppleving for 10-klassingane og vil setta ein spiss på ein spennande utanlandstur. Eg vil ynskja heile reisefylgjet god tur og lukke til med prosjektet. Val 09 Med dette som bakgrunn har ein i samband med årets val utfordra kommunane til å delta i Demokratimesterskapet. Dette er ein nasjonal konkurranse der alle kommunane i landet konkurrerar om å få høgast valdeltaking under Stortings- og sametingsvalet. Målet er auka valdeltakinga i kommunane og skapa eit positivt engasjement kring det norske demokratiet. Vinnaren får 100. 000 kroner. Bokn kommune er meld på i denne konkurransen, og i denne samanhengen vil eg oppmoda alle boknarar om å bruke stemmeretten sin. Val er ein av dei absolutte grunnsteinane i eit oppbygd samfunn, og dette gjev kvar enkelt høve til å delta i ei opinions-danning og dermed påverknad av samfunnsutviklinga. Dette åleine er god nok grunn til ikkje å sitje heime valdagen, men nå kan du også bidra til at Bokn er med i kampen om 100. 000 kroner til fellesskapet og god omtale i media. Bruk stemmeretten. Godt val! Ordføraren |
|
Juni 2009 Kjære sambygding Fleirbrukshall Bygging av fleirbrukshall er ei stor sak i Bokn, og vil vera eit stort økonomisk løft for kommunen. Dette er ikkje utelukkande eit kommunalt prosjekt, men ei sak som vedkjem både lag og organisasjonar og boknarar flest. Difor er det viktig at ein kjører ein grundig og god prosess som inneber ei brei deltaking og involvering, og eit aktivt engasjement frå både lag og oganisasjonar i Bokn. Det vil vera ein avgjerande faktor for at ein skal kunne lukkast med eit så stort prosjekt. Fleirbrukshall er eit godt og viktig prosjekt i Bokn, og har vore etterspurt i mange år. Samhandlingsreforma Kommunane får også økonomisk ansvar for utskrivingsklare pasientar frå 2012. Regjeringa vil at kommunane skal få overført pengane det kostar å ha desse liggande på sjukehus. Føremålet er å gje kommunane ein økonomisk stimulans til å etablera eit billigare kommunalt alternativ. Tanken bak samhandlingsreforma er god, og ei gjennomføring vil kunne gje samfunnet meir helse ut av kvar krone, meir likeverdig tilbod og betre tenestar der folk bur. Men det er også ei omfattande og kostbar reform, og slik eg ser det bør ikkje reforma bli gjennomført utan ordningar som avgrensar den økonomiske risikoen for små kommunar. Pasientar med ein samansett diagnose vil kunne gje urimelege utslag i økonomien i små kommunar. For å kunne lukkast med gjennomføringa av samhandlingsreforma i Bokn, trur eg ein må bygga vidare på det gode og tette samarbeidet ein allereie har på Haugalandet. Med å inngå i eit stabilt, interkommunalt samarbeid i vår region, trur eg ein har kraft til å gjennomføre reforma etter intensjonen. Og på den måten også unngå kommunesamanslåing. God sommar! Ta på shortsen, fyr opp grillen og nyt det gode liv på terrassen. God sommar! Ordføraren |
|
Mai 2009 Kjære sambygding Team Hanne Team Hanne har gjennom heile våren levert solid korsong og koreografi i beste sendetid til heile landet, og eg var aldri i tvil om at haugalendingane ville kome heilt til finalen. Hanne Krogh, Anne Tove og resten av koret, har vore særs gode ambassadørar for regionen vår, og det var ekstra hyggeleg at dette ikkje berre blei eit Haugesundsprosjekt, men ein kulturell dugnad der folk frå nabokommunane også deltok. Pengepremien skal gå til eit fond for unge kulturtalent på Haugalandet. Dette er ein fornuftig måte å forvalte friske kulturmidler på, og som vil vera til god hjelp og inspirasjon for dei mange flinke og kreative ungdommane me har på Haugalandet. Gratulere med sigeren og takk for flott underhaldning! Tiltakspakke I møte den 5. mai fordelte formannskapet midlene på aktuelle tiltak i Bokn kommune for inneverande år. Det blei då bestemt at ein skal rehabilitera og setja i stand to av leikeplassane som i 2006 blei rive etter kontroll av leikeplassinspektør. Det blei løyvd 150.000 kroner til dette tiltaket. Vidare blei 50.000 kroner løyvd til sikring av farlege område rundt skulen, samt nytt gjerde rundt fotballbanen i Føresvik. Formannskapet nytta også høvet til å henta inn noko av vedlikehaldsetterslepet ein har på kommunale kaiar og løyvde 100.000 kroner til gjennomgang av tilstand og vedlikehald. Utover dette blei det løyd midler også til andre mindre tiltak i kommunen, slik som utskifting av vindauge på Boknatun, rehabilitering av feristar og vedlikehald langs vegar og uteområde i kommunen. Haugalandspakken Dei siste 10 åra har ein hatt ei markant auke i trafikken på Føresvikvegen, frå E39 ved Knarholmen og til Føresvik sentrum. Trafikkavviklinga er ikkje optimal med den vegutforminga ein har i dag, og spesielt næringslivet i området har peika på utfordringa med å få fram store kjøretøy. Av denne grunn trur eg tida er inne til å vurdera ei mogleg oppgradering av denne vegen og ei forlenging av sykkel- og gangsti til Knarholmen, og det blei i vinter starta ein prosess for å førebu dette arbeidet. Mellom anna har Bokn kommune hatt fleire møter med Statens Vegvesen om saka, og i veke 18 og 19 hadde ein utplassert ein trafikkteljar som registrerte talet på passerande kjøretøy ved teljepunktet sør for miljøstasjonen i Føresvik. Desse registreringane vil vera med og danna grunnlaget for det vidare planleggingsarbeidet i området. Reguleringsarbeidet vil truleg starta opp til hausten, og i fylgje samferdslesjef i Rogaland, Gunnar Eiterjord, vil sekkeposttiltaka bli starta opp fortløpande når reguleringsplanane er klare i den enkelte kommune. Ordføraren |
|
April 2009 Kjære sambygding Rogfast Etter ein langvarig økonomisk vekst, der Rogaland har vore den regionen med sterkast vekst, har Rogfast vokst seg fram til å bli eit samfunnsøkonomisk godt prosjekt, eit prosjekt med høg nytte – kost faktor. Dette, saman med eit målretta arbeid med dei andre vestlandsfylka, har nå gitt resultat. For Bokn vil ei vegutløysing med ein undersjøisk tunnel til nord-Jæren, kanskje vera av ei like stor betydning som den gang me blei landfast. Men effektane av Rogfast vil, både trur og håpar eg, bli mykje større enn i 1991. Trendene i det statistiske materialet Bokn kommune brukar som sitt grunnlag i samfunnsplanlegginga, er generelt positive. Folketalsauke, sysselsetjingvekst, auka trafikk gjennom kommunen og ein styrka tilgang til viktige arbeidsmarknader i både nord og sør tyder på at framtidsutsiktene er gode. Føresetnaden er likevel at ein politisk møter dei utfordringane som ein ser i desse framskrivingane. Korleis kan til dømes Bokn kommune utnytta marknadspotensialet til det store – og aukande – trafikkvolumet til E39? Kvar skal folk bu? Kvar ynskjer ein nyetableringar og korleis tilpassar ein infrastrukturen? Dette og mange andre viktige spørsmål må politikarane i Bokn nå for alvor ta tak i når ein skal planlegga framtida. Desse utfordringane gjer det også spennande å vera lokalpolitikar, og spesielt i desse dagar kor me er i gang med rullering av kommuneplanen i Bokn. Utfordringa vår er å harmonera våre visjonar med det realistiske framtidsbiletet, og på det grunnlaget ta dei rette avgjerdene. Det vil bli ein krevande, men spennande jobb. Tannlege Tannlegekontoret er nå oppe og går att, og opningstidene er kvar måndag kl. 08-15, førebels fram til august. Det vil vera tannpleiar på Boknatun også kvar onsdag fram til sommaren. I august kjem den faste tannlegen tilbake frå permisjon. Det er usikkert om det då blir endringar på opningsdagen. Utanom opningstida ved Boknatun, kan ein for andre henvendingar ta kontakt med tannklinikken i Tysvær, m.a. ved akutte tilfelle. Overtannlege Hauge kunne også fortelja at det for tida er god tilgang på tannlegar på Haugalandet, men at det var tilfeldige omstende som førte til at ein var nøydd for å stenga tannlegekontoret i Bokn. Kjekt på Bokn Dei tre arbeidsgruppene i Kjekt på Bokn har vore aktive sidan nyttår. Alle gruppene har hatt fleire møter der ein m.a. har plukka ut ulike tiltak, store og små, som ein konkret skal jobba vidare med. Eg har opplevd eit stort engasjement i alle gruppene, og dette er ein avgjerande faktor for at dette prosjektet, som er forankra i Bokn sin kommuneplan, skal vera levande og kunne bære frukter. Prosjektet har eit langsiktig perspektiv med eit overordna mål om å gjera Bokn til ein stadig kjekkare plass å bu, og å få endå fleire til å flytta her. Eg opplever at både gruppemedlemmene, politikarar og andre boknarar har teke denne visjonen på alvor, fyrst og fremst gjennom dei positive tilbakemeldingane me har fått, men også gjennom det utruleg flotte engasjementet som er vist i dei tiltaka som er gjennomført. Eg vil oppmoda alle boknarar til å kome med innspel til nye tiltak, engasjera seg i gjennomføringa av nye tiltak og elles, på ein positiv måte, støtta opp om dette viktige små-samfunnsprosjekt. Med dette som grunnlag trur eg me langt på veg skal kunne nå målsettinga i visjonen vår for Bokn. (Sjå også s. 4 - red.anm.) Ordføraren |
|
Februar 2009 Kjære sambygding Tiltakspakke frå regjeringa Tilskotet er eit eìngangstilskot for 2009. Midla må brukast på prosjekt som blir sett i gang i 2009. Kommunane må utforma og dimen-sjonera tiltaka sine i tråd med denne føresetnaden, og i etterkant rapportera om bruken av tilskotet til fylkesmannen. Rådmannen vil utarbeida ei liste til formannskapet over prosjekt som harmonerar med føresetnadane til regjeringa, og så vil ein politisk foreta ei prioritering av konkrete vedlikehaldsprosjekt som skal gjennomførast i Bokn. Kommunesektoren har med dette eit flott høve til å dra inn mykje av det etterslepet ein har når det gjeld ved-likehald av til dømes kommunal bygningsmasse. Sjølv om brorparten av den kommunale bygningsmassen i Bokn er av nyare dato, er det også hjå oss mange oppgåver å ta fatt i. Ved-likehaldsoppdraga vil ha positive effekter for sysselsettinga innan bygg og anleggsbransjen. Tannlege Inntil vidare vil det koma ein tannpleier til å ta seg av prioriterte grupper som til dømes barn. Elles vil det koma tannlege til Boknatun etter behov. Andre grupper er dessverre ikkje prioriterte. Grasrotandelen Ordføraren |
|
Desember 2008 Kjære sambygding Budsjett Det er, slik eg ser det, eit godt budsjett der ein fann rom for fleire nyinvesteringar. Me veit at Bokn i åra framover skal utreda fleire større, konstnadskrevjande prosjekt slik som til dømes nytt høgdebasseng på Vaulen, utbygging av skulen og barnehagen samt fleirbrukshall. Dette har politikarane hatt i bak-hovudet, samt den usikre situasjonen i verdsøkonomien, når ein har jobba fram neste års budsjett. Difor har ein vist måtehald og ikkje latt seg friste til å gape over meir enn det som ein vurderar som forsvarleg. Men av nye investeringar kan nemnast kr. 1.000.000 til nytt bårehus ved kyrkja, midler til asfaltering av kommunale vegar og området ved miljøstasjonen i Føresvik, samt kr. 200.000 til opprusting av areala rundt Føresvik indre hamn. I tillegg er det satt av midler til trafikksikringstiltak i kommunen og det er løyvd midler til styrking av musikkskule/kulturskule frå og med hausten 2009. I driftsbudsjettet er det lagt opp til ei rekkje mindre tiltak, mellom anna diverse nyinnkjøp av interiør til skulen, nytt utstyr til gymnastikksalen, utvikling av uteområdet til barnehagen med innkjøp av fleire leikeapparat og nytt og breiare kinolerret i auditoriet, samt oppgradering av kinolyden. Sistnemnde tiltak vil gje kinopublikummet ei mykje betre kinooppleving. Grunnlaget for den kommunale aktiviteten blir i hovudsak lagt i Stortinget gjennom Kommuneproposisjonen og Statsbudsjettet. Trass i konjuktur-nedgang på verdsbasis, har ein i Bokn framleis ein situasjon som inneber at ein opprettheld drifta i kommunen. Finanskrisa har skapt usikkerheit i mange kommunar rundt nivået på skatteinntektene for 2009, og mange kommunar har i tillegg tapt pengar på grunnfondsbevis og aksjar. Av denne grunn har fleire rogalandskommunar redusert i drifta til neste år. Det siste utspelet frå regjeringa inneber at kommunane likevel kan forutsei framtida betre ettersom eventuell God jul I tillegg ”snur” sola den 21. desember og det går mot lysare tider. For mange trur eg vintersolvervet gjer ein mentalt betre rusta til å møte dei to vinter-månadene som står att. Men me har hatt ein fin haust med mange flotte godvêrsdagar, slik at vintersolvervet tross alt ikkje var så ”påkrevd”. Men me får nå altså god anledning til å feira at dagane blir lengre. Eg vil takka for året som har gått og ynskja alle lesarane våre ein god og fredfull jul og eit godt og innhaldsrikt nytt år. Ordføraren |
|
November 2008 Kjære sambygding Fleirbrukshall Behovet for ein fleirbrukshall er likevel tilstades. I dag fungerar gymnastikksalen på skulen som kommunen si storstove og samfunnshus. Pågangen til å bruke desse lokala er til ei kvar tid stor, og frå tid til anna må aktivitetar avlysast. Den hyppige bruken gjer at slitasjen på gymnastikksalen er stor. I tillegg kan ein koma i konflikt med brannforskrifta ved større arrangement. Formannskapet innstilte i møte 18.11.08 ei prosjektgruppe som skal utarbeida eit forslag til bygging av ein fleirbrukshall i Bokn. Prosjektgruppa sitt mandat er å laga ein funksjons- og kvalitetsskildring, samt kostnads-overslag for anlegg og infrastruktur for ferdigstilling av ein fleirbrukshall innan 2012. Prosjektgruppa skal utarbeida forslag til byggestad, kva type hall ein ynskjer å bygga, finansieringsplan, bruksområde og drift. Eg har hatt inntrykk av at ein fleirbrukshall har stått høgt på ynskjelista til boknarane i mange år. Eg trur det er på tide å blåsa liv i desse planane igjen og jobba for at bygda får eit bygg som møter behova til dei ulike laga og organisasjonane og det øvrige kulturlivet i Bokn. Med ein slik hall vil ein bygga for framtida og gjera Bokn til ein endå meir attraktiv kommune å flytta til, samstundes som ein utvidar tilbodet til dei som bur i bygda. Formannskapet er styringsgruppe i samband med prosjektet. Prosjektgruppa arbeidar på frivilleg basis. Saka skal til behandling i kommunestyret den 9. desember. Julebordsesong I ein hektisk kvardag er det ikkje alltid tid til å stikke innom nabokontoret for å ta ein drøs med arbeidskollegaene over ein kaffikopp. Men den uformelle, fem-minutts drøsen, har ein viktig sosial funksjon i ein jobbsamanheng; han fungerar som smøring i samfunnets maskineri og det fremjar trivsel på arbeidsplassen. Julebordet blir difor ein arena der ein har høve til å ivareta delar av dette. Kos deg på julabordet, det er vel fortent. Vis omsyn og la julebordet bli ei hyggeleg oppleving for alle. Ordføraren |
|
Oktober 2008 Kjære sambygding Kalender Det er gjort nokre endringar i høve til 2009-kalenderen, og den viktigaste endringa er sjølve formatet. A3-formatet i neste års kalender gjer at bileta kjem meir til sin rett. Finanskrise Det som kan bli eit problem for kommunane i Noreg på kort sikt, er å få innvilga lån av dei viktigaste bankkontaktane, slik som til dømes Kommunalbanken. Desse bankane hentar for tida inn kapital frå utlandet, men på grunn av kapitaltørke i utlandet får heller ikkje kommunane sine viktigaste bank-kontaktar tilgang til friske pengar. Dermed blir det reduksjon i byggeaktiviteten i kommunane, og større investerings-prosjekt blir inn til vidare lagt på is. Dette førar igjen til ei auke i arbeidsløysa. Eg håpar at situasjonen normaliserar seg i løpet av eitt års tid, men dette er det umogleg å seia noko om i dag. Eg er likevel førebudd på at kommunane sin skatteinngang neste år kan bli kraftig svekka på grunn av dagens konjunkturendring. Budsjett Som tidlegare nemnd har me i Bokn ein forholdsvis høg lånegjeld per innbyggjar, og dette gjer at det endå går ei stund før me kan legga opp til større investeringar i budsjetta. Sjølv om lånegjelda er på veg ned, gjer store kapitalutgifter at Bokn i ein del år framover vil slite med høge finanskostnader. Ordføraren |
|
September 2008 Kjære sambygding Full bemanning Konsekvensen av den høgkonjukturperioden me har bak oss her til lands, var at både offentleg og privat sektor hadde problemer med å rekruttera kvalifisert personell til ledige stillingar. Dette er framleis kvardagen for dei fleste andre kommunane i fylket, sjølv om ein nå så smått ser endringar i kjølvatnet av rentehevingane den siste tida. Sjølv om situasjonen fort kan snu, kan me per i dag altså gleda oss over at me i Bokn har tilsatt dyktige medarbeidarar i alle seksjonane. Kommuneplanrullering Nå når det viktigaste styringsdokumentet for Bokn skal utarbeidast, må ein politisk og administrativt planlegga med utgangspunkt i etablering av både næringsparken i Gismarvik og næringsparken ved Hydro på Karmøy, som legg til rette for mange hundre nye arbeidsplassar i nærområdet vårt, oppstart av T-sambandet, som kortar ned reisetid- og avstand i regionen vår, samt Rogfast. Bokn har med sin sentrale plassering, størst vekstpotensiale i regionen, både befolkningsmessig og økonomisk, i fylgje foredragshaldarane. Leiinga ved næringsparkane har som målsetjing at det innan 2020 skal investerast for 20 milliardar kroner. Med eit slikt utgangspunkt blir det ein spennande prosess for oss folkevalde å jobba fram eit dokument som skal seia noko om korleis Bokn skal sjå ut i framtida. Planprosessen er open og difor er det også ynskjeleg at innbyggjarane kjem med innspel til oss politikarar, slik at kommuneplanen blir så utfyllande som mogleg. TV-aksjonen 2008 Eit døme her til lands er ”Barnas stasjon”. Dette er meint å vera ein trygg møtestad for barnefamiliar der barna skal stå i fokus. Barnas stasjon skal vera eit verkemiddel for at barn skal få høve til å veksa opp i eigen heim, og i eit trygt og godt nærmiljø. Eg håpar flest mogleg meldar seg som bøssebærarar denne dagen, og eg vil samstundes oppmoda boknarane til å ta godt i mot dei frivillege og bidra til ei viktig sak. Ordføraren |
|
August 2008 Kjære sambygding Kommuneundersøking Avisa har rangert kommunane etter fleire indikatorar, m.a. levestandard, sosiale tilhøve og tenestetilbod. Jamnt over var det småkommunane som kom best ut i kåringa. Dette er eit tankekors i høve til partia som tek til orde for kommune-samanslåing med tvang. Likevel vil me i Bokn kommune i tida framover freista å bli ein endå betre, spesielt på dei forholda som me har direkte innverknad på. Noregscup i Trial Eg vil spesielt framheva alle dei engasjerte foreldra som utgjer eit solid støtteapparat for klubben, og som, saman med øvrige medlemmar, gjer ein stor innsats i samband med arrangementa. Eg ser fram til mange spennande løp med utøvarar som vil gje publikum ei flott oppvisning i kombinasjonane balanse, koordinasjon og konsentrasjon. Spesielt kjekt blir det å fylgja våre lokale utøvarar gjennom dei ulike seksjonane. Eg vil ynskja Pluggen lukke til med arrangementet og håpar flest mogleg, både boknarar og andre, tek med nistepakke og termos og legg turen til Torland denne dagen. Snart haust Parallelt med dette arbeidet pågår det fleire andre prosjekt, slik som t.d. helseplanarbeid og Kjekt på Bokn. Eg er å treffa på Boknatun dei fleste vekedagane. Tidvis er det mykje møteverksemd så det kan vera lurt å ta kontakt for å avtala tid viss du ynskjer å snakka med meg. Ordføraren |
|
Juni 2008 Kjære sambygding Kommuneproposisjonen Folketalsutviklinga for Bokn har i 2006 og 2007 vore svært god, og dette håpar eg også skal slå positivt ut i høve til regjeringa sitt forslag om eit såkalla vekstkommunetilskot. Eg trur Bokn-ambulansen er eit viktig tilbod for boknarane, og eit viktig bidrag til trafikktryggleiken i nærområdet vårt. I dei fleste situasjonar der det er aktuelt å kalla ut ambulanse, handlar det som regel alltid om minuttar og sekundar. Difor er det trygt å vite at me har høve til å få pasientane frå Bokn raskt i transport mot Haugesund. Bokn kommune brukar til dels mykje ressursar på å halda ambulansen operativ, og difor er det avgjerande at han også blir brukt når han skal. Det er viktig for helsepersonellet å jamnleg få ulike oppdrag slik at ein kan opparbeida seg erfaring. Bokn kommune har eit svært godt samarbeid med Helse Fonna, og eg tek forklaringa deira til etterretning og ser på dette som ei enkeltståande hending. Skytebane Dermed er skyttarlaget nær ein full finansiering av eit anlegg som vil bety mykje for framtidsutsiktene for dette idretts-laget. Ein slik skytebane vil også bli ei viktig brikke i å sikre breidda i eit allereie mangfaldig fritidstilbod i Bokn. Sommarferie Eg vil ynskja alle leserane ein sol- og innhaldsrik sommar 2008! Ordføraren |
|
Mai 2008 Kjære sambygding Sørheimutvalet I møtet fekk me høve til å seia noko om framtidsutsiktene for desse tre kommunane, og kva utslag me meinar at Sørheimutvalet si innstilling vil gje. Kommunalministaren kunne naturleg nok ikke gje lovnadar i møtet, men det viktigaste for oss var å presentera utfordringane våre ved ei endring av inntektssystemet for kommunane. I tillegg fekk Kjetil Lie frå Telemarksforskning høve til å gå gjennom forslaget om småkommunetilskotet, som er meint å vera ein kompensasjon for bortfall av regionaltilskotet. Sakshandsamarar frå embedsverket var også tilstades på møtet, og fekk høve til å setja seg grundig inn i modellen. Kommunalministaren fortalde meg dagen etter møtet at embedsverket hadde teke med seg notatene frå møtet og jobba utover kvelden med modellen vår. Problemstillinga til Bokn er etterkvart godt kjent både blant stortingspolitikarar, i kommunaldepartementet og i embedsverket. Ved å halda trykket oppe i denne saka, håpar eg at Bokn ved neste korsveg får ei løysing som gjer at me kan oppretthalda det kommunale tenestetilbodet på dagens nivå. Bodskapet mitt til kommunalministaren er at Bokn ikkje har råd til å tapa ei einaste krone ved ei endring av inntektssystemet til kommunane. Saka er til handsaming i departementet og regjeringa nå, og den 15. mai skal regjeringa kome med sitt syn i saka. Me får håpa me nådde fram med bodskapet vårt i saka. Kjekt på Bokn Konkret blir det nå m.a. jobba med å opparbeida sti til Hognahåve. Det er bestilt gjerdeklyvarar, bord og benkar til traséen, samt skilt i henhold til skiltplanen for området. I tillegg blir det nå også jobba for å få på plass eit utkikkstårn på Boknafjellet. Bokn kommune fekk god uttelling på RUP-søknadane sine (Regionalt utviklingsprosjekt), og fekk løyva tilsaman 275 000 kr. til prosjektet. Med kommunestyrevedtak og friske midler trur eg at dette er med og blåsa liv i eit spennande prosjekt, og eg håpar at det positive engasjementet ein opplevde både hjå folkevalde og boknarar flest i forrige kommunestyreperiode, vil halda fram i tida framover. Ordføraren |
|
April 2008 Kjære sambygding Næringsfond Bokn kommune ynskjer å stimulera til vekst på sterke område i sitt næringsarbeid, samstundes som ein skal vera med å legga grunnlag for knoppskyting. Breiband Det er frå før av satt av 100.000 kr. i kommunal eigenandel til føremålet. Summen var basert på ein stipulert kostnad frå den gangen prosjektgruppa gjekk i gang. Det er hyggeleg å kunne konstatera at eigenandelen er blitt kraftig redusert etter kvart som prosjektgruppa har jobba med saka. Endeleg eigenandel for Bokn kommune ser ut til å enda på om lag 24.000 kr. Skulle det visa seg at einskilte husstandar likevel ikkje blir knytt til breibandet etter ferdigstilling, vil desse bli teke med i eit eige ”oppsamlingsheat”. Dermed skal heile Bokn etterkvart bli knytt opp til breibandet. Rådmann Jan Erik Nygaard har vore Bokn kommune sin representant i prosjektgruppa, som har jobba på vegne av kommunane i Haugesundsregionen. Eg vil gratulera prosjektgruppa med eit vel utført arbeid. Fysioterapi Det er mange som brukar det fysioterapeutiske behandlingstilbodet i kommunen, og det er hyggeleg å kunne styrka dette tilbodet. Eg håpar dette vil kunne gje behandlings- og helsemessige gevinstar, noko som også kan vera med og redusera sjukefråveret i samfunnet. Ordføraren |
|
Mars 2008 Kjære sambygding Folketalet Det er viktig for Bokn å ha ein viss auke i talet på innbyggjarar framover, ikkje berre i høve til dei økonomiske effektene dette gjev kommunen, men også for det reproduktivitetspotensialet som naturleg fylgjer av at boknarane blir fleire. I tillegg må det nemnast at utsiktene for Bokn til å styrka posisjonen som eigen kommune aukar med kvar person som er folkeregistrert i bygda. Dette var som kjent eit vesentleg moment i Telemarksforskning sin utredning i samband med kommunesamansluttingsprosessen for eit par år sidan. Framskrivingane for Bokn den gang viste ein jamn nedgang i åra framover. Men marginane er også små all den tid Bokn faktisk er ein av landets minste kommune. Så snart ein barnerik familie meldar utflytting, vil dette gje til dels store utslag på statistikkane våre. Likevel må me gleda oss over den utvikla som faktisk skjer nå med tanke på folketalet i Bokn. Administrasjonen Næringslivet Samtlege meldar om vekst og høg verdiskapning og planar om utviding av verksemdene i Bokn. HighComp er allereie i gang med å planera ut området sør for eksisterande hall i Bokn Sjøservice har fulle ordrebøker og aukar aktiviteten i Knarholmen og Krovågen, og Coop Bokn hadde ei fin omsetnadsauke i 2007 og vil også i løpet av dette året renovera og oppgradera butikken i Føresvik. Eg gler meg stort over desse tilbakemeldingane då dette gjev viktige synergieffektar i bygda, slik som t.d. fleire arbeidsplassar og nye oppdrag for lokale underleverandørar. Ordføraren |
|
Februar 2008 Kjære sambygding Turgåarar Stavanger08 Bokn var representert i gateparaden og viste godt igjen med flotte fargar, kostymar og musikk. Eg vil retta ein stor takk til alle som stilte opp og bidrog til at Bokn blei marknadsført på ein framifrå måte. Sørheimutvalet Bokn har jobba tett opp mot kommunane Utsira og Kvitsøy, som har samanfallande problemstillingar som Bokn. I tillegg blei Telemarksforskning engasjert til å utreda konsekvensane for desse tre kommunane. Bokn har i denne samanhengen lansert eit forslag om ein småkommunemodell – ein modell som skal gjelda kommunar med færre enn 2000 innbyggjarar. Desse kommunane skal etter denne modellen ha ein kompensasjon ved eit eventuelt bortfall av m.a. skjønnsmidler og regionaltilskot. Formannskapet ga i høyringsuttalen elles uttrykk for at ein er sterkt kritisk til Sørheimutvalet sitt forslag til endring i inntektssystemet – ei endring som vil få store, utilsikta og uføresette verknadar for små-kommunar som Bokn. I tida framover kjem eg og ordførarane i Utsira og Kvitsøy til å markera saka både opp mot eigne parti, stortingspolitikarar og departementet. Me har også bedt om eit felles møte med kommunalminister Magnhild Meltveit Kleppa. Biblioteket Dette visar at biblioteket etterkvart har blitt ein viktig møtestad og kulturarena i kommunen. Eg vil oppmoda endå fleire boknarar til å ta i bruk biblioteket vårt, anten det er for å ta ein drøs over ein kaffikopp eller det er for å låna Hélène Cixous siste roman. Begge delar er gratis. Ordføraren |
|
Desember 2007 Kjære sambygding Kvart år etterspør fleire kalender med motiv frå Bokn, og med denne utgåva av Bygdabladet ligg det vedlagt ein slik kalender – ”Boknakalendaren 2008”. Budsjett I forhold til budsjett for 2007 er auken i frie inntekter for Bokn i 2008 berekna til om lag 2,4 millionar kroner, eller om lag 6,9 %. Til samanlikning er den samla, nominelle veksten for dei andre Rogalands-kommunane 4,2 %. Kriminalstatistikk I løpet av 2007 blei det registrert 45 kriminelle forhold i kommunen, halvparten av desse var trafikklovbrot, for det meste fartsbrot med førarkortbeslag på E39. Resten av lovbrota fordelte seg på m.a. innbrot og nokre tilfelle av grove tjuveri. Med andre ord har ein ikkje noko omfattande kriminalitetsbilete i Bokn. I distriktet elles har det vore ein generell nedgang i kriminaliteten og dette skuldast, i fylgje politimeistaren, gode tider i det norske samfunnet – ”heleribransjen” har mista grep pga. folk flest ikkje kjøper tjuvegods sidan varene innan dette segmentet er billege og lønningane høge. God jul Eg vil ynskja alle lesarane våre ei god og fredeleg jul og eit godt nytt år. Ordføraren |
|
November 2007 Kjære sambygding Tala for 3. kvartal viser at Bokn framleis har ei auke i folketalet. Auken ligg på vel 2,5 prosent og gjer at innbyggjartalet i kommunen per 15.11.07 var på 813 personar. I løpet av heile 2007 har me hatt ei auke på totalt 20 personar, og dette er svært gledeleg. Me har likevel ei utfordring med å skaffa nok bustadar til alle innflyttarane. For tida er det nesten ikkje husvere å oppdriva i Bokn, verken for sal eller utleige. Ein ynskjer ikkje å koma i ein situasjon der det er mangel på bustader som stoppar den positive utviklinga i folketalet. Prosessen med å leggja til rette for ei utviding av byggjefeltet i mellom anna Fyrvegen, har difor prioritet, både politisk og administrativt. Seksjon teknisk I tillegg er kulturkontoret ubemanna ut året på grunn av sjukdom. Dette medfører mellom anna at kommunen si nettside ikkje har same frekvensen på oppdateringar som tidlegare. Sørheim-utvalet I november tok me kontakt med kommunar som har samanfallande problemstilling som Bokn, mellom anna Utsira og Kvitsøy, for å sjå litt på kva strategi ein må leggja opp til for å vinna fram med vår argumentasjon i saka. Vidare vil me engasjera eksterne konsulentar for å utreda konsekvensane for Bokn kommune ved eit eventuelt bortfall av regionaltilskotet. Eg vil også be om eit møte med kommunalminister Magnhild Meltveit Kleppa (SP) på nyåret for ein dialog rundt dette temaet. Kyrre |
|
Oktober 2007 Kjære sambygding! Siden forrige utgåve av Bygdabladet har me i Bokn gjennomført kommune- og fylkestingsval og konsti-tuert eit nytt kommunestyre for dei neste fire åra. I den samanhengen blei eg vald til ny ordførar. Eg vil nytta høve til å takka boknarane for tilliten. Det er med stor motivasjon eg tek fatt på denne viktige jobben. Læringskurven er nok forholdsvis bratt, men eg ser fram til å veksa inn i rolla. Oktober har elles vore prega av at heile regionen har levd i eit ”politisk vakum” der dei politiske vedtaka har uteblitt i påvente av at lokaldemokratiet skal opp å gå att med nye folkevalde. Unge politikarar Avslutning Dette var også kvelden for å takka av Svein Ove Alvestad for den jobben han har gjort som ordførar i kommunen dei siste åtte åra. Eg hadde også gleda av å dela ut Kommunenes Sentralforbund sin heiders-medalje til Sigurd Johnny Svendsen og Sigmund Alvestad, som kvar har stilt opp for fellesskapet i 24 år. Lege Sørheimutvalet Eg og rådmannen kjem til å gå grundigare gjennom denne innstillinga for å avdekka betre kva utslag dette vil få for Bokn. Det kjem meir informasjon om saka i neste utgåve av Bygdabladet. |
Svein Ove Alvestad: |
|
September 2007 Reguleringsplanen for Rogfast Men det som er ei problemstilling er at der ikkje ligg inne av- og påkjørsel på Are. Kommunestyret vil ha det, og ber om å få det utreda. Så får det arbeidet visa om det lar seg gjennomføre trafikksikkerhetsmessig og arealmessig. Utbedring av krysset i Knarholmen ligg nå inne i prosjektet. Kommunestyret viser og til ein rapport om trafikk-sikkerheten på E39, samt støyplager, og ber om at det blir utbedra i prosjektet. Kommunestyret skal endelig godkjenne reguleringsplanen i eit møte i november. Kjekt på Bokn Arbeidsgruppene som er nedsette får eit viktig ansvar med å utvikle og gjennomføre tiltaka. Det er derfor viktig at det store engasjementet som har vore held fram, noko eg har stor tru på. Reguleringsplanen for Føresvik er nå godkjent etter at kommunestyret ga etter for innsigelsen frå Fylkesmannen om at ca. 25 meter strandlinje på Hviding sin eigendom skal regulerast til friområde og ikkje til naust. Det er ufatteleg at ein skal bruke så mykje tid og ressursar på ein så liten sak, når Bokn i tillegg har milevis med uberørt standlinje. Det er og min påstand at Fylkesmannen er med på å hindre ei god utvikling på Bokn. Takk for meg Perioden har vore prega av både oppturar og nedturar, men det er svært godt å overlate ein kommune i vekst med god kontroll over økonomien og eit svært godt utbygd kommunalt servicetilbod til eit nytt kommunestyre. Dei siste to, tre åra skulle eg gjerne deltatt meir blant lag og organisasjonar og vore meir involvert og “på hugget” i fleire saker, men eg blei dessverre fråtatt den muligheten, og det vil eg beklage overfor dykk som valgte meg. Så vil eg gratulere Kyrre med eit godt val og ønske han lykke til som ny ordførar, slik det ser ut i skrivande stund, og håpar at han får mulighet til å gjere den jobben som me forventar og som blir kravd for at Bokn skal bli høyrt ut i den store verda. Det har vore kjekt og givande å få gjere ein slik jobb for Boknasamfunnet, og til slutt vil eg takke for meg. Svein Ove |
|
August 2007 Vel overstått sommar. Véret har ikkje vore det beste, men me får håpe at sola dukker opp når skulen startar opp og at hausten blir fin. Sommaren er ei rolig tid i kommunen og prega av ferieavvikling. Eg får håpe at kommunen likevel har klart å yte den service som blir forventa av dykk. Vanskeleg arbeidsmarknad Dette kan medføre at kommunen kan få problem med å yte den service og hjelp som trengst. Det vil og bety ei auka belastning på dei som er på jobb. Eg ber om litt forståing for dette og eg kan forsikre dykk om at dei tilsette gjer det dei kan, og meir til, for at me skal merke dette minst mulig. For dei tilsette og oss innbyggarar blir situasjonen betre når kommunen har fått fleire tilsette i ledige stillingar. Vinn-vinn situasjon Bakgrunn for denne endringa er at SR-Bank ville redusere opningstida til 2 dagar og arbeidet med å etablere NAV-kontor i alle kommunar. Arbeidet enda då ut i at kommunen, NAV og SR-Bank inngår i eit unikt samarbeid. Det vil medføre betre tilgjenge til sentrale tenester for oss som innbyggarar og betre bruk av personalressursar. Me får ein vinn-vinn situasjon der kommunen vil få meir ressursar til service for oss innbyggarar, betre tilgjenge og samarbeid for NAV og sosialtenesta og banken får 5 dagar opningstid. Val 2007 Godt val. Svein Ove |
|
Juni 2007 Møte med Bufetat Tilbakemeldinga til Bufetat frå innbyggjarar og politikarar er heilt klart, og det er at me ikkje ønsker nokon endring av drifta ved Bufellesskapa på Bokn. Styret ved Bufellesskapa er og innstilt på å fortsette som nå. Det gjenstår nå å sjå kva som blir det endelige utfallet av denne saken. Mitt håp og ønske er at Bufetat viser forståing for Boknasamfunnet og velger å samarbeide med Bokn Bufellesskap som nå. Rekneskap 2006 Eg vil takke alle tilsette for den gode innsatsen dei gjer for kommune og dermed for oss alle. Styrking av pleie– og omsorgstenesta
Reguleringsplan i Føresvik Der vil nå bli formell mekling før saken eventuelt sendes til miljøverndepartementet for endelig behandling. Rogfast Forslaget inneber at krysset i Knarholmen skal byggast ut og ein må bruke gamle vegen for å komme til Are. Kommunestyret vil uttale seg om saka ved den ordinære høyringa seinare i haust. Så får eg ønske alle ein kjempefin sommar. Svein Ove |
|
April 2007 Som alle er eg og prega av den tragiske dødsulykka på E39 der Leif G. Hansen omkom. Sjølv om den pregar oss alle så er det mest vondt for hans barn, barnebarn og resten av familien. Dei har vår djupaste medkjensle og omtanke og treng vår støtte i ei vanskeleg tid. Tilfeldighetene ville det og slik at kommunestyret i møte den 24. april vedtok at det berre er ein ferjefri kryssing av Boknafjorden, Rogfast, som oppfyller krav om redusert reisetid og betre forutsigbarhet for trafikk over Boknafjorden. Kommunen og Vegvesenet har i arbeidet med Rogfast fått utarbeida ein rapport om konsekvensar for trafikksituasjonen etter Rogfast. Konklusjonen er at trafikken vil auke endå meir og der er foreslått fleire utbetringar av vegen. Kommunen har allereie starta arbeidet med å få i gang utbetringar. Barnehagen Førebyggande arbeid Bokn Bufellesskap Ved ei større belastning fryktar både formannskapet og lokalbefolkninga at det blir for mykje for eit lite lokalsamfunn som Bokn, og ein frarår derfor Bokn Bufellesskap å ta i mot endå meir belasta ungdom. Eg er glad for at styret i Bokn Bufellesskap tok desse signala å sa nei til å ta imot endå meir belasta ungdom. Styreleiar i bufellesskapa og eg er nå kalla inn til møte med Bufetat, Statens barnevern, for å drøfte situasjonen. Eg er usikker på kva staten vil gjere, men eg synest at Bokn har tatt ansvar og tatt sin del av det vanskelige barnevernsarbeidet til nå. Til slutt vil eg ønske alle velkommen til årets tradisjonsrike 17. mai-feiring på Bokn. Svein Ove |
|
Mars 2007 Overskot ”Kjekt på Bokn” Gruppene har delvis jobba med tiltak innan same tema og innan same område og formannskapet og kommunestyre såg det derfor som nødvendig å sortera litt i oppgåver for gruppene. Resultatet blei at ei gruppe får i oppdrag å planlegge alle tiltak rundt Boknafjellet. Det arbeidet settes i gong med ein gong. Eit anna tiltak som blir sett i gong nå er å skisse opp korleis me vil at avkjørselen til Bokn frå E39 ved Knarholmen skal sjå ut. Kommunestyret samla seg og om at nærmiljøanlegget på Fyren skal gjerast ferdig etter gjeldane planar, at all vidareutvikling av Føresvik blir samla i ei gruppe og at alle større tiltak som ny trailbane, museum, kultur- og idrettsbygg og badeanlegg skal vidareutviklast. Dei tri arbeidsgruppene får kvar 50 000,- kr til å sette mindre tiltak, som skilting av turstiar, matkurs og førstehjelpskurs, ut i livet og til å arbeide vidare med enkelte idear. Kommunestyret har valgt denne måten å gjere det på for å sleppe å vente på endeleg behandling av prosjektet og komme raskt i gong med konkrete tiltak. Edderkopp Eg har tru på at me skal få mykje ut av dette prosjektet som vil gjere det kjekt å virke på Bokn som innbyggjar, næringsmessig eller i fritida. Svein Ove |
|
Februar 2007 Sjølv om det er noko seint så vil eg ønske alle godt nytt år! Ut på tur Tannlege og lege Me tok straks saka opp med Fylkestannlegen og fekk avtalt møte med han. På møtet kom me fram til ei løysning som sikrar tannlege ut 2007. Det er ei forutsetning at styret for Tannhelse Rogaland godkjenner løysinga. Nå blir det arbeiddt mot Rogaland fylkeskommune for å sikra ordninga også etter 2007. Ein viktig føresetnad for å ha eit tannlegetilbod på Bokn er at der er tannlegar som vil arbeide her, og det vil nok bli den store utfordringa framover. Når det gjeld legetilbodet ser det endå vanskeligare ut. Til nå har ein ikkje lykkast å få aktuelle søkarar til stillinga, men ein arbeider fortsatt, både innanlands og utanlands, for å få ei løysing. Det er svært godt at Bokn opplever positiv utvikling nå når Norge og Rogaland går som det suser. Hadde me hatt ein tilbakegang eller stagnasjon i desse gode tidene hadde framtidsutsiktene vore mykje verre. Den positive utviklinga viser at Bokn er blitt eit alternativ for folk som vil etablera seg med bustad eller bedrift. Bokn begynner å bli meir kjende, andre veit om oss og ser på Bokn som ein kjekk og god plass å bu. Det er gledeleg. I og med at me har vore gjennom kommunesamanslåingsprosessen og nå arbeider godt med prosjektet ”Kjekt på Bokn”, og den positive utviklinga ellers i kommunen, føler eg at me har fått ein litt ny giv for Boknasamfunnet, kor me ser mange muligheter og vil få noko til å skje på Bokn. Eit slikt engasjement er heilt nødvendig for små lokalsamfunn som Bokn i ei verd kor sentraliseringa går sin gang. Dette engasjementet gler meg og eg vil arbeide for at kommunen vil støtte opp om dette og ”smøre” arbeidet med dei ressursene kommunen har. Eg ser fram til eit aktivt år. Svein Ove |
|
Desember 2006 Budsjett 2007 Debatten bar preg av stor einigheit og låg temperatur, men nokre endringar samla med oss om; Kr. 100.000,- i planleggingsmidlar til barnehagen og trafikksikringstiltak blei tatt ut og prosjektet ”Kjekt på Bokn” blei styrka med 100.000,- kr., tilskott til lag og organisasjonar blei auka med 30.000,- kr og det blei avsett 10.000,- kr. til ny varmvasstank på sjukestova. Kommunestyret vil óg fikse opp og asfaltera ute-området ved Kyrkjebygd aktivitetshus og langs steingarden ved kyrkjegarden. Dei kommunale avgiftene aukar med 3% med unntak av vassavgifta som aukar med 4%, noko som er lågare enn lønns- og prisauken. I tillegg har kommunestyret bedt om ei sak på korleis ein best kan sikra nødstraum til Boknatun og ei sak om arbeidsmiljø og tiltak i kommunen. Destinasjon Haugaland, regionen sitt reiselivsselskap, er vedtatt opphørt og eit nytt aksjeselskap er planlagt stifta 18/12 for å ein mykje sterkare og samlande satsing på reiseliv på Haugalandet. Bokn kommunestyre har vedtatt å være med på satsinga og går inn med 25.000,- kr. Det var kjekt at dette kommunestyre, som vedtok sitt siste budsjett, kunne gjere det samrøystes. Etter min meining viser dette at det er stor einigheit om drifta og utviklinga til Bokn kommune, noko eg trur er svært viktig skal me lykkast i framtida. Bokn kommunestyre vil vere med på eit samarbeidsprosjekt innan nærings- og bygdeutvikling saman med Fylkesmannen, innovasjon Norge Rogaland og kommunane på Haugalandet. Hovudarbeidsområda vil bli omstillinga og nye næringar innan landbruket. Etter nye krav frå departementet må kommunen laga ein barnehageplan for å visa korleis mål om full barnehagedekning innan 2007 skal bli nådd. Kommunestyret har vedtatt ein barnehageplan og ber rådmannen greie ut alternative løysingar for utviding av barnehagekapasiteten viss der blir behov for det. Det var og ein gjennomgang av opningstider og betalingssatsar sett opp mot kontantstønaden. Tilbakelagt stadium Med dette vil eg ønskje alle ei fredeleg og god jul og eit godt nyttår. Svein Ove |
|
November 2006 Rådmannen har lagt fram eit ekspansivt budsjett for 2007 med økonomiplan for 4 år. Sjølv om kommunane har fått auka rammer frå staten gir det ikkje rom for store endringar av drifta. Bokn fekk auka overføringane med 1.910.000,- kr, noko som høyrest bra ut, men nesten 1.900.000,- går til lønsauke. I tillegg er der usikkerheit rundt pensjonskostnader, renteauke og ny sjukelønnsordning. Det som er positivt er at eigedomsskatten vil auke i åra 2008 og framover p.g.a. gasskraftverket, og at lånegjelda vil minka. Eigen lege Nye lærebøker og ikt-utstyr på skulen er og ei satsing med henholdsvis 150.000,- og 460.000,- kr. Der er og sett av 137.000,- kr. til oppgradering av gymsalen på skulen. Drift av kyrkja er og styrka med 107.000,-. Kultursoge I investeringsbudsjettet er det og tatt med 600.000,- kr. til kjøp av nytt bustadfelt og 700.000,- til prosjektet ”Kjekt på Bokn”. Samla investeringar er på ca 2,8 mill kr. og tenkt finansiert ved bruk av fond. Etter mi meining er det eit godt budsjett som vidareføre den drift kommunen har i dag, men kanskje litt for ekspansivt. Politikarane vil nå gå gjennom budsjettet og komme med sine forslag til endringar. Det er mitt mål at alle parti blir einige om eit budsjett til behandling i kommunestyre den 12/12. Svein Ove |
|
Oktober 2006 I landstoppen Ordførarval Samtidig kom det fram i kommunestyret at i og med det som skjedde rundt nedsetting av ordførarstillingen til 50% er ikkje partia klar til å avgjere dette spørsmålet nå. Haugaland interkommunale miljøverk (HIM) Ambulerande skjenkeløyve Ny beredskapsplan til bruk ved større ulykker og katastrofar blei også vedtatt. Får håpe me ikkje får bruk for den. ”Kjekt på Bokn” Det blir viktig å få satt fleire av tiltaka ut i livet snart, slik at det blir resultat av arbeidet og ein kan arbeida vidare med nye tiltak. Engasjementet er godt og det lover godt for eit vellukka arbeid som vil gjere det gode liv på Bokn betre. Svein Ove |
|
September 2006 Hei! Boknarane skal fortsett styre i eigen kommune, var det klare svar boknarane gav i folkerøystinga om Bokn og Tysvær skulle slå seg saman. Boknarane har det svært godt og vil styre eigen kommune er min konklusjon på resultatet. Eg har stor respekt for denne avgjersla og vil sjølvsagt følgje den opp og fortsette arbeide for å få ein god utvikling for Bokn framover. Me er alle opptatt av at Bokn skal vere ein god plass å bu, drive næring eller bruke fritida, men det var to syn på korleis me best skulle lykkast i framtida. For å nå fram og lykkast i ein stadig meir sentrali-serande verden er det avgjerande viktig for oss å dra lasset i lag. Eg føler det har vore rett å køyre denne prosessen for å få lagt spørsmålet om kommunesamanslåing eller ikkje dødt for ei tid framover. Spørsmålet har komme opp med visse mellomrom, etter fastlandssambandet blei etablert i 1991, og skapt litt usikkerhet om fram-tida. Prosessen var og god med godt engasjement og høg deltaking. Eit lite hjertesukk til slutt. Gjer ikkje dette til ei sak i neste val. Alle som stiller til val ved neste kommuneval er innstilt på å gjere ein best mulig jobb for Boknasamfunnet. Nå er saken om kommunesamanslåing avgjort og alle må rette blikket framover. Svein Ove |
|
August 2006 Vel overstått sommarferie. Det er fantastisk godt for kropp og sjel å få ein så fin sommar, og den har i alle fall gitt meg energi til å stå på utover hausten og vinteren. Godt val Korleis sikre rett og lik behandling av alle innbyggarane? Korleis best sikre tenestetilbodet og tilbod om det me har krav på? Korleis får me næringsutvikling og unngår nedgang i folketalet?, og kor lenge får me sjølv avgjere og påvirke løysninga om Bokn får vere eigen kommune eller ikkje? Som eit lite lokalsamfunn er Bokn avhengig av å få til ei auke i folketalet, spesielt unge familiar, for å over-leve som eit levande lokalsamfunn med dei tilbod me har i dag. Klarar me dette best med å fortsette som eigen liten kommune eller å bli ein del av ein større kommune? Korleis me trur at me lykkast best i framtida er det me nå må tenke gjennom. For å få endå betre grunnlag for avgjerda di kan du gå på folkemøte den 5/9 for å få delta i diskusjonen. Det er derfor svært viktig at alle gjer seg opp ei meining og går og stemmer den 18/9, eller førehandstemmer. Kommunestyre har sagt at dei vil følgje det rådet de som innbyggarar gir og behandlar saka på kommunestyremøtet den 26/9. Godt val. Framtidige kontorlandskap Svein Ove |
|
Juni 2006 Engasjement og folkerøysting Folkemøtet den 7/6 var svært godt besøkt og tilbakemeldingane eg har fått tydar på at det var eit godt og svært sakleg møte med gode innleiingar ar fylkesordførar Roald Bergsaker(H) og tidlegare fylkesordførar Odd Arild Kvaløy(SP). Det vil bli eit folkemøte til etter sommarferien med hovudfokus på tilgjenge og omfang av kommunale tenestar framover. Eg trur at - sjølv om me er for eller i mot ei kommunesamanslåing - så er det lærerikt og nyttig å ta denne diskusjonen nå. Me får god innsikt i korleis stoda er og me får informasjon om korleis utviklinga vil bli framover. Men kanskje det viktigaste resultatet blir at me på Bokn engasjerer oss kraftig for å ta vare på det fine lokalsamfunnet me har. For det må ikkje herska tvil om at utan eit kraftig engasjement frå oss på Bokn vil det bli vanskeleg med ei positiv utvikling på Bokn i framtida, uansett eigen kommune eller ikkje. Eg trur og det er godt å bli ferdige med spørsmål om kommunesamanslåing for ei tid. Rekneskapen ”Samfunnslimet” Mindre tilgjengeleg God sommar! Svein Ove |
|
Mai 2006 Næringsliv Utbygginga til Bokn Plast og andre næringsdrivande er og svært positivt. Saman med kommunen og Aetat sitt arbeid gjer dette at arbeidsløysa på Bokn går ned og er på ca 4%. Det er likevel langt over snitt i Rogaland, på ca 2%. Det er gledeleg at fleire får arbeid og det gir inspirasjon til å fortsette arbeidet slik at alle kan få arbeid. Eigarforhold-oversikt Kommunestrukturen Kommunen planlegg to folkemøter med folk utanfrå, kor det første blir onsdag 7/6. Sett av datoen. Det andre møtet blir etter ferien. Kommunen planlegg også eigne møter for å få engasjert ungdommen og vil komme nærmare tilbake til tid og stad. Det er vårt mål med møta at det skal bli møter kor me som innbyggjarar ikkje berre skal høyra kva andre meiner om samanslåing, men at me alle blir engasjert og deltar i ein diskusjon, gjerne i mindre grupper, om kva som er fordeler og ulemper med ei kommunesamanslåing. Eg trur då at ein vil få fram og få ei betre forståing om kva som er best for Bokn i framtida. Då vil me kvar enkelt få eit best mulig grunnlag for kva ein vil stemma den 18/9. Eg vil igjen oppfordra til ein sakeleg og god debatt, utan at det personlege blir dratt inn. 17. mai Velkommen. Svein Ove |
|
April 2006 Kommunesamanslåingsdebatten Debatten i kommunestyret var svært god og balansert. Mange uttrykte at dette var ein stor og vanskelig sak og vurderte fram og tilbake kva som var rett. Kommunestyret er delt i sin anbefaling til dykk som innbyggjarar om kva som er det beste for boknarane framover. 8 representantar meinte boknarane er mest tent med å slå seg saman, 7 representantar valte å seie nei til samanslåing medan 2 representantar ikkje ville gi nokon anbefaling til innbyggjarane. Det blir nå opp til dykk som innbyggjarar å seie sitt i folkeavrøysting den 18.09.06. Eit samla kommunestyre vil rette seg etter meininga i folkeavrøystinga. Informasjon og god debatt om saken blir nå svært viktig og ein kortversjon av konsekvensutredninga vil bli sendt til alle husstandane. Me vil komme nærmare tilbake til korleis debatt og møter vil bli ordna utover våren og hausten fram mot avrøystinga. Eg vil understreke at det er svært viktig at me har ein ryddig og saklig debatt og at me har respekt for kvar andres synspunkt. Uansett utfall av avrøystinga skal me omgås kvarandre og utvikla lokalsamfunnet vidare og då kan me ikkje ha ei splitta bygd. Den nye visjonen for Bokn Per Egil Mjaavatn fekk fram at me følgjer utviklinga i Noreg, med dårlegare helse, eit ”urbant” hovud og stillesittande aktivitetar. Det er då godt å oppleva at kommunen sitt prosjekt, ”KJEKT PÅ BOKN” som fokuserer på fleire arbeidsplassar, førebyggjande helsearbeid og at me skal ta Bokn sin fantastiske natur meir i bruk er rett veg å gå. Som avgjerande faktorar for at prosjektet skal lykkast er at flest mulig av oss ser at noko må gjerast og at alle deltar og får eit eigarskap til prosjekta me skal få til. Kommunen kan berre var ein startmotor og katalysator i utviklinga. Det er me som innbyggjarar som må ta tak i utviklinga og stå for det som må gjerast. Eit godt og organisert samarbeid og involvering frå innbyggjarane, spesielt ungdommen, er avgjerande for at me lykkast. Der er grunn til å ha forventning til prosjektet men me må og var realistiske. Det vil ta tid å få snu ei utvikling og ein vekst i folketalet vil ikkje komme med ein gong. Det er å håpe at me vil lykkast i å få fleire inn på det ordinære arbeidsmarknaden innan kort tid og me arbeider intenst med det. Svein Ove |
|
Mars 2006 Oppfordring Dette gjer at Bokn som lokalsamfunn står foran store utfordringar i tida framover. Denne tendensen må snus, eller så blir lokalsamfunnet vårt ikkje livskraftig og det vil bli lite attraktivt å bu her. Som de kjenner til så har ein i kommuneplanen satt dette i fokus og kommunestyret har gått inn for eit prosjekt som er blitt kalla ”KJEKT PÅ BOKN”. Prosjektet er delt i 3; Ta naturen i bruk, Helseførebyggande tiltak og etablering av arbeidsplassar. Kommunen kan ikkje aleine lykkast å snu denne trenden, me må alle bidra og ta del i utvikling av vårt lokalsamfunn. Utfordring Det blir viktig å få til gode debattar og dialog om dette viktige spørsmålet, og me vil prøve få til ulike møte og informasjon om kommunesamanslåing. Det blir og svært viktig at me respekterer kvarandre sitt syn. Etter folkeavstemminga, uansett om det blir samanslåing eller ikkje, blir det svært viktig at me saman tar tak i og bidrar til ei god utvikling for oss her på Bokn. Bussruter Skuledrift Bankdrift Svein Ove |
|
Februar 2006 Først godt nytt år alle saman! I 2005 har 2751 stk. vore på Boknafjellet og skrive seg i Boka. Det er ny rekord og viser at mange tar turen til Bokn for å nyte utsikten og ta seg ein tur ut i friluft. Tradisjonen tru har me trukke ut to vinnarar av eit krus frå Bokn kommune og det blei Brit Holberg og Elly Borgenvik. Førstnemnde var også ein av vinnarane i 2004. Eg er sikker på at Bokn kan få igjen for å satse på fleire tiltak for at folk skal bruke naturen meir enn i dag. Bokn kjem på kartet og me får markedsført oss, kan tiltrekke oss mulige etablerarar og det er helseførebyggande for oss alle. Reiselivsnæringen vil og ha stor nytte av slike tiltak. Eg ser derfor fram til at prosjektet ” Ta Boknanaturen i bruk” skal lykkast. Kolumbus Fylkestannlegen Konsekvensutredninga Det blir spennande å sjå kva svaret på søknaden blir. Kommunalministeren har jo gått ut og sagt at dei ikkje vil stimulera til kommunesamanslåingar. Kommunar som allereie er i ein prosess vil kunne få midlar, det har statssekretæren bekrefta at Bokn og Tysvær kan få. Båtplasser Svein Ove |
|
Desember 2005 Nye investeringar og tiltak i 2006 På grunn av den betra økonomiske situasjonen for Bokn kommune inneheld rådmannen sitt forslag til budsjett at dei planlagde innsparingane på drifta kan tas vekk. I tillegg er fleire nye tiltak lagt inn. Slik som ved-likehald av kyrkja, leikeplass på Øyrenfeltet, opprusting av turstien, sliping av golvet i gymsalen og nytt scenegolv, diverse beredskaps-utstyr, trafikk-sikringstiltak, nærings-tiltak og pengar til nærmiljøanlegg i Føresvik. Fleirtalet i kommunestyret beståande av AP, KRF og H leverte felles innstilling til budsjettet. Den gjekk ut på å styrka skulen med ca. 250 000,- med tillegg av 200 000,- til IKT på skulen. Lag og organisasjonar får ein auke til 120 000,- i kulturmidlar og drifta av kyrkja blir auka med 15 000,-. Der blir og ein satsing på vedlikehald av vegar og bygg på til saman 400 000,-. Prosjektet med å få vatn fram til Kro er også framskynda til 2006. Mindretalet, SP, vil auka skulebudsjettet med 450 000,-, IKT til skulen med 300 000,-, drift av kyrkja med 50 000,- og vedlikehald av vegar og bygg med 160 000,-. Kjekt på Bokn Kommunestyret vedtok og å gå i gang med utbygging av eit bustadfelt i Føresvik med 12 tomter rett sørvest for Boknatun, slik at Bokn igjen kan tilby sentrums-nære tomter i Føresvik. Avtale Eg synest at avtalen avklarar godt kva som vil bli situasjonen for oss på Bokn i ein eventuell framtidig kommune og gir oss, i tillegg av konsekevens-utredninga, eit godt grunnlag for å gjera oss opp ei meining om me skal stemma ja eller nei i ei folke-avrøysting om å slå oss saman med Tysvær. Kulturprisen 2005 Eg vil ønskja alle ei riktig god og fredlig jul og eit godt nytt år. Svein Ove |
|
Oktober 2005 ”KJEKT PÅ BOKN” Uansett om me blir eigen kommune eller ikkje er Bokn si framtid som levande lokalsamfunn heilt avhengig av at me som innbyggjarar tar fatt i utviklinga og får noko til å skje. Det kan vera for å skapa arbeidsplassar, delta i frivillige lag og organisasjonar, driva med politikk, eller besøka familie, venner og naboar. Me må tenka på korleis me kan hjelpa og støtta dei som treng det eller vil få til noko som er bra for bygda. Måla som kommunestyret har sett seg er at me skal bli 800 innbyggjarar innan 2010, arbeidsløysa skal vera under gjennomsnittet for Rogaland og alle skal trivast på Bokn. Arbeid for fleire arbeidsplassar, skapa nye uformelle møteplassar og tiltak for å sikra gode oppvekstvilkår for barn og unge blir svært viktige satsingsområde. I tillegg vil ein satsa på eit prosjekt som skal framheva at Bokn brukar naturen og muligheitene som ligg der til helseførebyggjande arbeid og til å gjera skulegangen i Bokn spesiell. Tanken er at dette prosjektet skal medføra at skulen får eit tilbod som er så unikt og godt at det vil dra folk til Bokn, i tillegg til at det vil medføra at me føler velvære med å bu på Bokn. Arealdel Det er sjølvsagt beklagelig overfor dei som ikkje får lov og eg kan forstå at det kan følast urettferdig. Det er fleire årsaker til at det ikkje alltid blir gitt lov. Andre offentlige myndigheiter kan av forskjellige årsaker, som byggjeforbod i strandsona og allmenn ferdsel, setta foten ned og det kan vera at kommunestyret ikkje vil opna uberørte område for hyttebygging nå. Det er eit tankekors for meg at statlege myndigheiter skal bestemma så mykje over våre areal. Det lokale sjølvstyret er svært avgrensa. Kva har det å seia for folk om naustet er 35 eller 40 kvadratmeter?. Spørsmålet må jo bli om det skal byggast naust eller ikkje. Elles trur eg kommuneplanen gir rom for ein god utvikling på Bokn framover. Kommunestrukturen Innhaldet og kommentarane er omtalt i dette bladet på s. 4. Elles så eg vil berre seia at eg trur det er ein god avtale og innspela blir tatt med til endelig utforming av avtale og søknad. Arbeidet elles går sin gang og konsekvensutredninga er forventa ferdig rundt årsskiftet. Eg er spent på diskusjonen om kva som er best for boknasamfunnet i framtida. Svein Ove |
|
September 2005 Gassferjer Reservekaiar Innspel på namn Kommunestrukturen Styringsgruppa har hatt møte med statssekretær Just H. Johansen i kommunaldepartementet. Det var klare signal frå han at departementet vil bidra med midlar i ein eventuell samanslåingsprosess. Storleiken på midlane og kva dei kan nyttast til vil bli gjenstand for ein god diskusjon internt i Bokn og saman med Tysvær før ein endelig søknad vert sendt. Styringsgruppa har og vedtatt at dei vil be om ekstern hjelp til å få vurdert økonomi og utviklingstrekk i dei to kommunane og på Haugalandet både som sjølvstendige kommunar og samanslåtte. Korleis vil lokalsamfunnet på Bokn bli i framtida og kva vil me? vil bli spennande å diskutera. Svein Ove |
|
August 2005 Vel overstått sommar! Først vil eg ønska alle førsteklassingane velkomne på skulen og ønsker dei lykke til med skulegangen på Bokn. Konsekvensutredning Styringsgruppa har og satt ein foreløpig framdriftsplan med utarbeiding av konsekvensutredning fram mot nyttår, informasjon og debatt i mange former våren 2006 og folkeavrøysting hausten 2006. Gruppa vil og ha møte med representant frå kommunaldepartementet i august for å få litt generell informasjon om kommunesamanslåingsprosessar og diskutera med departementet om kva som kan vere deira bidrag i ei eventuell samanslåing. Det vil bli gitt fortløpande informasjon om prosessen. Alvestadkroken Val 2005 Godt val. Svein Ove |
|
Juni 2005 Årsrekneskapen for 2004 er avslutta og kommunen kjem ut med eit rekordunderskot på 2,3 mill kr. Dette er dramatisk og Bokn er i ferd med å komme på myndighetene si ”svarteliste”. Store finansutgifter i samband med svært store investeringar og tap av momskompensasjon er hovudårsaka til underskotet. Både administrasjon og politikarane arbeider nå for at Bokn ikkje skal tape på endring av momskompensasjonen. Både Storting og regjering har sagt at ingen kommunar skal tape på omlegginga, så me burde lukkast i dette arbeidet. Årsmeldinga viser at sjukefråværet i Bokn kommune har gått ned frå 8,8% til 3,8%, noko som er svært gledelig. Først og fremst godt for kvar enkelt, men og for heile arbeidsmiljøet i kommunen. Vil nytta anledninga til å retta ein stor takk til alle tilsette for innsatsen de har gjort for å levere svært gode tenester til innbyggarane på Bokn. Omorganisering Det er svært viktig at me alle brettar opp armane og gjer ein innsats for at Bokn kommune fortsatt skal kunne tilby boknarane kommunale tenester som ligg på topp av kommune-Norge og at me får ein positiv utvikling på Bokn. Lån Sal Kompetanseutviklingsplan Me får alle håpe at dette arbeidet vil bere frukter slik at alle elevane får tilfredstillande kunnskap, spesielt innan lesing, skriving og rekning, til å takle kvardagen som kjem. Skulen er nå ferdig og eg vil ønske alle i avgangsklassen lykke til med vidare utdanning og håper at de vil vurdere Bokn som ein kommune å etablera seg i når den tid kjem. God sommar til dykk alle. Svein Ove |
|
Mai 2005 Vel overstått 17. mai-feiring og takk til alle som stiller opp og yter stor frivillig arbeidsinnsats for at me skal få ein slik god og verdig markering av vår nasjonaldag. Kommunestrukturen Avtale Ei gruppe med ordførar, rådmann, ein politikar og ein representant for dei tilsette frå kvar kommune skal styre arbeidet med konsekvensutredninga. Kyrre Lindanger blir den andre politikaren i tillegg til ordføraren som skal bli med frå Bokn kommune. Det er litt for tidleg å sei kva tid ein folkeavstemming kan avholdast men det kan kanskje bli hausten 2006. Tysvær formannskap har behandla og samrøystes gått inn for saka, og kommunestyret i Tysvær vil svært sannsynleg gjer det sama i byrjinga av juni. Skyssordning Bustadtomter Arbeidsløysa Me har endå ikkje lukkast å få til konkrete etableringar i Knarholmen, men arbeidet har første prioritet. Eg vil ta opp og prøva å få til ei større satsing for å skapa arbeidsplassar i revidert budsjett. Arbeidet med å få til etablering av arbeidsplassar er vanskelig og tar tid, men det er svært viktig at me ikkje gir opp. Eg vil oppfordre alle til å være positive til og støtte folk som vil satse og skape arbeidsplassar på Bokn. Me må få til ein samla innsats og tru på at det går an å driva med noko på Bokn. Det er ikkje kommunen som etablerar arbeidsplassar, men enkeltpersonar eller selskap, kommunen kan berre medvirke til og støtta etableringar. Eg vil prøve å følgje dette opp slik at kommunen er mest mulig positiv og hjelper folk som vil få til noko. Svein Ove |
|
April 2005 Kommunestrukturen Det er ein svakhet ved rapporten at han ser for lite fram i tid og kva framtida vil bringe. Diskusjonen om ein storkommune på Haugalandet har vore nærast fråværande, Haugesund har vist litt interesse for å diskutere det, og er nå lagt død. Det har vore nemnd før og det blir nå tatt opp igjen at Bokn og Tysvær må vurdera å slå seg saman. Formannskapet skal diskutere saken 26/4 og Konsekvensutredning Kommune-Norge forandrar seg mykje og det går fort. Det er endring av oppgåver, økonomi, regionnndeling og samferdsel. Mange kommunar slit meir og meir med å gi oss som innbyggarar den service, tenester og saksbehandling som må til for å få ein god utvikling. Alle saker er og svært kompliserte og krev mykje av både administrasjonen og politikarane, og gjer arbeidet ekstra vanskelig når me er små. Der er og ein klar holdning hjå alle parti på Stortinget at region og kommune-Norge må endrast. Nokre parti opnar for at det kan skje med tvang under spesielle forhold, andre ikkje. Eg har på ingen måte tatt stilling til om Bokn skal slå seg saman med Tysvær eller ikkje, men eg synest situasjonen tilseier at me må få gjennomført ei konsekvensutredning for å få vurdert fordeler og ulemper med ein eventuell samanslåing av Bokn og Tysvær kommunar. Då får me på bordet kva dette dreier seg om og så får me diskutere kva som er den beste løysinga for Bokn i framtida. Folkeavstemming Svein Ove |
|
Februar 2005 Godt nytt år alle saman! Fjelltur Store debattar Ei anna sak som vil komma meir på bordet er kommunestrukturen i Norge og eg får håpa me får ein god debatt om saka kor mange engasjerer seg. Vil komma tilbake til desse sakene utover året. Arbeidsløyse I samarbeid med Haugaland Vekst får me håpa at me lukkast med å få til fleire arbeidsplassar på Bokn og ellers på Haugalandet. Det er svært viktig at me lykkast med dette arbeidet for dei som står utan arbeid og for å få ein god utvikling på Bokn. Svein Ove |
|
Desember 2004 Hei! Det er ein svært bekymra ordførar som nå skal referera frå budsjettmøtet i kommunestyret. Rådmannen hadde lagt fram eit budsjett som var svært stramt, og umuleg for seksjonane å halde med dagens tenesteproduksjon, manglar ca. 800 000,- . Samtidig hadde rådmannen tatt til inntekt 1,2 mill kr. i kompensasjon for moms som kommunen ikkje får, men som me meiner me har rett på. Det er heller ikkje lov til å budsjettere med denne inntekta. Dette vil føre til at Bokn kommune blir svartelista og satt under administrasjon av Fylkesmannen. For å unngå denne situasjonen har kommunestyret vedtatt å dekke denne inntekta opp mot fond, viss me ikkje lukkast i å få ekstraordinære inntekter. Rådmannen hadde forslag om å ta ein gjennomgang av administrativ organisering og teneste-produksjonen for å få ei enklare og meir effektiv drift. Dette slutta kommunestyre seg til og talfesta innsparingane til i størrelsesordenen 3 årsverk (1-1,5 mill). I budsjettforliket på Stortinget og p.g.a. feil i budsjettet fekk Bokn ei styrking av budsjettet på ca kr. 270 000,-. Der var og enighet om ikkje å legga ned Bygda-bladet, men å auka abonnementsprisen til 300,- kr., noko som vil føra til ei styrking av budsjettet på 50 000,- kr. Fleirtalet i kommunestyret (KRF, SP;AP) vedtok så i tillegg ein reduksjon i ordførarstillinga og i godtgjerdsla til dei folkevalde med ei innsparing på 150 000,-. Samtidig vedtok dei å bruke pengane opp på ei generell styrking av skulen, på 170 000,-kr., oljegrusing av Arsvegen, på 226 000,-kr., og nokre mindre beløp til Destinasjon Haugaland, ambu-lansen og sceneteppe. Fleirtalet vil og behalde sommarjobb for ungdom. Mindretalet(H ) hadde forslag om å sette av sparte beløp, 400 000,- kr., til dekking av uforutsette ting som vil dukke opp og ta ei vurdering i revidert budsjett om kva me har råd å bevilge pengar til. Mindretalet vil og ta ein gjennomgang av den politiske organiseringa, inkl. ordførarstillinga. Fleirtalet vil investere for 700 000,- kr. i ombygging på legekontor, nærmiljøanlegg, lysarmatur og småbåthavn dekka av kapitalfond. Mindretalet vil investere 570 000,- kr. stort sett til dei same ting, unntatt lysarmatur. Det som gjer meg svært bekymra, og som gjer at budsjettvedtaket er heilt uansvarlig, er at fleirtalet ikkje viser vilje til å redusere budsjettet, heller auke pengeforbruken, når Bokn kommune er i ein så vanskelig økonomisk situasjon og må ha ein reduksjon av driftsnivået, som dei og har stemt for. Arbeidet med å får eit godkjent budsjett nå blir endå vanskeligare og det må til ei endå sterkare innsparing enn det som var utgangspunktet. Noko som ytterligare forsterkar denne bekymringa er at Bokn kommune vil gå med eit underskot på fleire hundre tusen, kanskje over ein million, kr. i 2004 som og må dekkast inn. Situasjonen er nå med fleirtalsbudsjettet at Bokn kommune har brukt opp fondsmidlane og står foran store nedjusteringar, les reduksjon av stillingar, av budsjettet for å få skikk på økonomien igjen. Ordførarstillinga Eg har heller ikkje fått nokon klarhet i kva eg ikkje skal utføre av oppgåver. Dette vil medføre at ordføraren blir vanskeligare å treffe, ikkje kan ta opp og forfølgje saker som de som innbyggarar er opptekne av. Det blir og mindre tid til å ha kontakt med næringslivet og drive næringsutvikling for å skape arbeidsplassar som Bokn er heilt avhengig av. Det vil og bli mindre tid til å gjere Bokn sine interesser gjeldande på Haugalandet og i Rogaland. Eg trur det vil bli negativt for Bokn og lokal-samfunnet her at ordføraren nå blir redusert til ein intern møteleiar, og eg saknar ein diskusjon om saka. Dette blei ikkje nokon god avslutning av året men eg vil takke alle for året som har gått og ønsker alle ei fredfull og God Jul og eit trygt og Godt Nytt År. Svein Ove |
|
November 2004 Budsjett 2005 Det blir nå jobba mot Kommunaldeparte-mentet og Fylkesmannen for å sikre at me får inntekter til bl.a. momskompensasjon, Kommunestrukturdebatten går for så vidt vidare utan at dei store tinga skjer. Det er meininga at kommunane skal få fleire forslag til organisering ut på høyring. Det har ikkje skjedd endå og me avventar det. Samstundes ser Bokn og Tysvær på å lage ei sak om konsekvensutredning om samanslåing av dei to kommunane. Eg trur dette bør gjerast for å få vita kva konsekvensane kan bli, både fordeler og ulemper, ved ein eventuell samanslåing. Me får då noko konkret me kan ta stilling til for å danna oss eit bilde om det vil var rett eller galt for Boknasamfunnet å vurdera ein kommunesamanslåing nå. Ein vil og ligge i forkant av prosessen og utviklinga med sterke krefter som vil ha kommunesamanslåingar i Norge, om nødvendig med tvang. Dette betyr ikkje at ein seier ja til nokon samanslåing. Det vil bli ein eventuell folke-avstemming som vil avgjer det. Sak om konsekvensutredning vil sannsynligvis komma opp til behandling i kommunestyre etter nyttår. Knarholmen Kommunen har og gitt tilbud til Johannes Handeland om kjøp av tomt i næringsområdet til kontor og produksjonsbygg, og det er å håpa at denne etableringa kjem på plass. Det har og vore i kontakt med interessentar som ser på området nord i fiskerihamna. For å få mulighet for etablering her vil kommunen nå sjå på ein omregulering av området heilt nord i hamna frå fiskeindustri til meir generell næringsverksemd. I dagens Norge er det svært vanskeleg å sjå for seg ei etablering innan fiskeindustri, og me kan ikkje la området ligge uvirksomt viss det kan nyttast til anna formål. Vegnett Sjølvsagt er det ingen som ønsker bom-stasjonar, men for å realisere heilt nødvendige vegutbyggingar på Haugalandet er bompengar eit nødvendig onde. Svein Ove |
|
September Nausttomtsal Under salet blei det gjort fleire feil som gjorde at saken fekk stor overskrift og omtale i Haugesunds avis. Bokn formannskap hadde et ekstraordinært lukka møte den 16/9 for å gå gjennom saken, og fatta følgjande vedtak: Bokn formannskap finn grunn til å retta sterk kritikk til Bygdabladet som ikkje tok inn annonsa og til administrasjonen for mangelfull oppfølging av annonseringa før salet blei gjort og feil gradering i sak/arkiv systemet. Frå nå av skal alle sal av eigedommar skje via meklar, og rutinar ved gradering av dokument skal gås gjennom og endrast. I tillegg har ein fått ei vurdering på om der er grunnlag for å trekke saken tilbake, og det kom fram at det er ingen ting som tyder på at kommunen kan trekke saken tilbake. Lege Kyrkja Kollektivrutene Det ser ut til at endringane ikkje får dei store konsekvensene for Bokn. I ei høyring om kollektivtilbodet har formannskapet uttala at reisetida ikkje må forlengast ved skifte av buss, nattbussen til Kårstø må fortsette til Bokn når det er passasjerar, og at ungdomskortet må gjelde for Kystbussen. Svein Ove |
|
August 2004 Sein sommar Marknadsdagen Sommaren er ei roleg tid i det politiske liv, og er endå ikkje komme skikkeleg i gong. Tida nyttar eg til å rydda litt på kontorpulten og leggje planar for kva me skal gjere utover hausten. Opprydding 1 Opprydding 2 Får komme med meir spennande informasjon i neste nr. av Bygdabladet. Svein Ove |
|
Juni 2004 Kommunestrukturen Etter mitt skjønn tar prosessen eit litt feil spor. Det blir for lite fokus og diskusjon om kva oppgåver kommunane og for den saks skyld fylkene skal driva med, og berre diskusjon om kor mange kommunar me skal ha og kor grensene skal gå. Eg meiner kommunane skal få mest mulig frihet, at me får eit levande lokaldemokrati. Det er best for at me skal få ønska utvikling. Regjeringa prøver å gi kommunane meir lokal sjølvråderett gjennom avvikling av øyremerka midlar og større mulighet til lokale løysingar t.d. i barnehagedrifta. Så opplever me at fleirtalet på Stortinget ikkje vil fjerne øyremerka midlar og legg seg opp i drifta av kommunen, bl.a. kor stor søskenmoderasjonen i barnehagen skal vere. Dette er sentralstyring og viser at det blir vanskeleg for kommunane å få meir påvirkning over egen utvikling. I arbeidet med å få meir lokal styring meiner regjeringa at me må ha kommunar som er robuste til å ta denne utviklinga og dermed at kommunane må bli større. Andre ønsker færre kommunar fordi me ikkje treng så mange og vil effektivisera Norge i og med at Stortinget skal bestemma kva og på kva nivå tenestene til dykk skal ha. Oppi dette pågår altså prosessen om kommunestrukturen i Norge, og me på Bokn blir innvolvert. Det er ikkje nå realistisk å sjå for seg ein stor kommune på Haugalandet og Bokn er svært utsatt som egen kommune, der Arbeiderpartiet, Fremskrittspartiet og Høyre har sagt at Bokn er for liten for dei framtidige utfordringane kommunane står foran. Dei andre partia ser og for seg ei endring, men er ikkje så konkrete. Kommunestyret har samrøystes vedtatt at me skal delta i prosessen, påvirka den til å bli best mulig og samtidig førebu ei sak, saman med Tysvær, om og korleis ei eventuell konsekvensutredning om kommunesamanslåing skal gjennomførast. Kommunestyret skal sjølvsagt avgjera om ei slik konsekvensutredning skal gjennomførast. Næringsutvikling For dei som ønsker hjelp eller støtte ved næringsetablering skal kontakten fortsatt vere ordførar eller rådmann på Bokn. Eg trur at dette vil medføre eit betre tilbud til etablerarar, kontaktnett og mulighet for næringsutvikling på Bokn. Det er å håpa at fleire kommunar sluttar seg til dette samarbeidet etter kvart. Fri skuleskyss Kulturmidlar 2004 Vil til slutt ønske alle ein riktig god sommar. Svein Ove |
|
Mai 2004 Så er endeleg våren komen med varme og lyse fine dagar. Dette gir oss ein ekstra energi og vilje til å stå på vidare for Bokn Fiskemottak AS Rekneskapen for Bokn kommune 2003 Sjukefråvær Servicetorget ADSL 17. mai Velkommen. Svein Ove |
|
April 2004 Hei! Bokn Fiskemottak AS Lykkast ikkje det vil me prøve å få annan aktivitet i bygget. Det er vårt mål at flest mulig kan få ein arbeidsplass her igjen. Kommuneplanprosess Forslaga vil bli tatt med i kommuneplanen og bli innarbeida i budsjetta etter kvart, noko kan me kanskje få til allereie i år. Det er viktig at me alle engasjerer oss i framtida og bidrar til ein god utvikling, dette er ikkje noko som kommunen åleine kan få til. Vatn og avløp Saksbehandlingsgebyr Foreldrebetaling i SFO Det er beklageleg at kommunen må ta desse gebyra, men ein pressa økonomi gjer at kommunestyret vil ta desse gebyra framfor å redusera drifta tilsvarande. Alle desse endringane vil bli gjort kjente. Sjølv om dette blei mykje negativt får eg ønske alle ein god påske. Svein Ove |
|
Mars 2004 Omsorgsbustadene Kommunestruktur Kommunane sitt forbund (KS) og Kommunaldepartementet er blitt enige om å køyre ein slik prosess og arbeidet vil starte opp snart. Det blir KS-styret i Rogaland som er ansvarleg for prosessen her. Bokn kommune er invitert til å delta i denne prosessen. Det er svært sannsynleg at Storting og regjering vil gjere noko med kommunestrukturen, og viss det ikkje skjer frivillig vil dei sterk La det ikkje vere nokon tvil om at Bokn kommune klarar seg godt, og det er ikkje noko akutt behov for at me skal bli slått saman med Tysvær. Det er likevel Formannskapet si oppfatning at det vil vere galt, og ikkje vil bli forstått, om me ikkje skulle delta i prosessen. Formannskapet vil og delta for at me sjølv kan vere med å styre og sette krav i prosessen. Det vil nå bli sett på korleis me kan delta i prosessen, og det vil bli ei sak til Kommunestyret for å avgjere om og korleis me skal arbeide i denne prosessen. Vil då komme tilbake med meir informasjon om denne svært viktige saken for Bokn. Rogfast Svein Ove |
























