Ledige stillingar
Ledig stilling som Folkehelsekoordinator
Bokn kommune er ein naturskjønn øykommune i vekst, med vel 830 innbyggjarar. Kommunen ligg sentralt plassert midt imellom Stavanger og Haugesund. Begge byane kan ein på kort tid nå via vestlandet si hovedfartsåre E 39, som går gjennom Bokn kommune.
Kommunen sitt sentrum ligg i Føresvik, kor skule, barnehage, sjukeheim, lege, butikk, kommuneadministrasjon o.a. ligg i kort avstand til kvarandre.
Bokn kommune ønskjer at kommunen skal vere ein god kommune å bu i for alle innbyggjarane, og har difor i kommuneplanprogrammet sett opp folkehelse som eit av dei viktigaste satsingsområda i den komande kommuneplanen.
Kommunen har og søkt om og blitt tatt opp som partnerskapsskommune innan folkehelse med Rogaland fylkeskommune og Fylkesmannen i Rogaland.
I Bokn kommune skjer det allereie mykje godt folkehelsearbeid, gjennom prosjektet ”kjekt på Bokn” som blei starta i 2006, på grunnlag av følgjande verdiar
· Eit samfunn der innbyggjarane er ENGASJERTE og tar ANSVAR
· Vilje til å DELTA
· Eit samfunn der med BRYR OSS om kvarandre
· UTFORDRA kvar andre til å delta i aktivitetar i bygda
· DUGNAD/SAMARBEID for å skapa noko positivt i lag
· Gjera ein innsats i bygda og for nærmiljøet UTAN AT EIN MÅ HA BETALT for det
· Skapa naturlege SAMLINGSPLASSAR/STADAR der ein kan treffa kvarandre
· Eit samfunn som stiller seg bak og støttar den som har MOT
”Kjekt på Bokn” består i dag av 3 arbeidsgrupper innafor områda ”Ta naturen i bruk”, ”Helse- og trivselsfremjande tiltak” og ”Etablering av nye arbeidsplasser”. Både visjonen ”Kjekt på Bokn”, verdiane den byggjer på, og arbeidet i dei tre arbeidsgruppene er svært relevante innafor ei brei forståing av folkehelse.
For å ivareta både folkehelsearbeid og “Kjekt på Bokn”, har kommunen oppretta ein 100 % engasjementstilling som Folkehelsekoordinator, ut 2012
Arbeidsoppgåver:
Folkehelsekoordinator sin oppgåve vil bli å samordna og koordinera dei samla kommunale innsatsene innan folkehelsearbeid, så vel offentlege som private, samt utvikla og setje i verk lokale folkehelseprosjekt/tiltak.
Folkehelsekoordinator skal:
- Legga til rette for eit systematisk og langsiktig folkehelsearbeid gjennom forankring i eige planverk
- Arbeide for utjamning av sosial skilnad
- Ivareta hensynet til universell utforming
- Ha eit målretta førebyggjande arbeid på følgande satsingsområde:
- auka fysisk aktivitet
- betre kosthald
- psykisk helse
- tobakkskader
- rus
Då hensikt og målsetjing innanfor folkehelsearbeid og “Kjekt på Bokn” ligg så tett opp mot kvarandre, og fleire områder overlappar kvarandre, så vil Folkehelsekoordinator og få i oppgåve å vidareføre arbeidet med “Kjekt på Bokn”
Kvalifikasjonar:
Me ønskjer ein person som gjerne har helse- og sosialfagleg utdanning, men anna relevant kompetanse og erfaring vil og vurderast.
Personen me søkjer har ståpå-vilje, er god til å kommunisera og byggja nettverk, virkar motiverande og får folk til å jobba i lag, er løysingsfokusert og ser moglegheiter.
Stillinga vert organisatorisk lagt i stab hjå Rådmannen, og vil også måtta pårekna tett samarbeid med kommunen si øvrige leiargruppe.
Løn etter avtale.
Søknad med CV sendest til:
Bokn kommune
Boknatun
5561 Bokn
Søknadsfrist vert sett til 31.07.2010
For nærare opplysningar om stillinga, ta kontakt med:
Seksjonssjef Helse, sosial og barnevern, Tore Bøe Olsen: 52 75 25 34 / 982 21 503
Kvalifikasjonar:
Me ønskjer ein person som gjerne har helse- og sosialfagleg utdanning, men anna relevant kompetanse og erfaring vil og vurderast.
Personen me søkjer har ståpå-vilje, er god til å kommunisera og byggja nettverk, virkar motiverande og får folk til å jobba i lag, er løysingsfokusert og ser moglegheiter.
Lærarstilling - barnesteget
Har du lyst på lærarjobb i Bokn frå 01.08.2010? Vi kan tilby trivelege elevar og kolleger, og ein godt utstyrt skule.
Klassane er ikkje av dei største, og løn skal du også få.
Bur du til dømes i Haugesund tek det bare 40 minutt å køyre hit, fleire av våre lærarar gjer det
Fekk du lyst til å søkje?
Ring gjerne seksjonssjef Dag Halvorsen 90728092 dersom du treng fleire opplysningar.
Søknad med CV gjerne på e-post til dag.halvorsen@bokn.kommune.no. eller til Bokn kommune, 5561 Bokn.
Søknadsfrist snarast.
Kokk m/fagbrev (65,5%-stilling) ved kjøkkenet på Bokn sjukestove
Bokn sjukestove har ansvar for å gje samordna tenester innan pleie- og omsorg i Bokn kommune. Dvs. både institusjonsbaserte og heimebaserte tenester blir ytt frå Bokn sjukestove.
Ved kjøkkenet på Bokn sjukestove har me ledig fast stilling som kokk m/fagbrev, med stillingsstorleik på 65,5 %
Stillinga er ledig frå 15.06.10
Søknadsfrist vert sett til 04.06.10
Tilsetjing skjer etter gjeldande lovar, forskrifter og regelverk. 2% trekk til innskott i kommunal pensjonsordning. Den som blir tilsett, må rette seg etter dei endringar i organisasjons- og arbeidstilhøva som blir fastsette.
Søknad med attestar og vitnemål skal sendast til:
Bokn kommune
Seksjon helse, sosial og barnevern
Boknatun
5561 Bokn
Spørsmål om stillinga kan rettast til einingsleiar Marit Hetland, 52 75 25 30 eller seksjonssjef Tore Bøe Olsen, 52 75 25 34
Kyrkjelydspedagog – 20%-stilling
Arbeidsoppgåvene vil bestå i å legge til rette for og gjennomføre dei tiltaka som ligg i trusopplæringsplanen for Bokn sokneråd, då særleg med vekt på alderstrinna 4 til 15 år.
Vi søkjer ein person som trives med å jobbe med barn og unge og har relevant utdanning for eksempel innan pedagogikk, kristendom eller teologi. Ein kan pårekne eit visst samarbeid med andre sokn i Haugesund prosti. Den tilsette må vera medlem av den norske kyrkja.
Nærare opplysningar hjå kyrkjeverja tlf. 52 75 25 47 eller 934 15 440.
Skriftleg søknad med CV, referanser og attester vert å senda til:
Bokn Sokneråd, Postboks 18, 5561 Bokn









































