Hopp til innhold
  •    
  • RSS
  • Skriv ut denne sida
  • Kontakt oss
  • Nettstadkart
  • Kringle
  •    
  • A
    A
    A
  • English infopage Deutsch Infos
Du er her: ForsidePil Politikk » Ordførar
26. jan 2011

Dette er BoknOrdførar Kyrre Lindanger

Du er nå inne på heimesida til ein av landets minste kommunar. Bokn er ein øykommune på 47 km2 i Rogaland fylke, og det bur om lag 820 innbyggjarar her. I dag knyt tre bruer øyane saman og gjer dei til fastland med resten av Haugalandet. Saman med ferjestøa i Arsvågen er Bokn blitt porten mellom to av landets rikaste regionar.

Bokn har vore eigen kommune heilt sidan 1850 og er Haugalandets eldste kommune, og den kommunen i Rogaland med dei eldste, opprinnelege kommunegrensene. Namnet Bokn betyr ”sjømerke” eller ”seglingsmerke”. Boknafjellet har med sine 294 meter over havet hatt same funksjon som eit moderne fyrtårn.

Boknafjellet er det høgaste punktet i ytre Ryfylke, og er difor eit kjent seglingsmerke. Kommunevåpenet er varden – vegvisaren. Gjennom tallause generasjonar har systemet av vardar langs kysten, og sjølve Boknafjellet, vist ferdafolk trygg lei.

Føresvik er administrasjonssenteret i Bokn, og her finn du samla både bank, post, helsestell, bibliotek, kino, kommunale- og statlege kontor, skule, barnehage, bustadfelt, idrettsanlegg, butikk, gjestehamn, plastindustri og snøggbåtkai med daglege avgangar til Stavanger og Bergen.

E39 går gjennom kommunen, og frå Bokn til Haugesund er det ei reisetid på ein snau halvtime, og eín time til Stavanger. Med realisering av T-sambandet og Rogfast, blir regionen knytt endå tettare saman, og reisetida Stavanger-Bokn-Haugesund blir korta ytterlegare ned.

Bokn kan tilby bustadtomter, næringsareal, barnehageplass, god skule og svært gode omsorg- og pleietilbod for eldre. Bokn har ein variert natur med kort veg til sjø og dermed ypperlege høve for friluftsliv. Det er eit levande og mangfoldig lag- og organisasjonsliv i kommunen.

Det er om lag 120 tilsette i Bokn kommune. Administrasjon og ordførar held til på Boknatun i Føresvik. Kommunestyret er samansett av 17 representantar frå dei fire partia Ap, Sp, H og KrF. Eg blei vald til ordførar ved kommune- og fylkestingsvalet hausten 2007.

I ein så liten kommune som Bokn, er det kort veg mellom innbyggjarar og folkevalde, og dette meinar eg er ein viktig faktor i eit inkluderande og levande demokrati.

Ynskjer du kontakt med meg kan du anten ringe servicetorget på tlf. 52752500, eller direkte på tlf. 52752503 / 916 71 726.

Du kan også senda e-post til kyrre.lindanger@bokn.kommune.no

Du kan også ringe servicetorget viss du ynskjer å snakka med nokon i administrasjonen.

Kyrre Lindanger
ordførar

Informasjon:
Ordføraren er den fremste representanten for kommunen. Underskrifta hans er forpliktande for kommunen, i samsvar med lovverket og etter dei vedtak som formannskapet og kommunestyret gjer. Ordføraren leiar møta i kommunestyret og formannskapet og set opp saklista til møta.

Ordføraren representerer kommunen ved offisielle tilstelningar og har i det heile ansvaret for den kommunale representasjonen. Etter lova har han rett til å vera med på møte i alle kommunale utval, styre og råd.

Forrige mån
mai 2013
Neste månad
ma ti on to fr
     1 2 4 5
7 8 9 10 11
13 14 16 18 19
20 21 23 24 25
27 28 29 30    
Skal du nytte deg av nattbusstilbodet til Bokn?
Ja
Nei
Veit ikkje
Antall svar hittil: 66
Ja: 36.36%
Nei: 50.00%
Veit ikkje: 13.64%

PDF
Gratulerer!
bygdekinoen
Møteplanar
Med ord i bilder
Lenker
Turbonett
Friskis & Svettis
Bilder
Telefonkatalogen
Vervarsel
Heimdal
altibox
Boknatun, 5561 Bokn – Tlf 52 75 25 00 – Fax 52 75 25 15 – E-post Bokn kommune: post@bokn.kommune.no – E-post Bokn Bygdablad: post@bygdabladet.no