Har du krav på bustøtte?
Bustøtte er ei statleg støtteordning som blir administrert av Husbanken og kommunane.
Den skal bidra til at pensjonistar, barnefamiliar og andre hustandar med svak økonomi skal kunne skaffa seg eller blir buande i ein kvalitetsmessig god bustad.
Fleire kan få bustøtte fra 1. juli - nytt regelverk.
Bustøtte er ein statlig økonomisk støtteordning for dem som har høge buutgifter og låg inntekt. Nye reglar gjer at mange fleire vil ha rettigheitar etter denne ordninga frå 1. juli i år. Bustøtte er ein rettighet, og det er enkelt og ubyråkratisk å søkja. Husbanken forvaltar ordninga, men det er kommunen som mottar og behandlar søknadane.
Kven kan få bustøtte?
Har du høge buutgifter og lav inntekt, kan du kvalifisera for bustøtte. Alle over 18 år kan få støtte, med unnatak av studentar uten barn og militære. Disse har eigne ordningar.
Bustaden du søkjer bustøtte for, må være ein godkjent helårsbustad. I tillegg må det vera ein sjølvstendig bustad med bad/toalett, kjøkkenfunksjon og eigen inngang. Hvis du leiger eit rom i en annan sin bustad, kvalifiserer du altså ikkje for bustøtte.
Storleiken på bustøtta er tilpasset dei reelle utgiftene og inntektene i husstanden. Støtta auker når utgiftene auker og reduserast når inntektene auker, men det er ein nedre og ei øvre grense for ko mykje støtte du kan få. Du må betala ein del av buutgiftene sjølv. Storleiken på denna eigenandelen er avhengig av husstandens samlede inntekt. I buutgiftene inngår blant anna husleige, fellesutgifter i borettslag, renter, avdrag og vanlige gebyrer på bustadlån samt ein del andre utgifter for dei som bor i einebustad.
Behovsprøving
Bustøtten er behovsprøvd, og det er skattbar inntekt fra siste tilgjengelege ligning som leggjes til grunn. Frå første juli auker både grensene for kor mykje man kan tjena, og maksimalt beløp ein kan få utbetalt. Alle som har lav inntekt og høge buutgifter bør derfor ta kontakt med servicetorget i Bokn kommune for å høyra om ein kan vera støtteberettiga for bustøtte.
Søknad
Bustøtteskjema finn du ved her:
Du når oss på telefon 52752500.
Søknad med dokumentasjon sendes Bokn kommune, Boknatunvegen 13, 5561 BOKN. Merk konvolutten ”Bustøtte”.
Fyrste søknadsfrist etter dei nye reglane er 14. juli. Deretter er søknadsfrista den 14. i kvar månad. Bustøtta blir utbetalt ca den 10. kvar månad.
Du finn meir informasjon om bustøtte på Husbankens nettsider, husbanken.no. Der kan du også lasta ned søknadsskjema.
Les meir om ordninga på Husbanken si heimeside, www.husbanken.no























