|
Einingsleiar pleie og omsorg. Bokn er ein liten og oversiktlig kommune som har fokus på å skreddarsy tenestane etter innbyggjarane sine behov. Vi er i stadig omstilling for å kunne møte endringar i brukarbehova. Det handlar om å balansera gapet mellom ressursar og forventningar, og mellom behov og tilgang på kvalifisert arbeidskraft. Vi er på jakt etter ein driftig og dynamisk leiar som saman med brukarar, sine medarbeidarane og tillitsvalte tar ein aktiv rolle i arbeidet med å vidareutvikle kommunens pleie og omsorgstenester. Leiaren må ha eit sterkt ønskje om å skapa resultat saman med og gjennom andre. Samt evne til å skape kultur for utvikling og nyskaping. Det forventast at leiaren tar ansvar for en optimal bruk av einingas ressursar, og forbetrar og utviklar måten oppgåvene løysas på. Eininga består av Sjukestova som har ansvar for å gje innbyggjarane i Bokn kommune eit samordna tenestetilbod innanfor pleie og omsorg, bemanna bu einingar til funksjonshemma, dagsenter for eldre og dag tilbod for demente. Vaktansvarleg sjukepleiar er ein del av den kommunale akuttmedisinske beredskapstenesta. Eininga har eige kjøkken som serverer heimelaget middag og kaffimat kvar dag til bebuarane, samt reinhaldstenestane på Boknatun. |
|
Vi søkjer ein einingsleiar som:
Krav til stillinga:
Personlege eigenskapar vil bli tillagt avgjerande vekt. Vi er på jakt etter ein person som er: tydeleg, strukturert, prosess- og løysningsorientert, inkluderande og med stor arbeidskapasitet. Einingsleiar vil ha ansvar for drift, personale, kvalitet, utvikling og økonomi i eininga. Einingsleiar rapporterer til seksjonssjef for helse, sosial og barnevern og er medlem i seksjonens leiargruppe. Vi kan blant anna tilby unike og meiningsfulle oppgåver, faglig utfordrande jobbinnhald i stadig endring. Løn etter avtale.
Frist for innsending av søknad: 21.04.2013 |























