Hopp til innhold
  •    
  • RSS
  • Skriv ut denne sida
  • Kontakt oss
  • Nettstadkart
  • Kringle
  •    
  • A
    A
    A
  • English infopage Deutsch Infos
Du er her: ForsidePil Bokn » Kommuneblom
05. aug 2009

KommuneblomenKusom

Etter ope folkeavrøysting våren 1998 blei kusymre (kusom på dialekt) valt til Bokn sin kommuneblom. Over 35% av innbyggjarane stemde,
og kusymra fekk heile 60% av stemmene blant fem blomeslag. Dei andre fire var blåklokker, løvetann, klokkelyng og røsslyng.

Når kusymra tittar fram er det vår i Bokn. Då er det tid for å sleppa kyrne på beite, og dette har gitt planten namn. Det er ein gammal tradisjon å pynta med kusymra til 17. mai. Blomen sit i minnet til eldre boknarar, og allerede i 1929 står det om han i boka "Mindebogen for Boknefolket".

Om kusymra: 
I Noreg finn me kusom (nøkleblomfamilien ) frå Aust-Agder til Nordland, men med tyngdepunktet på ytre Vestlandet. Planten veks også i Danmark, men ikkje i Sverige og Finland.

Planten blømer tidlig om våren, såleis spelar han noko av same rolle på Vestlandet som blåveis gjer på Austlandet. Og på same måte som med blåveis på Austlandet har det vore vanleg at barn skulle eta den første kusomen dei fann om våren!

I motsetning til den nære slektningen marianøkleblom, som har ein stengel med fleire blomar, kjem blomsterstilkane med enkeltblomar direkte frå rota.
Når han er avblomstra, blir blomsterstilkane slappe og legg seg pladask på bakken med kapselfruktane liggjande på jordoverflata. Fruktane inneheld frø som kvart har
eit lite vedheng, eit "elaiosom", som verkar svært tiltrekkande på maur. Maur hentar ut frøa og fraktar dei med til tua. På denne måten er det altså mauren som hjelper til at kusomen sprer seg.
 
Sit i minnet
"Det var pent i Bokn om sommeren naar græsset stod høit og med alle slags variationer av blomster. Husker du Terletungen, den gule og røde og blaa? Husker du Hjertegræsset og den deilige blomst, Kusommer?".
Frå "Mindebogen for Boknefolket" 1929.


Når kusommen blomstre blir det uro på båsen!          
Nautå lyfte på halen “me vil´kje ver her.
Me vil ut i graset, det e der det skjer.
For kusommen blomstre i åsen!”

Når kusommen blomstre e det liv laga!
Homlå flyr te homlå flyr fra
I ein dag så blei ganske bra.
Graset står grønt ront ei kukaga!

Kjetil Hamre


Eg eig slik ei gleda
i tre kusymrer spede,
dagen dei såg i kring jul.
Dei står i litt mold mellom hatl og ur
lyser så gildt sjølv om dagen er sur.
Til nattelivd legg eg ein brakje på plass
den verna dei godt, grøn - men og kvass
dei talar til meg desse tre.
Gul og vakker i januar
naturen har gjort ein vri
han er ute reint før si tid - blomen.

Molda ligg svart og tung
undrast, er våren komen
mi kusymre ung.
Å nei seier brakjen
eg blomen lyt verne,
lite sol, mørket sig på,
det lyser ei stjerne,
den gir ingen varme,
vel er eg kvass,
men mellom nålene, tette og små
ligg varmen eg har å gi.

Elise Kro

 

Forrige mån
august 2010
Neste månad
ma ti on to fr
             1
2 3 4 5 6 7
9 10 12 13 14
16 17 19 21
23 28
         
Kva bør det nye anlegget i Føresvik indre hamn innehalda?
a) Blometårn
b) Fyrlykt
c) Færing med blomar
d) Informasjonstavle
e) Varde
Antall svar hittil: 64
b) Fyrlykt: 67.19%
c) Færing med blomar: 12.50%
d) Informasjonstavle: 17.19%
e) Varde: 3.13%

PDF
Gratulerer!
Ledige tomter
Friskis & Svettis
Lenker
Bilder
Haugaland Vekst
Webkamera
Kino
Telefonkatalogen
Legekontor
Vervarsel
Haugaland Interkommunale Miljøverk
Petra
Kommuneplan
Bokn kyrkje
Vannanalyser
Haugesundregionen
Heimdal
Boknatun, 5561 Bokn – Tlf 52 75 25 00 – Fax 52 75 25 15 – E-post Bokn kommune: post@bokn.kommune.no – E-post Bokn Bygdablad: post@bygdabladet.no