Hopp til innhold
  •    
  • RSS
  • Skriv ut denne sida
  • Kontakt oss
  • Nettstadkart
  • Kringle
  •    
  • A
    A
    A
  • English infopage Deutsch Infos
Du er her: ForsidePil Bokn » Sentrum
15. okt 2008

Føresvik

Føresvik er sentrum og administrasjonssenteret i Bokn, og her finn du samla både bank, post, helsestell, bibliotek, kino, kommunale- og statlege kontor, skule, barnehage, bustadfelt, idrettsanlegg, butikk, gjestehamn, plastindustri og snøggbåtkai.

Flaggruten har daglege avgangar til både Stavanger, Haugesund og Bergen. I tillegg er det daglege bussavgangar til og frå Føresvik, via  Aksdal og Haugesund. Det bur om lag 200 menneske i Føresvik.

Namnet ”Føresvik” kjem av av det gamalnorske fyri som tyder eit område som blir tørrlagt ved fjøre sjø. Føresvik tyder altså vika der mykje av stranda blir tørragt ved fjøre sjø.

Føresvik er ein av dei eldste husmannsplassane på Bokn og låg under garden Sæbø. Staden var busett alt på 1600-talet og blei gjestgjevarstad kring 1660. Dette var siste staden reisande kunne ta inn før dei kryssa fjorden og den fyrste staden for dei som kom frå sør. Føresvik var ein sentral stad for distriktet gjennom heile 1700- og 1800-talet.

Det har vore handel i Føresvik, eller ”Vigjå”, heilt sidan 1790, og på midten av 1860-talet blei det også oppretta postopneri her. I tillegg har det vore både hermetikkfabrikk, sildesalteri, sildoljefabrikk, krabbefabrikk, smed, frisør, kafféar, snekkar- og møbelverkstad, skipsekspedisjon, meieri og telefonsentral på ”Holmen” i Føresvik.

Sidan ”D/S Ryfylke”, det fyrste ruteskipet i Noreg, la turen innom Føresvik på sjølve jomfruturen i 1855, har Føresvik vore stoppestad for rutebåtar. Nattruta hadde også faste anløp av Føresvik til ho blei lagt ned i 1974.

Komponisthytta til Edvard Grieg låg like sør for Føresvik og blei brukt som hønsehus på Heimdal-garden. Hytta står nå ved Ullensvang Hotell i Hardanger.

Sjå kart her.

Aktuelle lenker:

Tide hurtigbåt
Tide buss
Coop Marked Bokn
Bokn Plast/High Comp AS
Sparebank 1 SR-Bank

 

Forrige mån
september 2010
Neste månad
ma ti on to fr
     2 4
6 9 11
20 21 23
     
Kva bør det nye anlegget i Føresvik indre hamn innehalda?
a) Blometårn
b) Fyrlykt
c) Færing med blomar
d) Informasjonstavle
e) Varde
Antall svar hittil: 60
b) Fyrlykt: 65.00%
c) Færing med blomar: 13.33%
d) Informasjonstavle: 18.33%
e) Varde: 3.33%

PDF
Gratulerer!
Ledige tomter
Friskis & Svettis
Lenker
Bilder
Haugaland Vekst
Webkamera
Kino
Telefonkatalogen
Legekontor
Vervarsel
Haugaland Interkommunale Miljøverk
Petra
Kommuneplan
Bokn kyrkje
Vannanalyser
Haugesundregionen
Heimdal
Boknatun, 5561 Bokn – Tlf 52 75 25 00 – Fax 52 75 25 15 – E-post Bokn kommune: post@bokn.kommune.no – E-post Bokn Bygdablad: post@bygdabladet.no